Tilskot til klimaretta tiltak

Hordaland fylkeskommune har sett av tre millionar kronar til utviklingsprosjekt som kan vere med på å løyse klimautfordringane. Prosjekta skal ha eit potensiale for verdiskaping på sikt og kunne bidra til omstilling av næringslivet inn i det «grøne skiftet».

Særleg aktuelle tema for prosjekt i 2016 er miljøvenleg transport, bioøkonomi og kompetanse knytt til miljø og klimavenleg byggenæring i tråd med Handlingsprogram for næringsutvikling (HNH) 2016 og Handlingsprogram for klimaplanen 2016

Aktuelle søkjarar

Målgruppa for midlane er offentlege og private aktørar og organisasjonar. Privatpersonar kan ikkje søke. Midlane kan ikkje nyttast til støtte av enkeltverksemder eller til etablerarstøtte. 

Kva kan støttast

Føremålet med utlysninga av midlane er å stimulera til meir berekraftig næringsutvikling og verdiskaping i Hordaland. Ordninga retter seg mot alle typar næringar, næringsmiljø og bransjar.

Søkar må synleggjere korleis prosjektet vil stimulere til langsiktig berekraftig verdiskaping i Hordaland og samtidig bidra til å redusere klimagassutslepp og heve kunnskapen om dette tema i næringslivet. Prosjekt som synleggjer eit ønske om å arbeide med klima på tvers av bransjar er av særskilt interesse.

Midlane kan også nyttast som støtte til forprosjekt som har som mål å utløyse andre nasjonale finansieringsordningar. 

Krav til søknaden

Det kan søkast om medfinansiering til planlegging og gjennomføring av større og mindre utviklingsprosjekt, forstudiar og forprosjekt.

Ramma for utlysninga er 3 millionar kr, men det er ingen øvre ramme for prosjektstørrelse. Midlane kan kombinerast med andre offentlege midlar.

Alle søknadar skal sendast inn  elektronisk på www.regionalforvaltning.no 
Bruk tilskotsordninga Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland (HNH).

Avgrensingar

Støtta frå fylkeskommunen skal ha utløysande effekt på prosjektet. Det vert føreset eigenfinansiering i tillegg til støtta frå fylkeskommunen. Eigeninnsats i form av arbeid kan i tillegg til kapital inngå som del av finansieringa (timesats på inntil 1 promille av årslønn, maksimalt kr 600,- pr. time.) Reine forskingsprosjekt må søke forskingsfinansiering. Midlane kan ikkje nyttast til drift. 

Vilkår for tildeling

Prosjekta skal styrke det næringsretta klimaarbeidet I Hordaland, og utlysninga er forankra både i Regional Næringsplan for Hordaland 2013-2017, Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland 2016 (HNH), Klimaplan for Hordaland 2014-2030 og Handlingsprogram for klimaplanen 2016

Vi rår søkjar til å leggje desse dokumenta til grunn for prosjektutforminga.

Vurdering etter følgjande kriterier

1. Forankring i regionale planar:

  • Treffer prosjektet i høve til mål i Næringsplanen og satsingane i HNH2016?
  • Er prosjektet relevant i høve til mål i Klimaplanen og klimahandlingsplanen 2016.

2. Verdiskaping:

  • Er det sannsynlig at prosjektet vil kunne bidra til verdiskaping/arbeidsplasser i Hordaland på kort og/eller lengre sikt?

3. Klima og miljø:

  • Er det sannsynleg at resultat og/eller prosess i prosjektet vil kunne bidra til reduserte klimagassutslepp (evt også løyse miljøutfordringar) på kort og/eller lang sikt?

4. Prosjektkvalitet:

  • Er det god samanheng mellom mål, aktivitetar og forventa resultat?
  • Er prosjektet gjennomførbart i høve til organisering, kompetanse og økonomi?
Profilbilde av Inge Døskeland
Inge Døskeland
97698358