Etablerarfond for Bergensregionen

Tilskotet skal bidra til gjennomføring av tiltak i tidleg oppstartfase, og gje gründaren kompetanse om marknad og økonomi.

Bergensregionen omfattar kommunane Askøy, Austrheim, Bergen, Fedje, Fjell, Fusa, Gulen, Masfjorden, Lindås, Meland, Modalen, Os, Osterøy, Radøy, Samnanger, Sund, Vaksdal, Voss og Øygarden. Etablerarfondet for bergensregionen er på til saman 2 624 000 kroner.

Aktuelle søkjarar

Målgruppa er etablerarar og ny næringsverksemd som fell utanfor Innovasjon Noreg si ordning med «etablerartilskot til gründerbedrifter med vekstambisjonar og ein forretningsidé som representerer noko vesentleg nytt i marknaden».

Tilskotet vert gitt innanfor rammene av bagatellmessig støtte.

Krav til søknaden

Søknad om tilskot frå dei regionale etablerarfonda må sendast elektronisk og innehalde:

  • Omtale av tiltaket det blir søkt om tilskot til, inkludert målsettingar for tiltaket og relevans for formålet med tilskotsordninga.
  • Plan for gjennomføring, inkludert aktivitetar, tidsplan, organisering og samarbeidspartnarar.
  • Forventa resultat.
  • Budsjett for prosjektet/tiltaket med finansieringsplan.
  • Søknadssum.
  • Andre relevante opplysningar søkaren meiner er viktige for søknaden og andre opplysningar som er spesifisert i kunngjøringa.

Søkjaren skal opplyse om verksemda har søkt om, eller mottatt offentlig støtte frå andre aktørar. Når tiltaket/prosjektet er gjennomført skal tilskotsmottakar levere ein kort rapport med dokumentasjon på kostnadene. 

Prosjekt eller tiltak som det vert søkt om midlar til må vere forankra i ein eller fleire av kommunane i den regionen det vert søkt om tilskot i. Prosjektet skal ha god kvalitet, søkjar skal ha god gjennomføringsevne og etableringa bør innehalda minst eitt årsverk.

Midlane skal tildelast som tilskot på inntil 50.000 kroner til etablerarar og ny næringsverksemd som fell utanfor Innovasjon Noreg si ordning med «etablerartilskot til gründerbedrifter med vekstambisjonar og ein forretningsidé som representerer noko vesentleg nytt i marknaden».

Tilskotet vert gitt innanfor rammene av bagatellmessig støtte.

Vilkår for tildeling

Prosjekt eller tiltak som det vert søkt om midlar til må vere forankra i ein eller fleire av kommunane i den regionen det vert søkt om tilskot i.

Prosjektet skal ha god kvalitet, søkjar skal ha god gjennomføringsevne og verksemda som vert etablert bør innehalda minst eitt årsverk.

Kontaktperson hos Nordhordland utviklingsselskap:

Nordhordland utviklingsselskap IKS, tlf. 56 37 58 88, e-post: post@nordhordland.net . Kontaktperson: Rune Heradstveit.