UKM - Ung kultur møtes

UKM står for Ung Kultur Møtes, og er tidlegare kjent som Ungdommens Kulturmønstring. UKM er ingen konkurranse, men er ein viktig møteplass og ei unik oppleving for unge. I UKM kan ein få prøve seg, og i tillegg sjå kva andre ungdommar er oppteken av. UKM vart etablert i 1985 har gjennom åra utvikla seg til å bli det som i dag sjåast som ein av de tre viktigaste offentlige satsingane på barne- og ungdomskultur, saman med kulturskulane og den kulturelle skolesekken.

Kven kan melde seg på UKM?

All ungdom under 20 år kan delta på UKM. I nokre kommunar er det høve å delta frå ein er 10 år, men i dei fleste må ein vere 13 år. Dei som representerer sin kommune på UKM-festivalen i Hordaland må vere mellom 13 og 20 år.

Fyller du 13 eller 20 i år?Du kan delta på UKM frå det året du fyller 13, og til det året du fyller 20. Dersom lokalmønstringa i din kommune har 10-årsgrense kan du delta på denne frå det året du fyller 10)

Du kan berre delta på mønstringar du har tilhøyring til. Dette inneber at du må by i kommunen du deltek på, eller at du går på skule i den kommunen.

Du kan delta med absolutt alt i UKM. UKM er ingen typisk konsert; på UKM kan man delta med alle kulturuttrykk. Du kan også delta bak scenen, i nettredaksjonen eller som arrangør.

Målet med UKM er å ha det gøy, lære, og møte andre som liker det same som deg!

Organisering av UKM

UKM er organisert på nasjonalt plan ved UKM Norge, regionalt plan ved fylkeskommunane og lokalt plan ved kommunane. UKM skal ha fokus på å gi barn og unge ein arena for å vise fram sine eigne kulturuttrykk. Gjennom å arrangere mønstringar på kommunenivå, regionale nivå og nasjonalt nivå får barn og unge eit godt nettverk for å nå fram med sin kultur innanfor ramma av UKM.

UKM er ei av eit nettverk av nærmare 400 små lokale festivalar der ungdom kan delta med alle slags kulturuttrykk. Kvar kommune sender ei gruppe ungdommar vidare til ei fylkesfestival som representantar for sin kommune. Kvart fylke sender i neste omgang omlag 30 deltakarar til den nasjonale UKM-festivalen. På lokalt plan er det om lag 25 000 deltakarar på 360 lokale festivalar. Nærmare 6 500 av desse deltek på 19 fylkesfestivalar, og 550 får høve til å delta på den nasjonale UKM festivalen.

UKM Norge har på vegne av Kulturdepartementet ansvaret for UKM på landsbasis og skal sørgje for at utviklinga av UKM er i tråd med oppdraget som er formulert slik frå staten:

«UKM skal stimulere og synliggjøre ungdommens kulturelle aktivitet – lokalt, regionalt og nasjonalt. UKM skal være et landsomfattende arrangement – åpent for all ungdom».

UKM Norge ønskjer å oppfylle visjonane om stimulans og synleggjøring gjennom UKM sitt hovudprodukt som er visningar av, med og for ungdom. Det er ei målsetting at UKM sine visningar presenterer alle kulturelle ytringar og fangar opp nye strømmingar i ungdomsmiljøa.

UKM Norge arbeider for økt oppslutning, ungdomsmedverknad og betre og breiare nettverk. UKM Norge har som mål at ungdom i alle kommunane i Noreg skal vere med i UKM.

Fylkeskommunen har ansvar for UKM på regionalt plan og har ansvar for å arrangere sin fylkesfestival. Desse arrangementa varierer både i omfang og tal på deltakarar, og totalt er det omlag 6 500 ungdommar som vert sendt vidare til dette trinnet i UKM-systemet.

Det viktigaste UKM-arbeidet skjer lokalt i kommunane der 25 000 ungdommar får sin UKM-oppleving kvart år. I kommunane vert UKM organisert på mange ulike vis. Kommunen står sentralt i gjennomføringa av festivalar og dei tiltak som elles er knytt opp mot UKM. I nokre kommunar vert UKM arrangert i samarbeid med frivillige organisasjonar, medan andre legg større vekt på medverknad og delaktighet frå ungdom.

UKM-festivalen i Hordaland

Hordaland fylkeskommune har ansvar for arbeidet med UKM Hordaland og årleg avvikling av UKM-festivalen i Hordaland. Ungdommane som deltek på festivalen er valt ut til å representere sin heimkommune etter deltaking ved lokale festivalar i Hordaland. Desse ungdommane speglar breidda av det unge kulturlivet i sine kommunar på UKM-festivalen i Hordaland.

UKM-festivalen i Hordaland samlar meir enn 300 ungdommar kvart år og vert arrangert over ei helg i april månad. Festivalen er ei stor pakke av opplevingar, der summen av framsyningar, workshops, sosiale aktiviteter, og overnatting utgjer ein heilskap og et minne for livet. UKM er ei flott plattform for idéutveksling, samarbeid og utvikling av eigne evner. Det er ei målsetjing for UKM Hordaland at alle deltakarane sitter igjen med ei kjensle av å ha vore med på noko veldig kjekt, lært noko nytt, fått vist seg fram, blitt kjent med andre som liker det same som ein sjølv, og fått nye venner.

UKM-festivalen i Hordaland vert arrangert av Hordaland fylkeskommune saman med AKKS Bergen som produsent. 

Profilbilde av Marianne Ose Askvik
Marianne Ose Askvik
55239543