Relevant kompetanse

Handlingsprogram for nærings- og samfunnsutvikling i Hordaland (HNH)

Gjennom innsats og virkemiddelbruk skal fylkeskommunen medverke til auka innsats innan opplæring, høgare utdanning, internasjonalt samarbeid og rekruttering

Sjå handlingsprogrammet (HNH)

Hordaland fylkeskommune skal vere med å ruste innbyggjarane i Hordaland til å møte framtidige kompetansebehov. Dette skal gjerast ved å vidareutvikle fleksible utdanningsmodellar med meir veksling mellom teoretisk og praktisk læring.

Vi ønskjer også å medverke til at fleire får kompetanse som er tilpassa dei behova næringslivet etterspør. Vi tilbyr finansieringsordningar, tiltak og rådgjeving. Målet er å auke talet på personar som tek fagbrev innan etterspurte fagutdanningar og å auke talet på godkjente lærebedrifter.

Vi vil også legge til rette for at fleire skal kunne ta vaksenopplæring ut frå behova til dei som ynskjer utdanning, og behova til arbeids- og næringsliv. Innan høgare utdanning er målet å etablere nye næringsretta studietilbod, og å auke talet på personar med doktorgrad i næringslivet. 

Tilskotsordningar

Gode døme

Får utdanning på jobben

- No skal eg ha ein pause, og så blir det sikkert ingeniørutdanning på sikt, seier Sivert Veland Olsen (til venstre). 22-åringen jobbar i Kværner på Stord, og har akkurat avslutta ei to-års utdanning som fagteknikar i regi av Kværner og Bergen tekniske fagskole.

Sivert er ein av 100 tilsette i verksemder på Stord som har fått etterutdanning som fagteknikarar i regi av næringa og Hordaland fylkeskommune. Den såkalla Stordmodellen er den einaste i sitt slag i Norge, og eit godt døme på desentralisert utdanning.

Utdanninga starta opp i 2012, då verksemdene Kværner Stord, Wärtsilä, Advantec og Apply Leirvik såg at det kunne bli vanskeleg å rekruttere  arbeidskraft med rett fagkompetanse. Bedriftene gjekk saman om å få til relevant utdanning i eigen region.

- Studiet har vore krevande, med 100 prosent studiar, og 66 prosent jobb. Men eg er glad eg har fått moglegheit til dette. Eg har ikkje trengt å ta opp studielån, seier Sivert Veland Olsvik.