Unike regionale utviklingsprosjekt

Kommunar kan søkje om utviklingsprosjekt der målet er å skape noko unikt for heile eller deler av fylket. Prosjekta bør ha ambisjonar om å få merksemd og ringverknader i regionen.

Midlane nyttast i hovedsak til investeringsføremål. Grunna stor etterspurnad vert midlane fordelt for to år. Midlar for 2017 og 2018 vert lyst ut saman og utgjer om lag 10,87 millionar kroner med atterhald om uendra ramme i 2018.

Vi viser til sentrale utfordringar og mål innafor regional utvikling omhandla i sentrale planar på område som Regional næringsplan for Hordaland 2013-2017, Handlingsprogram for nærings- ogh samfunnsutvikling i Hordaland 2017 (HNH) og Regional plan for attraktive senter i Hordaland 2015 – 2026. Vi tilrår søkjarar å legge desse dokumenta til grunn for utviklingsprosjekta. 

Aktuelle søkjarar

Prioritert målgruppe for ordninga er kommunar. Organisasjonar og institusjonar kan også fremje søknader, men må kunne dokumentere god lokal forankring og prioritering frå den aktuelle kommunen.

Relaterte dokument

Krav til søknaden

Søkjar må grunngje kvifor prosjektet er strategisk viktig for regionen si utvikling, og forventa ringverknader av prosjektet.

Finansiering frå andre skal dokumenterast ved kopi av vedtak eller tilsegn. Aktørar som støttar søknaden skal dokumenterast ved eventuelle vedtak, støtteerklæringar og liknande.

Prosjekta må ha god lokal medfinansiering. Om dette ikkje er på plass ved innsending av søknaden, ber vi om at finansieringsplan blir ettersendt så snart som råd og før søknaden blir handsama.

Vilkår for tildeling

Ein prioriterer prosjekt som er klar for realisering med ferdig forprosjekt.
Alternativt må planlegging av prosjekta vere avslutta seinast i løpet 2017 og ha oppstart i 2018. Det må synleggjerast at prosjekta er så modne at dette er realistisk.
Det vert stilt krav til realismen i prosjekta og til framdriftsplanane.

Søknader må ikkje vere i strid med EØS-regelverket om statsstøtte. Mellom anna kan det ikkje bli gitt støtte til einskildbedrifter.

Støtta skal gå til investering i prosjekt der ein kan skape noko særmerkt som styrkar kommunen og regionen. Prosjekta bør ha ambisjonar om å verte synlege landemerke i regionen og forvente å ha lokale og regionale ringverknader. 

Ein tek sikte på handsaming av søknadane i Utval for kultur, idrett og regional utvikling (KIRU) 13. september og i Fylkesutvalet 29. september 2017.

Prosjekt som tidlegare har fått midlar

2017

Omdisponering av midlar til Trallebana Skjeggedal 2008 til Lindehuset , Odda 2,0 mill.kr

2015-16

Den nye Hangursbanen, Voss 1,5 mill kr
Hedleberget, Voss 0,26 mill kr
Hardanger Natursenter, Eidfjord 0,5 mill kr
Folgefonnsenteret, Kvinnherad 2,0 mill kr
Sunde Kyst- og litteratursenter, Kvinnherad 2,44 mill kr
Moster Amfi, Bømlo 1,0 mill kr
Nothengjo på Hellesøy, Øygarden 2,0 mill kr
0-meter over havet – overnattingskabiner for padlere, Fjell 0,3 mill kr

2013-14

Ullensvang fleirbrukshall 2,0 mill kr
Folgefonnsenteret 1,9 mill kr
Lindehuset, Odda 3,0 mill kr
Fargeriet, Strusshamn Askøy 1,5 mill kr
2010-12
Os kunst- og kultursenter 3,0 mill kr
Fleirbrukshall i Vaksdal kommune 2,0 mill kr
Litteraturhuset "Bokbadet" 1,5 mill kr
Smelteverkssmia i Odda, "Oddasmio" 0,5 mill kr
Arrangørbygda Voss 5,0 mill kr
Steinriket Bømlo 1,0 mill kr

2008-09

Os kunst- og kultursenter 4,5 mill kr
Kompetansesenter for avansert maskinering 2,0 mill kr
Historisk grunn Onarheim 2,0 mill kr
Trallebana Skjeggedal 2,0 mill kr
Kunstnarhus i Fartein Valen sitt landskap 0,5 mill kr

2007

Nye verkstader ved Vestnorsk kulturakademi 2,0 mill. kr
Odda Vitensenter 2,0 mill. kr
Perler i Nordsjøløypa 2,0 mill. kr
Besøksmål i Folgefonna Nasjonalpark 2,0 mill. kr
Fedje fleirbrukshall 2,0 mill. kr
Folgefonnsenteret 2,5 mill. kr

2006

Marstein fyr, Austevoll 3,5 mill. kr
Stordalen skitrekk, Masfjorden 3,5 mill. kr
Sentrumsutvikling Osøyro, Baronselva, Os 1,5 mill. kr
Innfallsport Jondal 1,5 mill. kr

2004

Ekspressheis Bavallen, Voss 3,0 mill. kr
Dale Fabrikkutsalssentrum, Vaksdal 1,5 mill. kr
Folgefonna informasjons- og nasjonalparksenter, Kvinnherad (steinparken) 2,0 mill. kr

2003

Cruisekai Eidfjord 11,0 mill kr.

Profilbilde av Kari Patricia Kleppe
Kari Patricia Kleppe
90993968