Tilskot til lokalsamfunnsutvikling (LivOGLyst)

LivOGLyst er eit program og nettverk for dei som ønskjer å vidareutvikle lokalsamfunnet sitt. Føremålet er å styrkja lokalsamfunnet i brei forstand, med omsyn til lokal identitet, bulyst og lokalt næringsliv. Lokalsamfunn i bymiljø, distrikt og større bygdemiljø er velkomen til å søke programmet.

Oppdragsgjevar for LivOGLyst-satsinga er ein partnarskap mellom Hordaland fylkeskommune, Innovasjon Norge Hordaland og Fylkesmannen i Hordaland.

Vi tilbyr

  • LivOGLyst-hovudprosjekt (treårig) vert tildelt finansiell stønad over ein treårig periode (100 000,- kvart år). LivOGLyst-utviklingsprosjekt (eittårig) vert tildelt finansiell stønad over eitt år (50 000,-). Eittårig utviklingsprosjekt dannar grunnlag for mogleg 3-årig deltaking.
  • Finansiell stønad
  • Tilbod om kurs og kompetanseauke
  • Eit attraktivt nettverk saman med andre LivOGLyst-prosjekt i fylket
  • Rådgjeving og oppfølging frå ein fagleg arbeidsgruppe beståande av representant frå Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland og Innovasjon Norge

Vi forventar

  • At arbeidet er inkluderande og legger til rette for at eit mangfald av utviklingsaktørar kjem i dialog med kvarandre (lag- og foreiningar, næringsliv og kommune)
  • Opne mobiliseringsprosessar avgjer kva tiltak ein skal prioritere i utviklingsarbeidet
  • At du tek aktiv del i LivOGLyst-nettverket

Aktuelle søkjarar

  • Lag og foreiningar
  • Kommunar
  • Andre utviklingsaktørar

Initiativet kan kome frå kommunen og andre utviklingsaktørar, men i det vidare arbeidet er det viktig at det er lokalsamfunnet som «bærer» arbeidet nedanifrå og opp. Grendelag og velforeiningar står ofte som prosjekteigar.

Krav til søknaden

Alle søkjarar skal søkje elektronisk gjennom tenesta regionalforvaltning.no

Vilkår for tildeling

  • Krav om kommunal deltaking. Det skal bli utpeika ein kontaktperson frå kommunen. For 3-årig søkjarar er det i tillegg eit krav om at kommunen må medverke med minst kr 30.000 årleg til prosjektet
  • Deltaking i kompetansegjevande nettverk er ein obligatorisk del av LivOGLyst-programmet
  • Rapportering

Søknadsfrist og framgangsmåte

 Søknadsfrist: 26. oktober 2016

 Sjå meir informasjon om LivOGLyst-programmet

Prosjektleiar
Profilbilde av Grete Kathrine Jacobsen
Grete Kathrine Jacobsen
98426287