Kunst og kulturformidling i skulen

Hordaland fylkeskommune (HFK) har i oppgåve å formidle kunst- og kulturuttrykk av ypparste kvalitet til alle elevar i grunnskulen og i den vidaregåande skulen. På programmet til Den kulturelle skulesekken (DKS) i Hordaland finn de musikk, film, kulturarv, litteratur, scenekunst og visuell kunst.

HFK set saman programmet for kunst- og kulturformidling i skulen.

I grunnskulen vert tilboda fordelt til skulane, medan i vidaregåande opplæring er det skulen som sjølv vel program. På skulen er det kulturkontakten som har i oppgåve å informere resten av skulen om aktuelle hendingar.

Kulturtanken, Den kulturelle skulesekken er eit samarbeidsprosjekt mellom Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet. DKS vert finansiert av spelemidlar frå Norsk Tipping. Kulturdepartementet fordeler midlane til kommunar og fylkeskommunar.

Hovudmål for ordninga:

  • medverke til at elevar i skulen får eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod
  • leggje til rette for at elevar i skulen skal få tilgang til, gjere seg kjende med og få eit positivt forhold til kunst- og kulturuttrykk av alle slag
  • medverke til å utvikle ei heilskapleg innlemming av kunstnarlege og kulturelle uttrykk i realiseringa av skulen sine læringsmål
  • gje born opplevingar av kunst og styrke deira eiga skaparevne
  • styrke born si evne til å stille spørsmål, og stimulere til undring og kritisk vurdering
Profilbilde av Charlotte Espeland
Charlotte Espeland
55239976
Profilbilde av Jørn Oftedal
Jørn Oftedal