Kompensasjonsordninga for auka arbeidsgivaravgift 2015 og 2016 - utlysing av unytta midlar i Kvam herad

I samband med handsaminga av Plan for bruk av kompensasjonsmidlar i fylkesutvalet den 17. november 2016 vart det gjort vedtak om at unytta midlar i Kvam herad lysast ut på nytt. Det lysast no ut 2,5 millionar kroner til delfinansiering av større næringsretta utviklingsprosjekt i Kvam herad.

Utlysing av unytta midlar i Kvam herad

Prosjekt eller tiltak som det søkast midlar til må vere forankra i Kvam herad. 
Generelt gjeld at midlane skal nyttast i tråd med gjeldande planar for regional utvikling og nasjonale føringar og retningsliner.

Målgruppa for midlane er definert som regionale utviklingsaktørar, kommunane og større bedrifter. Mindre bedrifter og privatpersonar kan ikkje søke.

Søkjar om støtte til bedriftsetablering og utviklingsprosjekt i mindre einskildbedrifter vert oppmoda om å kontakte Innovasjon Noreg eller Hardangerrådet.

På basis av innkomne søknader, vil ei eiga styringsgruppe oppretta av fylkeskommunen,  utarbeide ei utkast til ein samla plan for bruken av kompensasjonsmidlar for 2015 og 2016, inkludert å gjere ei prioritering av kva for prosjekt som skal få støtte og eventuelt kor mykje.

Samarbeidsrådet for Sunnhordland er sekretariat for styringsgruppa.

Innstillinga frå styringsgruppa blir sendt til fylkeskommunen, kor fylkesutvalet har ansvaret for endeleg godkjenning. Det er lagt opp til ein framdriftsplan som inneber at instillinga skal bli handsama i fylkesutvalet i løpet av februar/ mars 2017.

Fylkesutvalet si handsaming av Plan for bruk av Kompensasjonsmidlar for 2015 og 2016 sak 281/2016

I høve fylkesutvalet si handsaming vart det vedteke at unytta midlar i Kvam herad vert lyst ut på nytt.

Prosjekt eller tiltak som det søkast midlar til må vere forankra i Kvam herad.
Generelt gjeld at midlane skal nyttast i tråd med gjeldande planar for regional utvikling og nasjonale føringar og retningsliner.

Om kompensasjonsordninga

Kommunane fekk innført full arbeidsgivaravgift i 2004 og har sida den gong vore med i ei kompensasjonsordning for den auka i arbeidsgivaravgift. Full arbeidsgivaravgift er 14,1 % av lønnskostnadene, medan den reduserte arbeidsgivaravgifta før 2004 var 10,6 %. Midlane for 2015 og 2016 vart kunngjort med ei felles utlysning i 2016.

Den auka arbeidsgivaravgifta har blitt kompensert på to måtar. Alle bedriftene får ein direkte kompensasjon for eit beløp inntil øvre grense for ordninga med bagatellmessig støtte. Dette inneber at bedrifter med lønnskostnader på inntil ca. 15 mill. kr i praksis ikkje betaler meir enn den opphavlege satsen i arbeidsgivaravgift. Dei større bedriftene i desse kommunane må betale full arbeidsgivaravgift av lønnskostnader på over ca. 15 mill. kr. I samband med innføringa av auka arbeidsgivaravgift i 2004 bestemte regjeringa at det dei store bedriftene betalte inn i arbeidsgivaravgift utover 10,6 % skulle tilbakeførast  til kommunen/ regionen. Det er denne tilbakeføringa som utgjer kompensasjonsmidlane for auka arbeidsgivaravgift. Midlane skal nyttast til næringsretta utviklingstiltak.

Årleg blir det sett av ein sum i Statsbudsjettet som kompenserer deler av det dei store bedriftene har betalt inn i arbeidsgivaravgift utover 10,6 %. Denne summen blir overført fylkeskommunen som har ansvaret for å forvalte midlane. Kommunal- og moderniseringsdepartementet signaliserer i tildelingsbrevet for 2016 at Kompensasjonsordninga vil etter ein periode på 15 år bli avvikla etter 2018.

Dei store bedriftene er svært ulikt fordelt i dei fire kommunane i Hordaland. Dei fleste ligg i kommunane Bømlo og Kvam, medan det er få eller ingen slike bedrifter i kommunane Etne og Modalen. Det er difor utforma regionale retningsliner for Hordaland som seier at det meste av kompensasjonsmidlane skal gå til utviklingstiltak i Bømlo og Kvam, men at noko av midlane også skal gå til utviklingstiltak i dei to andre kommunane.

Det er no opna for at regionale utviklingaktørar, kommunane og større bedrifter kan søke om støtte frå kompensasjonsmidlane til finansiering av næringsretta utviklingstiltak. Søknad må sendast via www.regionalforvaltning.no Søknadssystemet er i stor grad sjølvforklarande. Nye brukarar av systemet må registrere seg for å kunne ta det i bruk, mens tidlegare brukarar berre kan logge seg på. 

Krav til søknad og prioriteringskriterier

Søknad om kompensasjonsmidlar må sendast gjennom www.regionalforvaltning.no

Generelt gjeld at midlane skal nyttast i tråd med gjeldande planar for regional utvikling. Særleg står Regional plan for næringsutvikling 2013 til 2017, Regional plan for attraktive senter i Hordaland 2015-2026 og Regional transportplan Hordaland 2013–2024 sentralt.

Vidare må søknaden tilfredsstilla nokre krav kor dei viktigaste er:

  1. Prosjekt eller tiltak som det søkast om midlar til må vere forankra i Kvam herad. Dersom søkjar ikkje er frå Kvam må det dokumentarast at prosjektet vil medverke til næringsutvikling i kommunen.  Prosjektet skal ha god kvalitet og søkjar skal ha god gjennomføringsevne.
  2. Målgruppa for kompensasjonsmidlane er definert som regionale utviklingsaktørar, kommunane og større bedrifter. Mindre bedrifter og privatpersonar kan ikkje søke. Med regionale utviklingsaktørar meinast organisasjonar og andre som har som formål å arbeide med næringsutvikling i vid forstand som til dømes næringsforeiningar, næringsselskap, vidaregåande skular, høgskular, nettverksorganisasjonar med meir. Med større bedrifter meinast bedrifter med samla lønnskostnader på 15 mill. kr eller meir i 2015. Mindre bedrifter og etablerarar må søke gjennom det ordinære virkemiddelapparatet i regi av Innovasjon Noreg, eventuelt regionale etablerarfond.
  3. Det kan søkast om midlar til næringsretta utviklingstiltak og prosjekt. Med næringsretta meinast tiltak og prosjekt som legg til rette for auka entreprenørskap og innovasjon, styrking av næringsretta kompetanse, næringsretta infrastruktur og styrking av nærings- og innovasjonsmiljø.
  4. Dei større bedriftene kan søke om støtte til bedriftsinterne innovasjons-, kompetanse- og omstillingstiltak. Søknader kor fleire bedrifter går saman om ei tyngre satsing vil bli prioritert. Søknadane må tilfredsstille gjeldande regelverk for offentleg støtte til bedrifter og vil bli handsama av Innovasjon Noreg.
  5. Større prosjekt og prosjekt som ikkje vil oppnå finansiering i det ordinære virkemiddelapparatet i regi av fylkeskommunen, Innovasjon Noreg, regionråda eller kommunane vil bli prioritert.
  6. Normalt vil det bli kravd også anna finansiering enn kompensasjonsmidlar. Finansieringsandel med kompensasjonsmidlar vil bli vurdert i kvart einskild tilfelle. Medfinansiering med kompensasjonsmidlar skal alltid ha ein utløysande effekt for prosjektet eller tiltaket. Med utløysande meinast at tiltaket ikkje hadde blitt gjennomført, eller berre gjennomført i ein mindre og meir avgrensa form utan kompensasjonsmidlar. Det er ikkje tilstrekkeleg at midlane er med å oppretthalde eit tilbod. Kompensasjonsmidlar kan heller ikkje nyttast til å erstatte anna finansiering.
  7. Moglegheiter for å nytte kompensasjonsmidlar til å finansiera prosjekt innafor områda kultur og idrett vart frå i 2014 stramma inn. For slike søknader vert det kravd ei  særleg dokumentasjon om næringsretta relevans.

Søknadar skal sendast inn elektronisk gjennom www.regionalforvaltning.no og skal innehalde:

  • Ein omtale av tiltaket det søkast om støtte til, inkludert målsettingar for tiltaket og relevans for formålet med tilskotsordninga.
  • Plan for gjennomføring, herunder aktiviteter, tidsplan, organisering og samarbeidspartnarar.
  • Forventa resultat.
  • Budsjett for prosjektet/tiltaket, herunder finansieringsplan.
  • Søknadssum.
  • Andre relevante opplysningar søkaren meiner er viktige for søknaden og andre opplysningar som er spesifisert i kunngjøringa.

Søkjaren skal opplyse til tilskotsforvaltar om føretaket har mottatt offentlig støtte, og eventuelt etter kva avgjerd, for det inneverande året og dei to siste regnskapsåra.

Nasjonale retningsliner

Nasjonale retningsliner for bruken av kompensasjonsmidlar er trekt opp i Forskrift for distrikts- og regionalpolitiske virkemidlar. Av sentrale punkt frå forskrifta kan nemnast:

  • Midlane kan nyttast til å dekke de delar av kostnadene som er direkte knytt til realisering av prosjektet/tiltaket.
  • Tilskott kan berre bli gitt i inntil 5 år sjølv om prosjektet har lengre varigheit. Det er visse unntak for prosjekt i regi av nasjonale virkemiddelaktørar, Ungt Entreprenørskap og Merkur.

 

Forskrifta sett og grenser for kva midlane ikkje kan dekke, slik som:

a)   Drift av næringsverksemd eller organisasjonar.
b)  Kausjon eller annen økonomisk garanti.
c)   Direkte eller indirekte investeringar i verksemder sin eigenkapital.
d)  Renter og avdrag på lån og refinansiering av gjennomførte prosjekter.
e)   Drift av eller investeringar i statlige, fylkeskommunale og kommunale lovpålagte oppgåver 
f)   utført av fylkeskommunen, kommunen eller andre.
g)  Å avsette midlar til uspesifiserte fond. Delegerte midlar til kommunar og regionråd, eventuelt andre forvaltarar regnes ikkje som fond.
h)   Politikkforberedande aktiviteter internt hos forvaltar eller i regi av forvaltar, herunder kjøp av tenester i samband med utforming av nye tiltak og lovpålagte eller eigeninitierte plan- og strategiprosesser.

Bokstav a, b og c gjeld ikkje for tilskot Innovasjon Noreg tildeler.

Lovdata: Forskrift for distrikts- og regionalpolitiske virkemidler

Kontaktpersonar

På basis av innkomne søknader, vil ei eiga styringsgruppe, oppretta av fylkeskommunen, som består av ordførarar og næringsleiarar frå dei fire kommunane utarbeide ei utkast til ein samla plan for bruken av kompensasjonsmidlar for 2015 og 2016, inkludert å gjere ei prioritering av kva for prosjekt som skal få støtte og eventuelt kor mykje.

Samarbeidsrådet for Sunnhordland er sekretariat for styringsgruppa.

Planen blir sendt til fylkeskommunen, kor fylkesutvalet har ansvaret for endeleg godkjenning av planen. Det er lagt opp til ein framdriftsplan som inneber at planen skal bli handsama i fylkesutvalet hausten 2016.

 

Kontaktpersonar:
Gro Jensen Gjerde, Samarbeidsrådet for Sunnhordland, mobil: 900 89 150, epost: gro.jensen.gjerde@samarbeidsraadet-sunnhordland.no

Jon Erik Vollan, Hordaland fylkeskommune, mobil 415 60 961, epost jon.erik.vollan@hfk.no

 

Profilbilde av Jon Erik Vollan
Jon Erik Vollan
41560961