Kulturelt utviklingsprogram (KUP)

Du kan søkje tilskot til prosjekt fra 1-3 år innan kunst, kultur og kunnskapsutvikling, eller idrett og friluftsliv.

KUP er eit verkemiddel for større satsingar i kulturlivet i Hordaland, og skal støtte nyskapande og målretta prosjekt initierte av kulturlivet . KUP er eit supplement til Hordaland fylkeskommune sin øvrige innsats på kulturområdet, og til annan offentleg eller privat økonomisk medverknad.

Kven kan søkje

Søkjar sine primæraktivitetar skal vere lokalisert i Hordaland, og tiltaket må medverke til utvikling i Hordaland. Søkjaren må vere offentlege eller private organisasjonar eller institusjonar.

Kva kan støttast

Søknadene skal gjelde 1-3-årige prosjekt, og vere innanfor virkefeltet kunst, kultur og kunnskapsutvikling.

Det kan frå 2016 også søkjast støtte til prosjekt innan idrett og friluftsliv. Til saman 500 000 kr kan løyvast kvart år til tiltak på desse to felta.

 

Støttenivå

  • Kr 100.000 – 200.000 – prosjekt på inntil 3 år, vekt på nyskaping, overføringsverdi, samarbeid 
  • Prosjekt over kr 200.000 – prosjekt på inntil 3 år, med større krav til partnarskap, gjennomføringsevne, og administrasjon.

Det bir ikkje gjeve stønad til ordinær drift og investeringar.

 

Krav til søknad

Utval for kultur, idrett og regional utvikling (KIRU) vedtok i møte 16.februar nye programområder og prosedyrer for KUP for perioden 2016 - 2018.

Programområda ligg tett på fokusområda og satsingane i Regional kulturplan for Hordaland 2015-2025. Kulturplanen med tilhøyrande handlingsplan ligg til grunn for fylkeskommunen sine prioriteringar og ei viktig reiskap i vurderinga av søknadene.  

Programområde for 2016 er følgjande:

  • A: Formidling og deltaking
  • B: Samordning og samhandling
  • C: Kunstløftet - kunstnarleg nyskaping

Søknadene skal gjelde 1-3-årige prosjekt, og vere innanfor virkefeltet kunst, kultur og kunnskapsutvikling. Søkjar sine primæraktivitetar skal vere lokalisert i Hordaland, og tiltaket må medverke til utvikling i Hordaland.

Det kan frå 2016 også søkjast støtte til prosjekt innan idrett og friluftsliv. Til saman 500 000 kr kan løyvast kvart år til tiltak på desse to felta. Alle prosjekt skal vurderast ut i frå gjeldande retningsliner og programområde i ordninga.  

Søkjaren må vere offentlege eller private organisasjonar eller institusjonar. Det vert ikkje gjeve tilskot til ordinær drift og investeringar.

Programområde

Utval for kultur, idrett og regional utvikling (KIRU) vedtok i møte 16.februar nye programområder og prosedyrer for KUP for perioden 2016 - 2018.

Programområda ligg tett på fokusområda og satsingane i Regional kulturplan for Hordaland 2015-2025. Kulturplanen med tilhøyrande handlingsplan ligg til grunn for fylkeskommunen sine prioriteringar og ei viktig reiskap i vurderinga av søknadene.  

Kulturelt utviklingsprogram (KUP) for Hordaland er eit verkemiddel for større programsatsingar, og skal støtta prosjekt initierte av kulturlivet sjølv. KUP er eit supplement til Hordaland fylkeskommune sin øvrige innsats på kulturområdet, og til annan offentleg eller privat økonomisk medverknad. Programmet skal på sikt dekkje breidda i kultursektoren, men fordi det er snakk om større satsingar, prioriterer vi nokre få programområde om gongen.

Prosjekt innan idrett og friluftsliv er no innlemma i KUP og kan tildelast midlar inntil kr 500 000.  

Langsiktige mål treng langsiktige og forutsigbare satsingar. Samtidig er utfordringane stadig skiftande. KUP er ein fleksibel reiskap som skal avgrense og målrette innsatsen annakvart år, innanfor fylkeskommunen sine  langsiktige strategiar.

Utlysingane av KUP er å oppfatta som ein invitasjon til kulturlivet om å respondere i forhold til dei vedtekne programområda. KUP skal ha eit høgt presisjonsnivå i forhold til å møta dei behova som finst i kulturlivet, og til å nå konkrete mål. 

Programområda for 2016 er følgjande:

A: Formidling og deltaking

Formidling og deltaking er eit viktig tema for den regionale kulturpolitikken og innsatsområde i PREMISS:KULTUR. Deltaking i kultur- og idrettsaktivitetar er ein måte å høyre til i samfunnet på. Hordaland har eit svært godt og breitt kulturliv, med høg kvalitet og mange spissa kunstuttrykk. Det er eit offentleg ansvar å legge til rette for ein større og breiare bruk av desse mange kulturtilboda, og å oppmuntre og oppmode kulturlivet til å utvikle formidlinga og jobbe for å auke deltaking og bruk. God og nyskapande formidling og aktiv deltaking er ei forutsetning for eit levande kultur- og idrettsliv. Det er viktig å heile tida vidareutvikle dette på generelt grunnlag og gje høve til utprøving og pilotprosjekt gjennom KUP.

Dette handlar også om å nå nye brukarar. Dette er eit sosialt ansvar / samfunnsansvar. Nye typar kulturbrukarar og deltakarar er også naudsynt for utvikling av kunstuttrykket og kulturen i seg sjølve.

Det ligg ei stor forplikting i dette: «Hordalandssamfunnet skal ha eit mangfaldig kulturliv der menneske med ulike livsyn, frå alle sosiale lag, økonomiske livssituasjonar, fysiske og psykiske føresetnader er synlege og deltek.» Både grupper og enkeltpersonar frå ulike samfunnslag og med ulik kulturell bakgrunn, kan oppleve barrierar og utfordingar i møte med kultur- og idrettslivet. Desse kan vere fysiske, mentale eller økonomiske.

Dette programområdet skal, jmf. Regional kulturplan m/ handlingprogram, særleg rettast inn mot tiltak og prosjekt som:

  • Prøver ut nye former for formidling
  • Prøver ut metodar og tiltak for auka deltaking og publikumsutvikling
  • Styrker mangfaldet i aktivitet og deltaking for grupper som treng særskild tilrettelegging
  • Tilrettelegg informasjon for ulike brukargrupper
  • Styrkar kunst- og kulturinstitusjonane og idretts- og friluftslivorganisasjonane sitt fokus på ungdom som publikum, deltakar og kulturbrukar  

B: Samordning og samhandling

Hordaland fylkeskommune meiner at betre samordning og større samhandling er ein god veg å gå for å vidareutvikle kultur- og idrettslivet i fylket. «Kulturpolitikken skal legge til rette for at det profesjonelle kulturlivet og institusjonar på feltet skal styrke sin eigenart, og fremme samarbeid og fellesløysingar. Utvikling av partnarskap mellom ulike fagmiljø og kulturaktørar, vil vere eit viktig verkemiddel for bygging og utveksling av kompetanse».(PREMISS : KULTUR)

Kompetansebygging og –deling er slik ein viktig del av dette programområdet, og dette kan vere på ulike nivå, med ulike metodar og innan ulike fag, kulturfelt og kunstartar. Gjennom regional kulturplan har Hordaland fylkeskommune forplikta seg på å bidra til utvikling og stimulering av kompetansenettverk og kulturpolitikken skal legge til rette for utvikling av arenaer, nettverk og samarbeid på tvers av ulike kulturfelt for kunnskaps- og erfaringsutveksling.

Når det gjeld kunstproduksjon og formidling er det formulert i kulturplanen at fylkeskommunen ønskjer å satse på tiltak som kjem fleire kunstnarar og kulturaktørar til gode, og det er viktig at dette er opne og inkluderande tiltak og møtestader.

Gjennom samordning og samhandling kan ein såleis vere med på å bygge ein betre infrastruktur for kunst- og kulturlivet i fylket, som vil styrke både den skapande og den formidlande delen.

Dette programområdet skal, jmf. Handlingsplan knytt til regional kulturplan, særleg rettast inn mot tiltak og prosjekt som:

  • utviklar tenlege plattformar for dialog, nettverk, samarbeid og kompetanse
  • utviklar møteplassar og samarbeidsmodellar der frivillige organisasjonar kan auke kompetansen, utvikle nettverk og samarbeide med offentleg og profesjonell sektor
  • legg til rette for synergieffektar og kompetanseoverføring mellom kommunar, frivillige organisasjonar, etablerte institusjonar og det frie profesjonelle feltet
  • styrker kunsttilbodet og arrangørkompetansen i fylket ved kompetanseutveksling og samarbeid mellom større institusjonar og mindre miljø
  • legg forholda til rette for samarbeid mellom amatørkulturfeltet og det profesjonelle kunstog kulturlivet.
  • utviklar pilotprosjekt er tverrfaglege og som fremjer fellesproblemstillingar som knyt saman idretts- og kunstlivet.

C: Kunstløft - kunstnarleg nyskaping  

Programområde C. Kunstløft – kunstnarleg nyskaping er eit programområde i KUP som retter seg heilt spesifikt inn mot det profesjonelle kunstlivet med høve til å søkje støtte til produksjon.

Regional kulturplan slår fast i innsatsområde 27 - Kunstløft at vilkåra for kunstproduksjon, visning/framføring og formidling av kunst i heile fylket skal styrkast, og at ein søker ein betre balanse mellom det frie profesjonelle kunstfeltet og det institusjonelle. Det er ein intensjon at regionen skal ha eit berekraftig og levande kunstliv med komplette verdikjeder, og det er mange kunstnarar innan ulike kunstartar som strever med å kunne finansiere spesielt produksjonen av nye verk.

Der er stor aktivitet og kvalitet blant kunstnarane i fylket. Dette må støttast om ein skal oppretthalde og vidareutvikle det høge kunstnarlege nivået ein finn blant kunstnarar innan mange kunstartar. Kunsten er lokal og global. Det skal søkast å utvikle eit internasjonalt kunstliv i heile fylket.

Kulturplanen slår fast at det er eit særleg ansvar for det offentlege å gjere det mogleg å utvikle også det smale kunstnarlege uttrykket. Fylkeskommunen har eit medansvar for å bidra til at regionen byr på gode arbeidsforhold for kunstnarar og kulturarbeidarar, og å motverke kunstnarflukt.

Dette programområdet skal rettast inn mot tiltak og prosjekt innan alle kunstartar som:

  • er av høg kunstnarleg kvalitet
  • utviklar kunstlivet i fylket innan si kunstart
  • utforskar nye samarbeid og samspelsformer mellom ulike kunstartar og kulturformer.
  • kan vere synleg   

Utfyllande om søknad og handsaming

Søknadane skal vere innanfor virkefeltet kunst, kultur og kunnskapsutvikling på feltet.

Det kan også søkjast støtte til prosjekt innan idrett og friluftsliv frå 2016. Til saman 500 000 kr kan løyvast kvart år til tiltak på desse to felta.

Alle prosjekt skal vurderast ut i frå gjeldande retningsliner og programområde i ordninga.  

Søkjar sine primæraktivitetar skal vere lokalisert i Hordaland, og søknaden må medverke til utvikling i Hordaland.

Søkjaren må vere offentlege eller private organisasjonar eller institusjonar, deriblant føretak, foreiningar/lag og stiftingar. Utøvarar med registrerte einskildføretak kan også søkje. Private einskildpersonar kan ikkje søkje, med unntak av tilfelle der føresetnaden er at det vert etablert ein organisasjon, dersom søknaden blir innvilga. Innanfor nokre programområde kan det bli nærare spesifisert kven som kan søkje.

Prosjekttype

Det er ikkje mogleg å søkje om støtte til ordinær drift eller investeringar. Det blir berre gitt støtte til prosjekt med varigheit på inntil tre år. Søknaden skal ta utgangspunkt i dei vedtekne programområda. Ved planlegging av vidare drift for tiltaket utover prosjektperioden, skal søknaden gjere greie for ein vidare finansieringsstrategi.

Tilskot

Prosjekta har normalt tilskottsgrad på inntil 50%. Eigenfinansieringa kan vere arbeidsinnsats. Det kan bli anbefalt at ein har høgare tilskotsgrad innanfor nokre programområde (t.d. 80%). Stønadsbeløpa vil variere etter prosjekttype. Det kan skiljast på lengd på prosjekt, tilskottsgrad og eventuelt programområde:

  • 100.000 – 200.000 – prosjekt på inntil 3 år, vekt på nyskaping, overføringsverdi, samarbeid
  • Prosjekt over 200.000 – prosjekt på inntil 3 år, med større krav til partnarskap, gjennomføringsevne, administrasjon, osb.

Det kan i enkelte tilfelle gjevast lågare summar som stimuleringsmidlar til mindre prosjekt/tiltak, eller økonomisk starthjelp for eit prosjekt som er i ein fødselsfase.  

Søknadsfrist for 2016: 1. juli.

Søknadsskjema vert publisert om lag 6 veker før søknadsfrist.

Handsaming i Utval for kultur, idrett og regional utvikling vert sannsynleg i september-møtet.

Vilkår for tildeling

Det vert ikkje gjeve stønad til ordinær drift og investeringar.
Søknaden skal vera innretta mot eit eller fleire programområde.

Ved den skjønnsmessige vurderinga vil det mellom anna bli lagt vekt på:

  • i kva grad prosjektet har resultat som bidreg til å oppfylle mål i programområdet
  • i kva grad prosjektet er nyskapande og kan ha verdi som pilotprosjekt
  • i kva grad prosjektet har betyding for større regionar, heile fylket eller Vestlandet
  • i kva grad prosjektet har eit høgt kvalitativt nivå
  • i kva grad prosjektet vil føre til meirverde for kultursektoren
  • i kva grad prosjektet klarer å bli synleg
  • i kva grad prosjektet kan seiast å ha berekraft og gjennomføringsevne
  • i kva grad ein har lukkast med å samarbeide med andre og på tvers av kultursektoren
  • i kva grad ein har tatt med vurdering av eventuell drift av tiltaket etter prosjektperioden (varig drift)
  • i kva grad ein kan oppnå full prosjektfinansiering (nasjonal/internasjonal)

Tilråding og vedtak

Sakshandsaming og tildelingskriterium har som siktemål å sikre eit forsvarleg, forutsigbart og etterprøvbart grunnlag for skjønnsutøving i handsaming av søknadene. Tilrådinga vert gjort på ein måte som er transparent og objektiv, med vekt på å sikre mot ugrunna forskjellshandsaming og vilkårlegheit. Alle dokument knytt til søknad og handsaming er offentlege.


Fylkesrådmannen legg fram innstilling til vedtak. Utval for kultur, idrett og regional utvikling (KIRU) er politisk avgjerdsorgan og gjer endeleg vedtak.
Inntillinga vert offentleg ei veke før møte i utvalet og vert publisert under politiske saker. Her vil du og finna vedtak i saka dagen etter at møtet er gjennomført.

Politisk handsaming

Handsaming i Utval for kultur, idrett og regional utvikling (KIRU), sannsynleg i september-møtet.

Klagerett

Vedtak kan påklagast etter reglane i forvaltningslova kap. VI.

Statusrapportering og oppfølging i prosjektperioden 

For fleirårige prosjekt skal signert statusrapport sendast på rapporteringsskjema kvart år. Dette gir grunnlag for utbetalingane i perioden.

Møter for oppfølging og evaluering av prosjektet skal gjennomførast ved behov og etter nærare avtale.  

Presentasjon av prosjektet 

Fylkeskommunen vil leggja ut ein presentasjon av dei einskilde prosjekta på fylkeskommunen sine nettstader, mellom anna for å leggja til rette for kontakt, nettverkbygging og auka overføringsverdien. Tilsegnsmottakar må innan fyrste halvår gje ein kortfatta presentasjon av prosjektet i tekst og bilete/foto og kontaktinformasjon, samt godta at dette materialet deretter kan nyttast til føremålet.  

Rapportering med rekneskap ved prosjektslutt

Sluttrapport skal sendast til fylkeskommunen ved prosjektslutt. Sluttrapporten skal innehalda desse punkta:  

  • Kort om bakgrunn og målsetting for prosjektet
  • Greie ut om gjennomføringa av prosjektet og i kva grad målsettinga vart nådd.
  • Oppsummering av prosjektarbeidet, erfaringar som til dømes sterke/svake sider ved organisasjon/gjennomføring, fylkeskommunal medverknad mv.
  • Eventuell vidareføring av prosjektet, overføringsverdi
  • Sluttrekneskap signert av prosjektansvarleg, skal sendast til Hordaland fylkeskommune, Kultur og idrettsavdelinga ved prosjektslutt. Statsautorisert revisor skal attestere sluttrekneskapen for tilsegn frå og med kr 100 000,-.
  • Tilsegnsmottakar må også gje ei supplerande presentasjon i tekst/foto ved prosjektslutt.  
Kultur
Profilbilde av Ronny Skaar
Kultur
Profilbilde av Marianne Ose Askvik
Marianne Ose Askvik
55239543
Idrett og friluftsliv
Profilbilde av Britt Karen Spjeld
Britt Karen Spjeld
456 66 326