Kunst- og kulturproduksjonar til skulen

Vil du formidle kunst og kultur til skuleelevar? Hordaland fylkeskommune har ansvar for kunst- og kulturformidling til elevar i grunn- og vidaregåande skular i Hordaland.

Programmet vert finansiert og tilrettelagt i samarbeid med Kulturtanken – Den kulturelle skolesekken Norge (tidlegare Rikskonsertane).

Programmet varierer frå år til år. – Ein må kvart år sende inn forslag til programmet. Nokre musikkproduksjonar til grunnskulen turnerer over fleire år, alle dei andre produksjonane vert vurderte og tatt inn i programmet for eit år om gongen. 

Kven kan sende inn forslag?

Profesjonelle utøvarar, institusjonar og andre tilbydarar innan dei ulike utrykka kan sende inn forslag til programmet.

Innhald

Hordaland fylkeskommune sitt samla program skal omfatte visuell kunst, film, litteratur, scenekunst, musikk, kulturarv og kunstartar i samspel. Elevane skal gjennom skulegangen få eit variert tilbod, og oppleve profesjonell kunst og kultur både på skulen, kulturhus og andre kunst- og kulturinstitusjonar/ -arenaer.

Kunst- og kulturformidlingsprogrammet i skulen er for elevane og skal skje i skuletida.

Kulturprogram på bokbåten Epos er ein del av tilbodet. Dersom de kryssar av for framføring på Epos, forventar vi at produksjonen kan tilpassast bokbåten. De finn meir om krava til kulturprogrammet lengre nede på sida under overskrifta Bokbåten Epos – om å vere kulturutøvar om bord.

Føremål med ordninga

Måla med programmet for kunst- og kulturformidling i skulen er:

  • å medverke til at elevar i skulen får eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod,
  • å leggje til rette for at elevar i skulen skal få tilgang til, gjere seg kjende med og få eit positivt forhold til kunst- og kulturuttrykk av alle slag,
  • å medverke til å utvikle ei heilskapleg innlemming av kunstnarlege og kulturelle uttrykk i realiseringa av skulen sine læringsmål,
  • å gje born oppleving av kunst og styrke deira eiga skaparevne,
  • å styrkje born si evne til å stille spørsmål, og stimulere til undring og kritisk vurdering.

Kriterium

HFK har vedteke følgjande kriterium som ligg til grunn for programmet for kunst- og kulturformidling i skulen.

  • Forslagsstillar skal ha levert fullstendig søknad innan fristen, med vedlegg eller lenkje til lyd- og/eller filmopptak der dette er naturleg.
  • Kvar produksjon i programmet skal ha profesjonalitet i innhald og formidling.
  • Programmet skal gjennomførast i skuletida.
  • Programmet skal ha variasjon i uttrykk og sjangermessig breidde, spelestad og formidlingsmåte.
  • Programmet skal tilføre skulen møte med profesjonell kunst og kultur, og ikkje erstatte delar av skulen sin undervisning i estetiske fag.
  • Musikkproduksjonar til grunnskulen skal samsvare med særskilde behov som kjem fram av utlysinga. (Varierer frå år til år.)
  • Det skal vera eit særskild fokus på regionale og lokale utøvarar, og nyskapande kunst skal prioriterast.
  • Det samla programmet skal ha god kjønnsfordeling blant utøvarane.

Økonomi

Hordaland fylkeskommune nyttar vedteke Rammeavtale om oppdrag for Den kulturelle skolesekken, og tariffavtale framforhandla av Musikernes fellesorganisasjon (MFO) og Rikskonsertane. Sistnemnde gjeld for skulekonsertar til grunnskulen.

Rammeavtale for lønsmottakarar

Rammeavtale for sjølvstendig næringsdrivande

Tariffavtale

I særskilde tilfelle kan det verte vurdert å gå inn med mindre produksjonsmidlar. Trong for produksjonsmidlar må spesifiserast i boksen Ev. andre utgifter/produksjonsmidlar i skjemaet. 

Prosessar for handsaming

Hordaland fylkeskommune legg fagleg og praktisk vurdering til grunn for samansettinga av kunst- og kulturtilbodet i skulen.

Det er faggrupper for alle felta i programmet, og eit overordna fagleg råd som mellom anna definerer særskilde satsingar. I faggruppene er det både interne og eksterne representantar, og i det faglege rådet er i tillegg Høgskolen i Bergen, Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune, lærarane og elevane representerte. Ungdomens fylkesutval utgjer eit ungdomsprogramråd som gjev råd om fokus og innhald tidleg i planleggingsprosessen.

Alle forslaga vert vurderte av faggruppene. Ungdomsprogramrådet vel deretter ut to produksjonar som går direkte inn i programmet; ein til grunnskulen og ein til vidaregåande skule. Med bakgrunn i innstilling frå faggruppene og ungdomsprogramrådet sitt val, legg Hordaland fylkeskommune det endelege programmet med omsyn til variasjon i uttrykk, formidlingsstad, formidlingsform etc. Programmet vert vedteke av fagleg råd.

Svarbreva kjem i Altinn til verksemda dersom de skriv organisasjonsnummer eller til privatpersonen dersom de nytta personnummer.  Enkeltpersonføretak /verksemder og organisasjonar må ha organisasjonsnummer når dei sender inn forslaget. Privatpersonar må føre inn personnummeret. Dei siste kan også ev. sende forslag på vegne av ei gruppe.

HFK praktiserer meiroffentlegheit og alle innsende forslag er såleis offentlege. Ta kontakt dersom de har trong for meir informasjon om dette.

Bokbåten Epos - om å vere kulturutøvar om bord

Bokbåten Epos er eit vestlandssamarbeid mellom fylkeskommunane i Hordaland og Møre og Romsdal.

Epos er på tur i Hordaland i mars/april og i november. Kvar tur er på 21 dagar, og har ei rute nord for Bergen og ei rute sør for Bergen. Ein kan søkje om å få begge rutene, eller berre ei.

På bokbåten har bibliotekarar, mannskap og dei som skal ha kulturprogrammet kvar sine ansvarsområder, men er elles eit team for å lage kvart bokbåtstopp til ei god og minnerik oppleving for dei som kjem om bord.

Ein lever tett på kvarandre på Epos, alle har eit ansvar for å gjere opphaldet om bord trygg og triveleg.

Det kan maksimalt vere to kulturutøvarar om bord samstundes, då det er avgrensa med lugarar om bord.

Scena på bokbåten er ikkje bygd opp, og målar om lag 2 x 1,5 meter. Det er ikkje høve til å blende rommet. Scenerommet er det same som bibliotekrommet. Etter kvar framsyning, må programhaldar hjelpe å komprimere eventuell scenerigg og rydde vekk eventuelle effektar.

Det er ulikt kor mange stopp båten har kvar dag, men det vert gjort avtale om opp mot 3 framsyningar kvar dag. Tida på kvar bokbåtstopp kan vere knapp, programmet kan ikkje vare stort meir enn 30 minuttar.

Det kan vere svært varierande kor stort publikummet om bord er, det er opne arrangement. Det kan også eit alderspenn frå 0 til 100 år blant tilhøyrarane, men målgruppa for kulturprogrammet er primært grunnskulen.

Vi gjer merksam på at det om bord vert tilbydd tradisjonell norsk mat.

Til slutt: Ei reise med bokbåten Epos er eit vakkert eventyr. Velkomen til å sende innspel.

For spørsmål om bokbåten ta kontakt med Sigrid Furnes.

Profilbilde av Charlotte Espeland
Charlotte Espeland
55239976
Profilbilde av Jørn Oftedal
Jørn Oftedal