Entreprenørskap og innovasjon

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland (HNH)

Entreprenørskap og innovasjon oppstår når kompetanse, nettverk og kapital blir kombinert på nye måtar

Meir om handlingsprogrammet (HNH)

Hordaland fylkeskommune skal stimulere til innovasjon og entreprenørskap i regionen. Målet er at Hordaland får fleire gode gründerar, fleire vekstkraftige bedrifter og fleire innovative næringsmiljø.

Hordaland har sterke næringsklynger og forskingsmiljø som gir eit godt grunnlag for entreprenørskap og innovasjon i fylket.

Fylkeskommunen ønskjer å sikre etablerarar god rettleiing og hjelp i alle fasar. Det er viktig at mangfaldet av tiltak for entreprenørskap som blir sett i verk i Bergen også blir gjort tilgjengeleg for heile fylket. Vi finansierer prosjekt, tilbyr rettleiings - og kompetansetenester og støttar opp om nettverk eller grupper av bedrifter.  

Døme på innsatsområde er finansiering som direkte bedriftsstøtte, tilrettelegging for etablerarar, hjelp til profilering og internasjonalisering, og å stimulere til prosjekt og kompetanseutvikling i klynger og næringshagar.

Tilskotsordninger og søknader

Her finn du dei ulike tilskotsordningane og framgangsmåte for å søke om tilskot

Gode døme

Stor interesse for gründeretablering på Voss

Næringshagen på Voss satsar for fullt på gründerhjelp etter at dei fekk seks millionar kroner frå Regjeringa sommaren 2015. Frå før har næringshagen fått økonomisk støtte frå Hordaland fylkeskommune.

– Pengane blir brukt til det beste for næringslivet i regionen, seier dagleg leiar Frode Rokne. Fem prosjekt i Norge nådde opp etter at SIVA i mai lyste ut 30 millionar kroner til næringshagane.

Næringshagen på Voss har som målsetjing å rådgje gründerar i samarbeid med kommunane.

I tillegg til midlar frå Siva, har næringshagen fått midlar frå Hordaland fylkeskommune. 300 000 kroner kom frå fylkeskommunen til etablering og drift, og 600 000 kroner til gründerhjelp gjennom Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland (HNH).

– Næringshagane er viktige verktøy for Hordaland fylkeskommune. Dei gir viktige bidrag for å sikre næringsutvikling i alle delar av fylket, seier næringssjef Mette Nora Sætre.