Tilskot til kulturbygg med regionale funksjonar

Ordninga skal bidra til etablering av lokale, arenaer, uteanlegg og liknande tiltak med regionale funksjonar for produksjon, utøving og formidling av kunst og kultur.

Kven kan søkje

Søkjarar kan vere kommunar, selskap/stiftingar/organisasjonar eller andre samanslutningar.

Kva kan støttast

Tilskot kan gjevast til kulturhus, fleirbrukslokale eller spesiallokale for kunst og kultur, som t.d. scene, konsertsal, produksjons- og formidlings-/utstillingslokale. For kulturbyggtiltak som har føremål utover dei med regional kulturell verdi, kan det berre gjevast støtte til dei regionale kulturfunksjonane i tiltaket.

Tilskot er normalt på inntil 1/3 av godkjende prosjektkostnader. Unnatak kan gjerast i særlege tilhøve. For søkjarar som har krav på refusjon av meirverdiavgift, skal tilskotsdelen på 1/3 reknast ut frå prosjektkostnadene fråtrekt meirverdiavgift.

Føremål med ordninga

Ordninga skal bidra til etablering av lokale, arenaer, uteanlegg og liknande tiltak med regionale funksjonar for produksjon, utøving og formidling av kunst og kultur. Løyvingane skal gå til kulturbygg i Hordaland som er av ein slik art at det har regional verdi, funksjonar og/eller nedslagsfelt og skal fungere som kulturelle møtestader. Løyvingane skal stø opp om Hordaland fylkeskommune sin kulturpolitikk, nedfelt i regionale planar.

Ytterlegare moment ved vurdering av søknad

Søknader som kjem inn etter fristen vil ikkje bli handsama. Før avgjerd blir tatt skal lokaliseringskommunen få  høve til å uttale seg om søknadar frå eiga kommune.

Søknadskrav, sakshandsaming og vedtak

Søknaden skal innehalde tilstrekkeleg informasjon og dokumentasjon til at fylkeskommunen kan ta stilling til om søknaden skal takast til følgje heilt eller delvis. Dersom søknaden er mangelfull, vil det vere mogleg å rette dette innan ein nærare oppgjeven frist. Dersom manglane ikkje blir retta innan fristen, kan søknaden bli avvist.

Søknad må innehalde:

  • Beskrivelse av prosjekt med opplysninger om funksjon, aktiviteter og behovsunderlag
  • Tegninger
  • Kostnadsoverslag
  • Finansiering
  • Eieforhold/leieavtale
  • Plan for forvaltning, drift og vedlikehold

Oppfølging, rapportering og kontroll

Det skal sendast statusrapportar i samband med utbetalingsoppmodingane. Tilskotsmottakaren skal også sende sluttrapport og revidert prosjektrekneskap med spesifikasjon av det fylkeskommunale tilskotet innan seks månader etter at prosjektet er gjennomført.

Rapportane skal sendast til Hordaland fylkeskommune, Kultur- og idrettsavdelinga. Fylkeskommunen og fylkeskommunen sin revisor har rett til tilkomst til bygget og innsyn i rekneskap og dokumentasjon i slik grad som fylkeskommunen og revisor finn naudsynt av kontrollomsyn.

 Brot på krava til rapportering/kontroll kan føre til at utbetalingar vert haldne attende og at vedtaket om tilsegn vert gjort om heilt eller delvis.

Utbetaling

Hordaland fylkeskommune utbetalar til prosjekt i samsvar med framdrift og likviditetsbehov. Sluttutbetaling skjer etter ferdigattest og revidert rekneskap. Inntil revidert rekneskap ligg føre, skal Hordaland fylkeskommune halde attende minst l0 % av tilskotet.

Tilsegn om tilskot kan gjelde i inntil to år frå underretninga av vedtaket er gjeven til søkjaren. Med mindre søkjaren har bede om utbetaling av tilskotet i samsvar med dokumentert framdrift og likviditetsbehov innan to år etter underretninga, fell tilsegna bort. Renter og inndregne midlar skal nyttast til føremålet for tilskotsordninga.

Klage

Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan ein frist på tre - 3 - veker. Fristen vert rekna frå den dagen søkjar mottok melding om vedtaket. Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans. Ei klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det vert klaga over, årsaka til at det vert klaga og kva endringar ein meiner bør gjerast, og sendast til Hordaland fylkeskommune, Postboks 7900, 5020 Bergen eller hfk@hfk.no.

Profilbilde av Bjørg Larsen
Bjørg Larsen
55239165