Omstilling

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland (HNH)

Skal leverandørindustrien ha ei god framtid, må dei strukturelle problema løysast med omstilling, innovasjon og nyskaping.

Meir om handlingsprogrammet (HNH)

Petroleumsindustrien møter for tida store utfordringar. Skal leverandørindustrien til olje- og gassektoren ha ei god framtid, må dei strukturelle problema løysast med omstilling, innovasjon og nyskaping. Ansvaret for dette ligg primært hos næringsutøvarane, men myndigheiter, nasjonalt og regionalt, kan medverke ved å gjera noko med rammetilhøva for denne industrien, og ved å stimulera og støtta konkrete tiltak og prosjekt.

Hordaland fylkeskommune har leiaransvaret for strategisk samordning regionalt og skal vere ein mobiliserande og koordinerande aktør overfor kommunane, regionale aktørar, næringsliv og anna samfunnsliv. Eit internasjonalt fokus er viktig i arbeidet med å fremje omstillingsdyktige regionar.

Det er mykje kompetanse innanfor olje og gassindustrien som for eksempel kan brukast innan område som marin sektor, helse og omsorg, smarte samfunn, rein energi og samferdsel. Samstundes er det veldig vanskeleg for små og mellomstore bedrifter å etablere seg med nye produkt i ein ny marknad eller bransje.

Hordaland har eit eige omstillingsutval leia av fylkesordføraren med representantar frå det offentlege, arbeidstakarorganisasjonane og næringslivet. Omstillingsutvalet arbeider med problemstillingar knytt til utfordringane i olje- og gassindustrien og utviklar ein strategi for dette arbeidet. Strategien er styrande både for utvalet sitt arbeid og for virkemiddelbruken.

Omstillingsmidler og strategi

Her kan du søke om midlar til omstillingstiltak innan petroleumsindustrien i Hordaland.