Den kulturelle spaserstokken

Den kulturelle spaserstokken er ei nasjonal kultursatsing som har som mål å sørgje for profesjonell kunst- og kulturformidling av høg kvalitet til eldre. Kommunane i Hordaland kan no søkje tilskot til denne ordninga.

Kven kan søkje

Kommunane i Hordaland.

Kva kan støttast

Tilskot skal ikkje erstatte kommunale tilskot til eksisterande eller planlagde satsingar eller tiltak som allereie er sikra finansiering. Det blir ikkje gitt tilskot til investeringar, utstyr, administrasjonstiltak, planleggingstiltak eller kompetanseutvikling.

80 % av midlane blir basert på ei kvantitativ vurdering og at 20 % blir basert på ei kvalitativ vurdering.

Kvantitativ vurdering:

  1. Tal på innbyggjarar over 70 år i kommunen (fordelingsnøkkel på 60%)
  2. Del av innbyggjarar over 70 år i forhold til lokalbefolkning (fordelingsnøkkel på 10 %)
  3. Areal (fordelingsnøkkel på 10 %)

Kvalitativ vurdering:

  • Programinnhald
  • Nyskaping
  • Utvikling av program
  • Samarbeid

Føremål med ordninga

Den kulturelle spaserstokken er ei nasjonal kultursatsing som har som mål å sørgje for profesjonell kunst- og kulturformidling av høg kvalitet til eldre, la gode kunst- og kulturprosjekt for eldre lokalt bli utvikla innanfor eit mangfald av sjangrar og uttrykk, og leggje til rette for auka samarbeid mellom kultursektoren og omsorgssektoren.

Den kulturelle spaserstokken blir finansiert av Helse- og Omsorgsdepartementet og Kulturdepartementet i fellesskap. Det er i 2015 sett av 30,8 millionar kroner på budsjettet til den kulturelle spaserstokken. Desse midlane bli utbetalt til fylkeskommunane og fordelt vidare til kommunane.

Ytterlegare moment ved vurdering av søknad

Forvaltningslova skal leggjast til grunn for all søknadshandsaming i Hordaland fylkeskommune. Alle søknader er offentlege.

Kultur- og idrettsavdelinga førebur søknadane for politisk handsaming og vedtak i Utval for kultur, idrett og regional utvikling. Kvar søknad er eit einskildvedtak og innstilling skal grunngjevast i saksframlegget. Vedtak som fråvik frå fylkesrådmannen si innstilling skal også grunngjevast. Utvalet har møte ein gong i månaden.

Oppfølging, rapportering og kontroll

Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha høve til å setja i verk kontroll med at midlar vert forvalta som føresett. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha rett til dei dokument og opplysningar ein finn påkravd for sin kontroll.

Klage

Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan ein frist på tre - 3 - veker. Fristen vert rekna frå den dagen søkjar mottok melding om vedtaket. Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans. Ei klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det vert klaga over, årsaka til at det vert klaga og kva endringar ein meiner bør gjerast, og sendast til Hordaland fylkeskommune, Postboks 7900, 5020 Bergen eller hfk@hfk.no.

Profilbilde av Elin Molven Wilhelmsen
Elin Molven Wilhelmsen
55239309