Tilskot til større kulturprosjekt med regional verdi

Du kan søkje tilskot i storleik 50-200.000 kroner til tiltak med tydeleg regional verdi.

Det er sett av 1.000.000 kr til ordninga i 2016. Søknader om mindre beløp vert vist til andre tilskotsordningar.

Kven kan søkje

Profesjonelle aktørar innan kunst- og kulturlivet med aktivitet i Hordaland.

Organisasjonar, foreiningar og lag må ha organisasjonsnummer for å søkje. Privatpersonar kan søkje tilskot eventuelt på vegne av ei gruppe. Då vert det stilt krav om at fødselsnummer vert oppgjeve i søknaden.

Kva kan støttast

Løyvingane skal gå til tiltak/prosjekt som er av ein slik art at det har tydeleg regional interesse og/eller nedslagsfelt.

Kriteria / Ordninga skal:

  • Det omsøkte tiltaket skal vere i samsvar med vedteken visjon for kulturutviklinga i Hordaland og ha tydeleg regional kulturverdi.
  • Ordninga er retta mot heile kultur- og idrettsfeltet i Hordaland.
  • Tilskota i denne ordninga skal i hovudsak vere i storleiken 50 000 - 200 000 kroner.

Føremål med ordninga

Tilskotsordninga skal stø opp om vedteken visjon for kulturutviklinga i Hordaland, jf Regional kulturplan 2015–2025: Hordaland skal vere ein leiande kulturregion.

Visjonen gjev uttrykk for ambisjonen om å vere grenseoverskridande og nyskapande med risikovilje, og å ta vare på og utvikle verdiar. Kulturlivet i Hordaland skal markere seg på høgt nivå.

Følgjande kulturpolitiske mål ligg til grunn:

  • Hordaland skal ha ein offensiv kulturpolitikk.
  • Kulturpolitikken skal fremje demokrati og ytringsfridom.
  • Hordaland skal ha eit rikt, aktivt og mangfaldig kulturliv, med tilgang for alle.
  • Kulturpolitikken skal fremje og støtte eit sterkt frivillig kulturliv.
  • Hordaland skal ha eit sterkt, profesjonelt kulturliv som fremjar skapande og frie kunstuttrykk.
  • Kulturpolitikken skal identifisere og styrke miljø og aktivitetar der Hordaland er eller kan vere leiande.
  • Berekraftig utvikling og forvalting av landskap, miljø og anlegg skal gje grunnlag for eit rikt kulturliv i heile fylket.
  • Kultur skal vere integrert i utviklinga av alle samfunnsområde, med kvalitet i både tradisjonar og nyskaping.

Barn og ungdom har spesiell merksemd innan alle målområda og er eit gjennomgåande tema i planen.

Yttarlegare moment ved vurdering av søknad

Vurdering av regional verdi

I tråd med kulturlova skal kommunane gjennom organisatorisk og økonomisk tilrettelegging sikre eit breitt lokalt kulturtilbod. Kommunane har førstelineansvar i kultur- og idrettspolitikken, noko som inneber å sikre eit mangfald av tilbod der folk bur og arbeider. Fylkeskommunane skal ikkje overta kommunane sitt lokale ansvar, men ha oversyn og sikre tilgjenge til spesialiserte kulturtilbod innan ein viss reiseavstand. Omsynet til fylkeskommunen si regionale utviklarrolle skal liggje til grunn for tilskotsforvaltinga. Omgrepet regional viser her til to prinsipielle hovudkriterium:

1. Geografisk kriterium (geografisk nedslagsfelt og verkeområde):

Om den aktuelle verksemda eller tiltaket omfattar fleire kommunar og/eller om tiltaket vert gjennomført eller har deltaking frå meir enn ein kommune.

2. Funksjonskriterium (regional funksjon i kraft av oppdrag, storleik, fagleg tyngd, kvalitet og særpreg):

Storleik og omfang treng ikkje vere avgjerande. Omsynet til fagleg kvalitet og graden av nyskaping m.m. kan også ligge til grunn for at ein institusjon eller eit tiltak har ei regional rolle. Også der det gjeld særleg smale felt, kan ein institusjon eller eit tiltak ha ein regional funksjon i kraft av eksklusivitet og særlege kvalitetar og føremoner.

I vurderinga av om kravet til regional tyding er oppfylt i det einskilde høve, kan det vere naturleg å sjå geografi- og funksjonskriteria i samanheng. Det vert vidare lagt vekt på følgjande omsyn (i uprioritert rekkefølgje):

  • I kva grad tiltaket oppfyller satsingar i Regional kulturplan.
  • I kva grad tiltaket bidreg til ei utvikling av kulturlivet i fylket.
  • I kva grad tiltaket har verdi for kulturlivet i større delar av fylket.
  • I kva grad er tiltaket nyskapande og kan ha verdi som pilotprosjekt.
  • Om tiltaket kan kopla saman aktørar og stimulere til samarbeid på tvers.
  • Kvalitativt nivå på prosjekt og søknad.
  • Gjennomføringsevne og realisme i prosjektet.
  • Fordeling av midlane i høve geografi og sjanger.

I høve profesjonelle aktørar og miljø vil det ofte vere naturleg å stille høgare krav til fagleg tyngd og fagleg kvalitet, medan det for amatørar vil bli lagt meir vekt på i kva grad tildelinga skapar aktivitet, kor mange som tek del, i kva grad tiltaka skapar lokalt/regionalt engasjement og om tiltaket bidreg til eit levande kulturliv for allmenta i regionen.

Nokre større festivalar får årleg støtte frå Hordland fylkeskommune sitt kulturbudsjett. I tillegg har fleire festivalar søkt prosjektstøtte frå tidlegare ordningar som t.d. Ålmenne kulturføremål. Som eit tiltak i regional kulturplan skal det utarbeidast retningsliner for fylkeskommunal stønad til festivalar og store kultur- og idrettsarrangement. Desse er førebels ikkje ferdigstilte, men fylkesrådmannen legg her fram forslag til omsyn og vurderingskriteria som - i tillegg til skal ligge til grunn for prioriteringar for festivalstøtte:

  • festivalen sin eigenart, kunstnarlege profil og vilje til utvikling av det kunstnarlege uttrykket
  • formidlingsevne og publikumsoppslutning
  • festivalane som tradisjonsberarar
  • soliditet, effektivitet og profesjonalitet i festivalorganisasjonen
  • festivalens si tyding/forankring i eigen kommune og region
  • tilskot til festivalen frå kommune og stat

Det er mogeleg å løyve midlar til årvisse/jamne tiltak. Slik fylkesrådmannen ser det er det likevel viktig at prosjektmidlar ikkje vert bundne opp til slike tiltak slik at aktørane ser støtta som driftstilskot. Søkjar må vere merksam på at dette er prosjekttilskot og at søknadene kvart år vert vurdert på nytt opp imot samla søkjarmasse.

Felles retningsliner for ordningane «Kunstprosjekt og kulturtiltak – profesjonell», «Kulturtiltak -amatør», og «Større kulturprosjekt med regional verdi»:

  • Ordningane skal ha søknadsfrist to gonger i året.
  • Det skal nyttast nettbasert søknadsskjema.
  • Søknad om støtte til eit og same tiltak blir vanlegvis berre handsama ein gong i løpet av eit budsjettår.
  • Organisasjonar/institusjonar som tek i mot driftsstøtte frå HFK kan søkje tilskot frå desse ordningane om det gjeld til særskilte tiltak, slik som t.d. samarbeidsprosjekt og utprøving.
  • Økonomisk gjennomføringsevne og realisme i prosjekt er viktig, og søknaden vert såleis avslått dersom det ikkje er rom for å løyve minst 1/3 av søknadssum. Søkjar kan evt. legge fram alternativ finansieringsplan/skalert budsjett.
  • Hordaland fylkeskommune fullfinansierer normalt ikkje prosjekt, og det vert venta at søkjar budsjetterer med andre kjelder for finansiering.
  • For fagleg oppfølging og vurdering må dei som søker om tilskot til arrangement på førespurnad kunne gje akkreditering til inntil 2 representantar frå Kultur- og idrettsavdelinga.

Søknadskrav, Sakshandsaming og vedtak

Hordaland fylkeskommune fullfinansierer normalt ikkje prosjekt, og det vert venta at søkjar budsjetterer med andre kjelder for finansiering.

For fagleg oppfølging og vurdering må dei som søker om tilskot til arrangement på førespurnad kunne gje akkreditering til inntil 2 representantar frå Kultur- og idrettsavdelinga.

Gjennom aktivitetar, informasjonsmateriale mv skal det gjerast tydeleg at Hordaland fylkeskommune er tilskotsgjevar. Dokumentasjon av dette skal leggast ved rapport.

Om ein har opne, publikumsretta arrangement er det ein føresetnad at tilskottsmottakar aksepterer og nyttar ordninga med følgjekort for funksjonshemma. Funksjonshemma som kjøper billett skal då ha rett til gratis billett til sitt følgje.

Forvaltningslova skal leggjast til grunn for all søknadshandsaming i Hordaland fylkeskommune. Alle søknader er offentlege.

Kultur- og idrettsavdelinga førebur søknadane for politisk handsaming og vedtak i Utval for kultur, idrett og regional utvikling. Kvar søknad er eit einskildvedtak og innstilling skal grunngjevast i saksframlegget. Vedtak som fråvik frå fylkesrådmannen si innstilling skal også grunngjevast. Utvalet har møte ei gong i månaden.

Oppfølging, rapportering og kontroll

Tilsegnsmottakar skal rapportere og sende inn rekneskap innan 3 månader etter at tiltaket er gjennomført.

Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha høve til å setja i verk kontroll med at midlar vert forvalta som føresett. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha rett til dei dokument og opplysningar ein finn påkravd for sin kontroll.

Dei som får tilskot til publikasjonar må levere minimum 1 eks av denne til Hordaland fylkeskommune når denne er ferdigstilt.

Tiltaket skal gjennomførast på den måten og i det tidsrom som går fram av søknaden. Eventuelle vesentlege endringar i prosjektet må meldast skriftleg til sakshandsamar for vurdering og godkjenning. Dersom prosjektet vert avlyst, utsett eller vesentleg endra, kan heile eller deler av tilskotet krevjast betalt attende.

Utbetaling av tilskot skjer i hovudsak gjennom elektronisk faktura i EHF-format.

Klage

Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan ein frist på tre - 3 - veker. Fristen vert rekna frå den dagen søkjar mottok melding om vedtaket. Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans. Ei klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det vert klaga over, årsaka til at det vert klaga og kva endringar ein meiner bør gjerast, og sendast til Hordaland fylkeskommune, Postboks 7900, 5020 Bergen eller hfk@hfk.no.

Vi gjer merksam på at søkjarar etter Forvaltningslova har rett til å gjere seg kjend med dokumenta i saka med dei avgrensingane som følgjer av §§ 18 og 19.

Profilbilde av Tone Stedal Haugland
Tone Stedal Haugland
55239192