Kunst- og kulturutvikling

Regional kulturplan for Hordaland 2015-2025

Fylkeskommunane har først og fremst eit regionalt kultupolitisk ansvar. Gjennom den regionale ståstaden, basert på både nærleik og avstand, har fylkeskommunane utvikla ein sjølvstendig kulturpolitikk. Han tek utganspunkt i regionale særtrekk og føremoner og er basert på regional kompetanse og kulturell infrastruktur.

Sjå planen

Hordaland fylkeskommune støttar opp under eit sterkt og ambisiøst kunst- og kulturliv, både innan amatørkultur og profesjonell kunst. Vi følgjer opp kunst og kultur med regional verdi, ser utviklingsliner og -potensiale, og skal sjå vidare enn den enkelte kommune og verksemd. Vi gjev økonomiske tilskot  både gjennom faste driftstilskot til organisasjonar og institusjonar, og prosjektbasert støtte. På denne sida finn du oversikt over dei  ulike søknadsordningane.

Hordaland fylkeskommune satsar på kunstprosjekt i fylkeskommunale bygg og opne offentlege rom, og er med på å gje mange høve til å oppleve kunstverk der dei ferdast i kvardagen. Fylkeskommunen har vedtak på å setje av 1,2 prosent av totale byggekostnadar ved nye bygg og større ombyggingar til kunstnarlege føremål. På denne måten har  dei fleste nyare vidaregåande skular  store kunstverk og kunstprosjekt. Som utbyggar av bybanestrukturen har fylkeskommunen ansvar for bybanekunstprosjektet.

Det er vedteke prosedyrar for korleis kunsten i desse prosjekta skal veljast ut og arbeidet kring dette organiserast. Vi byggjer arbeidet vårt på prinsippa og metodane som KORO, statens sitt organ for kunst i offentleg rom har utarbeidd. Det er viktig at både kunstfagleg kompetanse og brukarmedverknad er til stades i utveljinga av kunstverka. Du kan følgje nokre av prosjekta på nettsidene våre. Om det blir lyst ut opne konkurransar eller prekvalifiseringar for kunstnarar, finn du også opplysingar om dette.

Tilskot

Aktuelle saker handsamast i utval for kultur, idrett og regional utvikling

Sjå heile oversikta

Døme på tilskot

Badboy: Steroid

 «Kva får vanlege tenåringar til å sette sprøyter på seg sjølve?», spør forfattaren Annette Münch i ungdomsromanen «Badboy: Steroid». Ho vann Brageprisen i kategorien beste barne- og ungdomsbok, 2014. Denne våren er ho på turné i ungdomsskulane på Askøy, i Fjell, Sund og Øygarden for Den kulturelle skolesekken.

– Eg ønskte å finne ut korleis det faktisk kunne opplevast å nytta anabole steroid. Eg googlet i håp om å finne informasjon, men eg fann berre ei mengd med nettsider som selde det syntetiske dopet. I byrjinga tenkte eg at det var viktig å ikkje gå ut til ungdommen med ein peikefinger og seie FY! Men, etter kvart som eg dykka ned i tilfella, blei det vanskelegare å halde seg nøytral, fordi eg såg dei enorme skadeverknadane, fortel Annette Münch til programleiaren på God morgen Norge i TV2.

Den Kulturelle Skolesekken skal formidle kunst- og kulturuttrykk av beste kvalitet til grunnskulen og den vidaregåande skulen. Føresetnaden for å nå dette målet, er at utøvarar ønskjer å dele sin kompetanse med elevane. Kunstnarar kan søke om å komme inn i ordninga. Det gjorde Annette Münch.