Kunstnaropphald i Normandie

Annakvart år tilbyr Hordaland fylkeskommune ein kunstnar eit opphald i Normandie. Stipendet er på 30 000 kr.

Med utgangspunkt i eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune, Region Normandie, école supérieure d’arts & médias de Caen/Cherbourg (L’esam Caen/Cherbourg) og Kunst- og designhøgskolen i Bergen (Khib), vil Hordaland fylkeskommune tilby ein kunstnar utdanna frå Khib eit tre månader langt opphald på L’esam Caen/Cherbourg.

Målet med samarbeidet er å annakvart år sende ein ung kunstnar frå Normandie til Hordaland, og annakvart år ein ung kunstnar frå Hordaland til Normandie. Dette året er det altså Hordaland sin tur å sende ein kunstnar herfrå til Normandie.

Søkjarar må vera uteksaminert på masternivå frå Khib i løpet av dei tre siste åra, og må bu og/eller jobbe i Hordaland.

Kunstnaren som blir vald får eit stipend på kr 30 000 frå Hordaland fylkeskommune. 

Utlysingstekst og vedlegg fra 2016

Profilbilde av Charlotte Espeland
Charlotte Espeland
55239976