Prosjekttilskot: Kunst og kultur – profesjonell

Tiltak og -prosjekt innan ulike kunst- og kulturfelt og sjangrar, innan det profesjonelle kulturlivet i Hordaland.

Kven kan søkje

Aktørar innan det profesjonelle kunst- og kulturfeltet i Hordaland, og prosjektet / tiltaket skal ha eit kulturfagleg hovudinnhald. Det kan gis tilskot til samarbeidsprosjekt mellom amatørar og profesjonelle.

Organisasjonar, foreiningar og lag må ha organisasjonsnummer for å søkje. Privatpersonar kan søkje tilskot eventuelt på vegner av ei gruppe. Då vert det stilt krav om at fødselsnummer vert oppgjeve.

Organisasjonar/institusjonar som tek i mot driftsstøtte frå HFK kan søkje tilskot frå desse ordningane om det gjeld særskilte tiltak, slik som t.d. samarbeidsprosjekt og utprøving av nye tiltak.

Kva kan støttast

Fylkeskommunen si rolle er å vere ein regional utviklar, så for å få kulturmidlar frå fylkeskommunen må prosjektet ha regional verdi og / eller nedslagsfelt. Fylkeskommunane skal ikkje overta kommunane sitt lokale ansvar, men ha oversyn og sikre tilgjenge til meir spesialiserte eller regionaliserte kulturtilbod.

HFK har tre beslekta søknadsordningar for prosjektstøtte innan kulturfeltet, som vi tenkjer skal utfylle kvarandre:

  • Prosjekttilskot: Kultur – amatør
  • Prosjekttilskot : kunst og kultur – profesjonell
  • Prosjekttilskot: Større kulturprosjekt

Sjå gjerne på nettsidene til dei andre to ordningane også om du er i tvil om kva som er rett søknadsordning for dykkar prosjekt.

Det er totalt sett av 1 358 000 kroner til ordninga Prosjekttilskot : kunst og kultur – profesjonell  i 2017. Minst 408 000 kroner av desse skal gå til tiltak som gjeld barn og / eller ungdom.

Den enkelte løyving ligg som regel mellom 10 000 og 40 000 kroner.

Hordaland fylkeskommune fullfinansierer normalt ikkje prosjekt. Det er forventa at søkjar budsjetterer med andre kjelder for finansiering.

For å få støtte må dykkar prosjektet/tiltak vere i samsvar med viktige satsingar i Regional kulturplan 2015-2025.

Desse midlane gjer høve til å prøve ut nye prosjekt og tiltak som kan vere med på å vidareutvikle kulturlivet i Hordaland, t.d. setje i gang pilotprosjekt som vil ha overføringsverdi til andre.

Barn og unge er viktig i den fylkeskommunale kulturpolitikken. Vi ønskjer i denne ordninga også gje barn og ungdom sjølv høve til å prøve ut nye aktivitetar og tiltak som kan vere med på å vidareutvikle kulturlivet i Hordaland. Vi vil prioritere tiltak der unge sjølv er aktivt involvert i utvikling og gjennomføring. 

Føremål med ordninga

Ordninga skal stimulere til produksjon og visning av profesjonell kunst og kultur, og sikre innbyggjarar i heile fylket tilgang til eit mangfaldig kulturtilbod av høg kvalitet. Hordaland skal ha eit sterkt, profesjonelt kulturliv som fremjar skapande og frie kunstuttrykk.

Tilskotsordninga skal styrkje gjennomføringa av eit regionalt kunstløft slik det er skissert i regional kulturplan, og vere innretta for å svare på aktuelle utfordringar og behov innanfor eit ambisiøst og profesjonelt kunstliv i Hordaland. Ordninga skal også omfatte kulturminneprosjekt og tiltak i regi av profesjonelle aktørar, td museum.

Stønadsordninga skal elles ta omsyn til følgjande vedtekne kulturpolitiske mål og søkje å oppfylle desse:

  • Kulturpolitikken skal fremje demokrati og ytringsfridom.
  • Hordaland skal ha eit rikt, aktivt og mangfaldig kulturliv, med tilgang for alle.
  • Kulturpolitikken skal identifisere og styrke miljø og aktivitetar der Hordaland er eller kan vere leiande.

Barn og ungdom har spesiell merksemd, og ein ønskjer å stimulere spesielt til at unge sjølv er aktive deltakarar i prosjektet.

Det blir ikkje gitt støtte til følgjande:

Det er skilt ut nokre konkrete føremål/tiltak det ikkje vert gitt støtte til i desse tre søknadsordningane. Grunnen til dette er fylkeskommunen si kulturpolitiske rolle, andre tilskotsordningar og kompetanse- og ansvarsfelt både hos fylkeskommunen og andre off. instansar.

  • Innkjøp og vedlikehald av bygg, utstyr og instrument.
  • Ordinær drift av institusjonar, organisasjonar, lag, grupper og tilsvarande.
  • Tiltak/prosjekt i regi av fylkeskommunale institusjonar - t.d. vidaregåande skular.
  • Utgjeving / publisering av skjønnlitteratur, film og musikk. Unntak kan vere når målet er dokumentasjon med kulturhistorisk verdi.
  • Deltaking på seminar, utdanning, studiereiser, gjestekunstnaropphald ol.

Vurdering av søknad

Støtte gjennom desse ordningane / kulturstøtte er ikkje rettigheitsbasert, og der er alltid fleire kvalifiserte søkjarar enn der er tilgjengelege midlar. Det er difor  - ut frå føremålet med ordninga og føringane i regional kulturplan sett opp følgjande kriteria som søknadane vert målt opp mot. Ein søknad må ikkje oppfylle alle desse kriteria, men jo sterkare og jo fleire ein oppfyller kriteria, jo meir relevant vil søknaden vere for ordninga. Det skal vere forutseielege og transparente søknads- og handsamingsrutinar.

Føljande kriteria skal ligge til grunn for vurderinga av søknadane:

  • I kva grad tiltaket oppfyller føremålet i søknadsordninga
  • I kva grad tiltaket oppfyller satsingar i Regional kulturplan
  • I kva grad tiltaket bidreg til ei utvikling av kulturlivet i fylket.
  • I kva grad tiltaket har verdi for kulturlivet i større delar av fylket.
  • I kva grad tiltaket har støtte i heimkommunen
  • I kva grad tiltaket er nyskapande og kan ha verdi som pilotprosjekt.
  • I kva grad tiltaket er utadretta
  • I kva grad tiltaket skil seg tydeleg ut frå ordinær, dagleg drift av ein organisasjon.
  • Om tiltaket kan kopla saman aktørar og stimulere til samarbeid på tvers.
  • Kvalitativt nivå på prosjekt og søknad.
  • Gjennomføringsevne og realisme i prosjektet.

I tillegg vil geografisk og sjangermessig fordeling bli sett på.

Det er mogeleg å søkje midlar til årvisse/jamne tiltak. Det er likevel viktig at prosjektmidlar ikkje vert bundne opp til faste tiltak. Søkjar må vere merksam på at dette er prosjekttilskot og at søknadene kvart år vert vurdert på nytt opp imot samla søkjarmasse. Det er stor søknadsmengde i forhold til midlar ein har tilgjengeleg, og såleis kan ein vektlegge faktorane annleis i dei ulike søknadsrundane.

Regional verdi

Alle tilrådde tiltak og prosjekt skal ha regional verdi – geografisk og / eller etter funksjon. Omgrepet regional viser her til to prinsipielle hovudkriterium:

  • Geografisk kriterium (geografisk nedslagsfelt og verkeområde): Om tiltaket omfattar fleire kommunar og/eller om tiltaket vert gjennomført eller har deltaking frå meir enn to kommunar.
  • Funksjonskriterium (regional funksjon i kraft av oppdrag, storleik, fagleg tyngd, kvalitet og særpreg):

Storleik og omfang treng ikkje vere avgjerande. Fagleg kvalitet og særleg grad av nyskaping m.m. kan også ligge til grunn for at eit tiltak har regional verdi.

Når det gjeld profesjonelle aktørar og miljø vil det ofte vere naturleg å stille høgare krav til fagleg tyngd og fagleg kvalitet.

Festivalar ol.

Det arbeidast med nye retningsliner for fylkeskommunal stønad til festivalar og store kultur- og idrettsarrangement. Dei same vurderingskriteria gjeld sjølvsagt for festivalane som for andre søkjarar, men det har erfart at det ville vere høveleg med nokre eigne føringar for festivalfeltet. Det er sett at punkt som dette vil vere førande for prioriteringane for støtte til festivalar:

  • Tilskot til festivalen frå kommune og stat og forankring i heimkommune og –region
  • Festivalen sin eigenart, kunstnarlege profil og fokus på utvikling av det kunstnarlege uttrykket
  • Formidlingsevne og publikumsoppslutning

Søknadskrav, sakshandsaming og vedtak

Forvaltningslova skal leggjast til grunn for all søknadshandsaming i Hordaland fylkeskommune. Alle søknader er offentlege.

Kultur- og idrettsavdelinga førebur søknadane for politisk handsaming og vedtak i Utval for kultur, idrett og regional utvikling. Kvar søknad er eit einskildvedtak og innstilling skal grunngjevast i saksframlegget. Vedtak som fråvik frå fylkesrådmannen si innstilling skal også grunngjevast. Utvalet har møte ei gong i månaden. Ein tek sikte på at søknadane vert handsama innan tre månader etter søknadsfrist.

Ang oppsett av budsjett i søknadsskjema:

  • Søkjar skal i søknaden fylle ut budsjettskjemaet og sette inn aktuelle inntekter og utgiftar.
  • Gruppér inntektene og utgiftene i 4 – 9 høvelege kategoriar (t.d. husleige, honorar, billettinntekter, eigeninnsats, offentlege tilskot). Det er mogleg å levere eit meir detaljert budsjett som vedlegg.
  • Budsjettet må vere i balanse. Dette vil si at totalsum til inntekter og totalsum til utgiftar skal vere lik.
  • Dersom ein har søkt andre tilskot, må det kommenterast om desse er innvilga. Dersom ein får svar etter at søknaden er sendt inn, kan ein ettersende dette.

Tips til budsjettet:

  • Dei beløpa som vert ført opp treng ikkje vere heilt nøyaktige, men det må gjerast ei vurdering av kva dei einskilde kategoriane kan ha av kostnad.
  • Det er viktig å vere realistisk når ein sett opp budsjettet. Kommenter gjerne om det er utgifter eller inntekter som er særleg usikre.
  • Sjå til at det er samsvar mellom skildringa av prosjektet («Om prosjektet») og budsjettet. 
  • Det er viktig å få fram verdien av evt. eigeninnsats / frivillig arbeid i budsjettet.

Oppfølging, rapportering og kontroll

Tiltaket skal gjennomførast på den måten og i det tidsrom som går fram av søknaden. Eventuelle vesentlege endringar i prosjektet må meldast skriftleg til sakshandsamar for vurdering og godkjenning. Dersom prosjektet vert avlyst, utsett eller vesentleg endra, kan heile eller deler av tilskotet krevjast betalt attende.

Tilsegnsmottakar skal rapportere og sende inn rekneskap innan 3 månader etter at tiltaket er gjennomført.

Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha høve til å setja i verk kontroll med at midlar vert forvalta som føresett. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha rett til dei dokument og opplysningar ein finn påkravd for sin kontroll.

Klage

Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan ein frist på tre - 3 - veker. Fristen vert rekna frå den dagen søkjar mottok melding om vedtaket. Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans. Ei klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det vert klaga over, årsaka til at det vert klaga og kva endringar ein meiner bør gjerast, og sendast til Hordaland fylkeskommune, Postboks 7900, 5020 Bergen eller hfk@hfk.no.

Relevante dokument

Tidlegare tildelingar

Profilbilde av Tone Stedal Haugland
Tone Stedal Haugland
55239192