Driftsstønad til regionale barne- og ungdomsorganisasjonar

Føremålet med denne driftstilskotsordninga er å leggje til rette for barn og ungdom si deltaking og engasjement i organisasjons- og samfunnslivet.

Kven kan søkje

Organisasjonar som kan ta i mot driftstilskot må vere frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar med regionalt virke (sjå nedanfor) og med minst 50 teljande medlemmer totalt i Hordaland fylke.

Godkjent medlemstall er tal på medlemmer som har betalt årskontingent i løpet av føregåande kalenderår. Eit teljande medlem er ein person som pr. 31. desember i føregåande år er under fylte 26 år.

Regionalt virke inneber at organisasjonen kan vise til aktivitet i minst 3 kommunar i Hordaland.

For å vere definert som ein friviljug barne- og ungdomsorganisasjon under denne ordninga må organisasjonen leggje til rette for at dei unge medlemmane gjennom eigen aktivitet får høve til å utvikle seg innanfor organisasjonen sitt virkefelt.

Overordna krav til søkar

Driftstilskot kan tildelast frivillige organisasjonar med regionalt virke som i sine vedtekter:

  • Har eit tydeleg føremål, sjølvstende, organisasjonsform og oppbygging for fylkesledd / regionalledd, eventuelt også lokalledd og sentralledd dersom organisasjonen har det.
  • Kan vise til at organisasjonen arbeider for barn og ungdom med tema som gjeld barn og ungdom, og har barn og ungdom som deltakarar i sine aktivitetar.
  • Kan vise til at organisasjonen har ei ideell  målsetjing. 
  • Kan vise til at eit eventuelt overskot vil kome organisasjonen eller andre samfunnsnyttige føremål til gode.
  • Er i samsvar med norsk lovgjeving.
  • Ikkje skapar hinder for full deltaking for barn og ungdom frå alle samfunnsgrupper, uavhengig av kjønn, etnisitet, nedsett funksjonsevne eller seksuell orientering.
  • Sikrar at også medlemer under 15 år har arenaer / organ der dei kan fremje sine synspunkt eller øve innverknad over arbeidet i organisasjonen.
  • Kan vise til at organisasjonen har ei nettverksrolle eller er ei paraplyordning for andre grupper / lokallag i Hordaland
  • Organisasjonen må ha minst 50 teljande medlemer totalt i Hordaland fylke.
  • Teljande medlemer må betale årskontingent til organisasjonen.
  • Organisasjonen må ha eit demokratisk avgjerdssystem som fremmer medlemene sine interesser. I ein organisasjon som vert tildelt driftstilskot skal alle medlemmer over 15 år ha lik rett til påverknad i dette avgjerdssystemet, og dermed lik rett til å bli valt inn i dei organ organisasjonen har.
  • I organisasjonar der medlemer under 26 år utgjør mindre enn 50 % av det totale medlemstalet, må organisasjonen ha eit eige styre for barne- og ungdomsarbeidet.
  • Organisasjonen må ha organisasjonsnummer, eige budsjett, årsmøtevalt styre og handsame styret sitt årsrekneskap og årsmelding. Organisasjonar som skildra i punkt D. må ha årsmelding for barne- og ungdomsarbeidet.
  • Dersom organisasjonen har fleire enn eitt regionalledd i Hordaland, vil det vere øvste leddet i Hordaland som er rett mottakar av driftstilskotet.
  • Dersom søkjar er ein del av ein moderorganisasjon, skal søkjar leggje ved både eigne vedtekter og vedtekter til moderorganisasjonen. Vedtektene til moderorganisasjonen skal vere i samsvar med kriteria for denne tilskotsordninga.

Krav til organisasjon

For å bli definert som ein frivillig barne- og ungdomsorganisasjon under denne ordninga må organisasjonen leggje til rette for at dei unge medlemane gjennom eigen aktivitet får høve til å utvikle seg innanfor organisasjonen sitt virkefelt.

Når det gjeld medlemskap, kan ein organisasjon  avgrense medlemskap til dei som sluttar opp om organisasjonen sitt livssyn eller verdigrunnlag. Til dømes vil ein religiøs organisasjon ha høve til å avgrense medlemskap til dei med same religiøse livssyn, og ein organisasjon som kjemper mot rusmidlar vil kunne kreve at medlemene skal ta  avstand frå rusmidlar. Når det gjeld val av tillitsvalte i organisasjonen, og arrangement / kurs o.a. i regi av organisasjonen, så kan ikkje ein person vere diskvalifisert på bakgrunn av  kjønn, etnisitet, seksuell legning eller nedsett funksjonsevne.

Organisasjonar som fell utanfor denne ordninga / Det vert ikkje tildelt støtte til:

  • Organisasjonar som har idrett/sportslek eller mosjon som sin hovudaktivitet.
  • Organisasjonar som har kommersielle aktivitetar som sin hovudaktivitet.
  • Organisasjonar som har diskriminerande innhald i sine vedtekter og / eller aktivitetar.
  • Organisasjonar med tidsavgrensa føremål.
  • Særorganisasjonar for barn og unge under utdanning.
  • Organisasjonar som har aktiviteter som er knytt til eller integrert i utdanningstilboda si undervisning.
  • Organisasjonar som får driftstilskot etter budsjettvedtak i Hordaland fylkeskommune.

Utrekning av tilskot

Driftstilskotet vert rekna ut frå følgjande faktorar til godkjente søkjarar:

  • Grunnstønad: 5000 kroner per organisasjon.
  • 20% i forhold til kor mange kommunar i Hordaland organisasjonen har medlemmer frå.
  • 40% i forhold til organisasjonens samla tal på teljande medlemmer i Hordaland.
  • 20% i forhold til tal på kommunar organisasjonen har aktivitetar.

Ekstra stimulans i samsvar med føremålet for ordninga

  • 5% til organisasjonar der minimum 40 % av kvart kjønn er representert i styret.
  • 5% til organisasjonar der medlemmer under 26 år er representert i hovudstyret.
  • 10% der teljande medlemmer utgjer minimum 50 % av det totale tal på medlemmer i organisasjonen.
  • Organisasjonar som oppnår målsetjinga med likestilling og som arbeider aktivt for rekruttering og medverknad av barn og ungdom til organisasjonslivet vil oppleve ein ekstra stimulans etter nemnte faktorar.
  • Ein einskild organisasjon kan ikkje tildelast meir enn 10 % av den totale fordelingssummen.

Føremål med ordninga

Ordninga skal stimulere organisasjonane til engasjement og medansvar, og sikre organisasjonane som arena for medråderett, ytringsfridom og demokrati for barn og ungdom.

Driftstilskotet  skal styrke organisasjonsutvikling for barn og unge i organisasjonar som består av aktivt fungerande medlemmer og der medlemmene sjølv står for utøving av verksemda. Driftstilskotet skal auke barn og unge sine moglegheiter til deltaking, medverknad, ansvar, engasjement, samfunnsinnsikt og positiv livsoppleving ved deltaking i barne- og ungdomsorganisasjonar, og styrke desse som demokratiske verksemder.

Søknadskrav, Sakshandsaming og vedtak

Forvaltningslova skal leggjast til grunn for all søknadshandsaming i Hordaland fylkeskommune. Alle søknader er offentlege.

Kultur- og idrettsavdelinga førebur søknadane for politisk handsaming og vedtak i Utval for kultur, idrett og regional utvikling. Kvar søknad er eit einskildvedtak og innstilling skal grunngjevast i saksframlegget. Vedtak som fråvik frå fylkesrådmannen si innstilling skal også grunngjevast. Utvalet har møte ei gong i månaden.

Oppfølging, rapportering og kontroll

Søkjar skal leggje ved siste godkjente årsmelding, rekneskap, medlemsliste og vedtekter for organisasjonen i søknaden.

Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha høve til å setja i verk kontroll med at midlar vert forvalta som føresett. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha rett til dei dokument og opplysningar ein finn påkravd for sin kontroll.

Klage

Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan ein frist på tre - 3 - veker. Fristen vert rekna frå den dagen søkjar mottok melding om vedtaket. Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans. Ei klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det vert klaga over, årsaka til at det vert klaga og kva endringar ein meiner bør gjerast, og sendast til Hordaland fylkeskommune, Postboks 7900, 5020 Bergen eller hfk@hfk.no.

Vi gjer merksam på at søkjarar etter Forvaltningslova har rett til å gjere seg kjend med dokumenta i saka med dei avgrensingane som følgjer av §§ 18 og 19.

Profilbilde av Elin Molven Wilhelmsen
Elin Molven Wilhelmsen
55239309