Attraktive regionale senter

Handlingsprogram for næringsutvikling (HNH):

Å utvikle attrative regionsenter vil vere ein sentral del av ein politikk for balansert regional næringsutvikling i Hordaland.

Meir om Handlingsprogrammet (HNH)

Hordaland fylkeskommune skal vere med å styrke dei regionale sentra i fylket. Skal eit regionsenter i distrikta trekke til seg verksemder og kompetanse, er større fagmiljø og eit mangfald av arbeidsgjevarar ein viktig føresetnad.

Regionsentera er eit mellomnivå mellom fylkessenteret og kommunesenteret. Regionsentera har ei viktig rolle i å tilby innhald og funksjonar som ein ikkje kan forvente å finne i alle kommunar.

Fylkeskommunen kan bidra til utvikling av attraktive regionsenter med mellom anna økonomiske virkemiddel til næringsretta tiltak, rettleiing, analysar og kompetanseheving.

Vi legg også til rette for etablering av møteplassar mellom stat, kommunar og fylkeskommunen. 

Regionsenter i Hordaland er Knarvik, Vossevangen, Straume, Kleppestø, Osøyro, Norheimsund, Odda sentrum, Leirvik og Husnes. 

Tilskotsordningar

Her finn du informasjon om dei ulike tilskotsordningane og framgangsmåte for å søke om tilskot.

Suksesshistorier

Står på for tettstaden

- Fylkeskommunen er ein viktig inspirator og bidragsytar i arbeidet med å utvikle attraktive tettstadar. Det understrekar samfunns- og utviklingssjef Jon Nedkvitne i Kvam herad. Kommunen har blitt utstillingsvindauge for ei vellukka satsing på å gjere Norheimsund til ein meir attraktiv stad å bu og jobbe i.

I Norheimsund blei arbeidet med å utvikle sentrum starta med at ei tettstadsanalyse på 1990-talet fastslo at Norheimsund ikkje klarte å utnytte nærleiken til sjøen. Sidan den gong er det mellom anna bygd fjordpromenade og ny gjestehamn.

Reiselivssatsing skapar entusiasme i regionen

Prosjekta Ski heile året og Aktiv heile året har skapt ein ny æra for reiselivsnæringa på Voss og i Hardanger. 

Hordaland fylkeskommune har vore med på prosjektet både økonomisk og på rådgjevingssida. Målsetjinga har vore å bli bedre på produktutvikling, logistikkløysingar, marknadsintroduksjon og sal og løysingar  innan vinteroppleving vandreturar og utandørs opplevingsprodukt.

- Den økonomiske støtta frå fylkeskommunen og Innovasjon Norge har vore heilt avgjerande. Hordaland fylkeskommune har også gitt uvurderlig støtte til å skrive søknadar, seier Erik Østlie, marknadssjef i Visit Voss.