Kunstnarstipend

Kunstnarstipend til profesjonelle kunstnarar – innan ulike kunstfelt - busett i Hordaland

OBS! Frå 2016 er det også etablert særskilde stipend innan folkemusikk. 

Kven kan søkje

Du må vere profesjonell, utøvande kunstnar busett i Hordaland for å kunne søkje kunstnarstipenda. Det vert ikkje gitt støtte til personar som er under formell kunstutdanning.

Kva kan støttast

Det vert gitt 5 reise- og/eller kompetansehevingstipend á 25 000 kroner 2 arbeids- og fordjupningstipend á 50 000 kroner. Eit av desse arbeidsstipenda skal gå til ein kunstnar i etableringsfasen.

Ein kunstnar kan søkje om begge typar stipend same år. Om ein har fått stipend gjennom HFK skal det gå minst 3 år før ein igjen vil verte vurdert for evt. nytt stipend.

Det kan søkjast innan følgjande kategoriar:

  • Visuell kunst (inkl. kunsthandverk og design)
  • Musikk
  • Scenekunst(inkl. dans)
  • Litteratur og film
  • Anna/tverrkunstnarleg (kandidatar som vel dette skal vurderast av minst to av dei mest aktuelle juryane).

Føremål med ordninga

Kunstnarstipenda skal gje kunstnarar høve til ein periode med fordjupning og / eller fagleg påfyll. 

Gjennom Regional kulturplan PREMISS : KULTUR har Hordaland fylkeskommune utarbeidd ein tydeleg politikk for det profesjonelle kunstfeltet. Innsatsområde 27 Kunstløft - det profesjonelle kunstfeltet har følgjande mål:

Vilkåra for kunstproduksjon, visning/framføring og formidling av kunst i heile fylket skalstyrkast. Regionen skal ha eit berekraftig og levande kunstliv med komplette verdikjeder.

Ytterlegare moment ved vurdering av søknad

Søknadane vert lagt fram for komitear for følgjande kunstformar:

  • Visuell kunst (inkl. kunsthandverk og design)
  • Musikk
  • Scenekunst(inkl. dans)
  • Litteratur og film

Dei som vel «Anna/tverrkunstnarleg» vert vurdert av minst to av dei mest aktuelle juryane.

Stipendkomitéar vurderer og innstiller søkjarar på grunnlag av ei skjønsmessig vurdering av kunstnarleg aktivitet og kvalitet.  Kultur- og idrettsavdelinga – seksjon for kunst- og kulturformidling tek den heilskaplege vurderinga og lager ei ferdig innstilling til framlegg for Utval for Kultur, idrett og regional utvikling. Innstillinga vert gjort ut i frå ut i frå m.a. søkjartal i dei ulike kunstartane, geografi, tidlegare tildelte stipend.

Undersøkingar visar at kunstnarstipend har størst tyding for unge kunstnarar / kunstnarar i etableringsfasen.

Denne fasen er i endå høgare grad enn elles i kunstnarane sitt yrkesliv økonomisk usikker. Relativt små midlar kan då gjere ein forskjell. I tillegg gir eit stipend også anerkjenning og merksemd til ein kunstnar i startfasen. Difor vil ein tilrå at eit av dei to arbeidsstipenda skal tildelast ein kunstnar i denne fasen, og vi setter dette til at kunstnaren må vere under 40 år.

Søknadskrav, Sakshandsaming og vedtak

Søkjar må fylle ut det nettbaserte søknadsskjemaet for ordninga. Det kan leggast ved inntil 5 vedlegg eller linkar.

Det vert utnemnt stipendkomitéar med medlemmar utnemnde frå følgjande organisasjonar /institusjonar:

  • Visuell kunst (inkl. kunsthandverk og design): Bildende kunstneres forening Hordaland (2 medlemmer), Norske kunsthåndverkere Vest-Norge, VISP, Kunst- og designhøgskolen i Bergen.
  • Musikk: Brak, Vestnorsk Jazzsenter, Griegakademiet, Bergen filharmoniske orkester, Hordaland fylkeskommune – Seksjon for kunst- og kulturformidling
  • Scenekunst (inkl. dans): Proscen, BIT teatergarasjen, Vestlandske teatersenter, Høgskolen i Bergen - Senter for kunstfag, kultur og kommunikasjon
  • Litteratur og film, Norsk forfattersentrum Vestlandet og Vestnorsk filmsenter

Dei fire stipendkomiteane vurderer og innstiller inntil 4 søkjarar på grunnlag av ei skjønsmessig vurdering av kunstnarleg aktivitet og kvalitet. Innstillingane skal vere grunngjevne. Det vert ikkje lagt fram offentlege vurderingar av andre enn dei nominerte kanidatane.

Kultur- og idrettsavdelinga – seksjon for kunst- og kulturformidling tek den heilskaplege vurderinga ut frå innstillingane frå stipendkomiteane og lager ei ferdig innstilling til framlegg for Utval for Kultur, idrett og regional utvikling (KIRU). Innstillinga vert gjort ut i frå ut i frå m.a. søkjartal i dei ulike kunstartane, geografi, tidlegare tildelte stipend. KIRU har det endelege vedtaket i saka.

Oppfølging, rapportering og kontroll

Dei som får tildeling må sende inn rapport på bruken av stipendet innan 3 månader etter at stipendperioden er ferdig. 

Klage

Vedtak om tildeling av stipend  er eit enkeltvedtak etter forvaltningsloven § 2 første ledd bokstav b. Det er såleis klagefrist på vedtaket innan 3 veker etter at det er motteke skriftleg underretning.

Profilbilde av Tone Stedal Haugland
Tone Stedal Haugland
55239192