Tilskot til lokale kulturbygg

Tilskot til lokale kulturbygg skal vere med på å etablere eigna lokale, bygningar og utearena som gjev rom for ulik kulturell verksemd i Hordaland.

Kven kan søkje

Alle ikkje-kommersielle, demokratisk oppbygde organisasjonar (vedtekter må vere godkjende) kan søkje om tilskot:

Offentlege instansar:

  • Fylkeskommunar
  • Kommunar
  • Kommunale føretak

Friviljuge organisasjonar:

  • Lag
  • Foreiningar
  • Stiftingar
  • Samvirkeføretak (SA), samvirkelag og andre selskap med avgrensa ansvar (BA)

Institusjonar

Aksjeselskap

Det er eit grunnleggjande prinsipp at tilskot i form av spelemidlar ikkje skal danne grunnlag for fortenestebaserte eigeformer eller dannast om til forteneste for private eigarar. Går eit kulturbygg med overskot skal overskotet nyttast til vidare drift eller vidare investering i kulturbygget.

Kva kan støttast

Lokale det vert søkt støtte til må vere planlagd ut frå definerte behov og bør vere fleksible. Kulturbygg bør lokaliserast sentralt i lokalsamfunnet eller regionen. Bygningane skal i størst mogleg grad fungere som kulturelle møtestader for alle grupper.

Lokala skal vere opne for all lovleg kulturverksemd. Ingen må stengast ute av religiøse, sosiale eller politiske omsyn.

Ein kan søkje om 1/3 av total godkjend kostnad på prosjektet. Nedre grense for total, godkjend kostnadsramme er 150 000 kroner. Minste tilskotssum er då 50 000 kroner. For kulturarenaer der fleire separate kulturfunksjonar inngår, vert det høve til å sende inntil tre ulike søknadar om tilskot.

Føremål med ordninga

Tilskot til lokale kulturbygg skal vere med på å etablere eigna lokale, bygningar og utearena som gjev rom for ulik kulturell verksemd i Hordaland.

Tilskot kan gjevast til kulturhus, fleirbrukslokale eller spesiallokale for kunst og kultur, som scenekunstlokale, konsertsal eller formidlingslokale for biletkunst. Midlane kan nyttast til nybygg, ombygging og modernisering av kulturbygning, men ikkje til vedlikehald eller drift.

Ytterlegare moment ved vurdering av søknad

Hordaland fylkeskommune gjev tilskot til lokale kulturbygg. Tilskotet er ein del av spelemidlane frå Norsk Tipping og vert fordelt frå Kulturdepartementet til fylkeskommunane. Tilskot til lokale kulturbygg skal vere med på å etablere felles lokale, bygningar og utearena som gjev rom for ulik kulturell verksemd med både eigenaktivitet og formidling av kunst og kultur i Hordaland.

Kva vert rekna som kulturarena?

Arena for kulturaktivittar:

  • Kulturhus
  • Fleirbrukssalar
  • Samfunnshus/grendehus/forsamlingshus/ungdomshus som inneheld kulturaktivitetar (dans, musikk, kunstformidling....)
  • Utearenaer for kulturaktivitet

Spesiallokale for kunst og kultur:

  • Teater/scenekunstlokale
  • Konsertsalar
  • Galleri/formidlingslokale for visuell kunst
  • Bygg for museum eller kulturvern tiltak
  • Bibliotek
  • Kino som driv med meir enn filmframvising

Lokale og verksteder for øving/produksjon av kultur

Ordninga gjev ikkje tilskot til:

Kyrkjebygg og andre religiøse lokale

Lokale til kommersielle kulturføremål:

  • Faste galleri
  • Selskapslokale
  • Verkstader og utstillingslokaler for sal
  • Kino dreven av kommersielle aktørar

Kva kan du søkje om tilskot til?

For å få til ein kulturarena der det ikkje er slikt frå før, kan du få tilskot til:

  • Kjøp av lokale til kulturføremål
  • Nybygging av kulturarena
  • Ombygging av eksisterande lokale til kulturføremål

I eit eksisterande lokale kan du få tilskot til:

  • Ombygging/tilbygg av til dømes lagerrom eller modernisering og rehabilitering
  • Tilrettelegging av romakustikk/lydisolasjon
  • Tilrettelegging for universell utforming
  • ENØK tiltak/varmepumpe

Permanent eller fastmontert inventar til dømes:

  • Amfiløysing
  • Teleskoptribunar
  • Scenerigg
  • Teleslynge
  • Kjøkkeninnreiing
  • Teknikk (t d lys, lys- og sceneteknikk)

Du kan ikkje få tilskot til:

Vedlikehald og drift:

  • Utbetring av skader som skuldast feil ved planlegging, utføringa eller manglande vedlikehald
  • Rehabilitering av ein kulturarena som er yngre enn 10 år
  • Dekking av gjeld
  • Erverv av grunn
  • Utomhusarbeid som vegar, parkeringsplassar og tilførsel av vann/kloakk/strøminngjerding

Laust utstyr t.d.:

  • Stolar
  • Bord
  • Sceneutstyr
  • Kvitevarar

 Ferdigstilte byggeprosjekt som det ikkje tidlegare er søkt om støtte til.

Kva for krav stillast til prosjektet du søkjer om?

  • Planlegging og gjennomføring av prosjektet
  • Prosjektet må vere planlagt ut frå definerte behov. Desse må skildrast i eit eige vedlegg
  • Prosjektet skal gjennomførast i høve til gjeldande føresegner i plan- og bygningslova.
  • Kulturarenaer skal oppfylle krav til universell utforming, inkludert akustikk
  • Krava gjeld både ved nybygg og ombygging/rehabilitering.
  • Kulturarenaen bør få ein estetisk arkitektonisk utforming.
  • Kulturarenaen må få ein funksjonell utforming. Relevant teknisk ekspertise (t d sceneteknisk og/eller akustisk kompetanse) bør difor involverast tidleg i planleggingsfasen.

Krav til lokale etter ferdigstilling av prosjektet

  • Kulturarenaen skal nyttast til kulturføremål i minst 20 år. Dersom kulturarena vert stengt i 3 månader eller meir, pliktar huseigar å orientere fylkeskommunen.
  • Sal eller deling av kulturarena eller overføring av drift skal ikkje skje utan skriftleg samtykke på førehand frå fylkeskommunen
  • Huseigar pliktar å halde bygget i godkjend teknisk stand, samt sjå til at sikkerhets forskrifter etterlevast.
  • Bygget må vedlikehaldast slik at det ikkje vert verditap utover det som fyljer av normal bruk og elde.
  • Arenaen skal vere open for all lovlig kultur verksemd
  • Ingen må stengast ute av religiøse, sosiale eller politiske omsyn
  • Dersom kulturarena ikkje lenger vert brukt i samsvar med opphavleg føremål, kan det medføre at mottatt tilskot må tilbakebetalast

Søknadskrav, Sakshandsaming og vedtak

Du må leggje ved føljande vedlegg til søknaden:

  • Opplysningar om søkjar - vedtekter for søkjarorganisasjon
  • Opplysningar om prosjekt og behovsgrunnlag – kva er føremålet med prosjektet? Kva skal konkret gjerast/byggast? Kva for andre kulturarenaer er på staden eller i rimeleg nærleik? Kva for kulturaktivitetar skal føregå – med forventa tal deltakarar og tal gonger pr månad?
  • Dokumentasjon av bygget/prosjektet – teikningar som er byggesaksgodkjende av kommunen. Uttale frå relevant fagleg hald etter høve, til dømes med sceneutforming, akustikk, universell utforming, teknikk og ljosforhold
  • Detaljert kostnadsoverslag – bruk skjema som du finn på www.idrettsanlegg.no. Kostnadane skal dokumenterast med kopi av tilbod. Administrasjon kan maksimalt utgjere 5% av total kostnad.
  • Plan for drift- og vedlikehald – plan for bruk med opplysningar om brukstid og brukargrupper, plan for drift og vedlikehald med opplysningar om driftsansvar og korleis kulturarena skal administrerast, driftsbudsjett
  • Finansieringsplan – dokumentasjon på alle poster. Eigenkapital må bekreftast med kontoutskrift, lån bekreftast med lånetilsegn, kommunalt/fylkeskommunalt tilskot bekreftast med kopi av vedtak, verdi på dugnad skal dokumenterast med tilbod frå firma, gåver bekreftast med gå- vebrev (sjå mal på www.idrettsanlegg.no)
  • Grunnbokutskrift/festeavtale/leieavtale – kopi av grunnbokutskrift for grunnen der huset står eller skal byggjast, ved avtale om feste/leie krevjas kopi av tinglyst feste/leieavtale på minimum 20 år fram i tid.

Korleis vert din søknad behandla?

Kommunen som har motteke søknaden din kontrollerer om:

  • Du har rett til å søkje
  • Kulturarenaen din har fått tilskot frå denne ordninga tidlegare
  • Prosjektet ligg innafor mål til ordninga
  • Framdriftsplan og budsjett er realistisk
  • Søknadssum utgjer 1/3 av totalkostnad for prosjektet
  • Prosjektet er byggesaksgodkjend
  • Du har lagt ved dei nødvendige vedlegga

Kommunen kan be deg om ytterlegare opplysningar/dokumentasjon dersom noko skulle mangle. Når kommunen har sjekka søknadane, sett kommunen opp ei prioritert liste over søknadane. Kommunen vidaresender søknadane og den politisk vedtekne prioriteringslista til fylkeskommunen innan 30. april.

Fylkeskommunen set opp ei prioritert liste over godkjende søknadar. Prioriteringa vert utført etter føljande kriteria:

  • Gjentatt søknad (for prosjekt som har fått deltilsegn året før)
  • Kommunens prioriteringsliste
  • Ventetid før tilsegn vert gitt
  • Total søknadssum frå kommune
  • Geografiske/regionale høve

Prioriteringsliste med fordeling av tilskot vert vedtatt i Kultur- og ressursutvalet i fylkeskommunen.

Du vil få tilsendt brev om tilsegn/avslag med informasjon om klagehøve og klagefrist.

Kva skjer vidare med din søknad?

Dersom du får avslag på søknad med grunngjeving at det ikkje er nok midlar, kan du søkje igjen neste år. Då er det viktig at du fornyar søknaden på www.idrettsanlegg.no. Dersom du får avslag med grunngjeving at fylkeskommunen ikkje ynskjer å støtte dette prosjekt eller at fylkeskommunen har gjeve nok midlar, treng du ikkje søkje igjen.

Dersom du har fått eit deltilsegn med grunngjeving at du kan søkje igjen til neste år, er det viktig at du fornyar søknaden på www.idrettsanlegg.no.

Oppfølging, rapportering og kontroll

Når kan du få utbetalt midlane du har fått tilsegn om?

Alle søkjarar som motteke tilskot av spelemidlar til kulturbygg har plikt til å levere eige rekneskap. Rekneskapet førast slik at det kan samanliknast med det godkjende prosjektbudsjett som er sendt inn med søknad. Hovudpostane i rekneskapet skal vere dei same som i budsjettet.

Alle tilskot frå denne ordninga vert utbetalt via kommunen

Delutbetaling:

Du kan få utbetalt inntil 85% av tildelt tilskot som delutbetaling undervegs i prosjektet.

Du sender ein søknad til kommunen om ei delutbetaling av tilskot du har fått tilsegn om. Denne søknad må innehalde dokumentasjon på at du har betalt, motteke eller i næraste framtid vil motta faktura som totalt er på minst det beløp du søkjer om.

Sluttrapportering og –utbetaling

Du må sende prosjektrekneskap med vedlegg til kommunen innan 2 år etter at du har fått tilsegn om

tilskot, dvs innan 24 månader etter dato på tilsegnsbrev.

Etter at fylkeskommunen har motteke ein førespurnad om utbetaling frå kommunen, med vedlagt prosjektrekneskap og revisorrapport, vert tilskot overført til kommunen. Rekneskap for prosjektar med tilskot på meir enn kr 100 000,- skal revisor i kommunen revidere. Ved mindre tilskot kan du bruke ein annan revisor.

Dersom rekneskapet viser at prosjektet har blitt rimeligare enn lagt til grunn i budsjett, vil tilsvarande del av tilsegn bli inndratt.

Profilbilde av Bjørg Larsen
Bjørg Larsen
55239165