Administrasjonstilskot og grunntilskot til vaksenopplæring

Tilskot til studieforbund for vaksenopplæringsaktivitet

Kven kan søkje

Eit studieforbund må vere godkjend av Undervisnings og Forskingsdepartementet (UFD) og ha dokumentert vaksenopplæringsaktivitet i Hordaland.

Det er kun studieforbunda som kan søke om tilskot, ikkje den enkelte medlemsorganisasjon.

Kva kan støttast

Godkjende studieforbund som har dokumentert vaksenopplæringstiltak i Hordaland får tilskot etter sitt SSB-registrerte studietimetal.

Tilskotet blir utrekna etter timetalet for to år tilbake -  ut i frå statistikken til SSB.

Type aktivitetar som kan få stønad må samsvare med «Forskrifter gitt i medhold av Lov av 28. mai 1976 nr 35 om voksenopplæring».

Føremål med ordninga

Stønad til organisert opplæring i samsvar med ein studieplan som på førehand er godkjend av studieforbundet

Krav til søknad

Søkjar må vere fylkeslag i eit studieforbund på landsplan

Siste avlagde rekneskap, årsmelding og budsjett for inneverande år må vere vedlagt søknaden.

Profilbilde av Elin Molven Wilhelmsen
Elin Molven Wilhelmsen
55239309
Profilbilde av Irene Fredheim Kronen
Irene Fredheim Kronen
55239188