Fylkesmusikarane i Hordaland

I 1992 vart fylkesmusikarordninga i Hordaland oppretta. Føremålet er å vidareføra folkemusikktradisjonane i fylket, synleggjera og auka interessa for folkemusikk og gjera den tilgjengeleg for folk flest.

Fylkesmusikarane er knytt opp til to arbeidsstadar: Hardanger Folkemuseum, Utne og Hordaland fylkeskommune, Bergen. Reidun Horvei, folkesong/kveding og Frank Henrik Rolland, hardingfele er fylkesmusikarar i Hordaland.

Om musikarane:

Reidun Horvei - kveding/song/foredrag/forteljing/kurs

Utdanna ved Bergen Musikkonservatorium, no Griegakademiet, i tillegg til fleire studieår i utlandet. Ho har gjeve ut fleire CD-plater og bokverket Folkesongar i Hordaland (inkl. 2 CD-plater) og skrive utallige kronikkar og artiklar. Ho har også medverka på ei rekkje konsertar i inn- og utland og motteke mange stipend og prisar og har hatt fleire lengre studieopphald i andre land. Sidan 1992 har ho vore fylkeskvedar i Hordaland.

Frank Henrik Rolland - hardingfele/foredrag/kurs

Spelemann frå Ulvik i Hardanger, som har arbeidsstad ved Hardanger folkemuseum og er busett på Utne. Nominert til Spelemannsprisen i år 2000 med CD-en Håstabøslåttar. Han har vore fylkesmusikar i Hordaland sidan 1996. I 2008 kom han ut med solo CD-en «Frank Rolland – hardingfele». Rolland har brei erfaring både frå konsertverksemd og som pedagog, og han er knytt til Ole Bull Akademiet gjennom Master Class Hardanger – International. 

Mogelege oppdrag:

Fylkesmusikarane kan nyttast i alle samanhengar der musikk har ein naturleg plass. Innhald og lengd på oppdraga kan avtalast direkte med kunstnarane.

Dei er røynde kurshaldarar i kveding og hardingfelespel og har oppdragsgjevarar som folkemusikklag, folkemusikkarkiv og einskilde kommunar. Kursa kan leggjast opp etter ynskje. Reidun Horvei kan også setja saman historiske spel på grunnlag av musikktradisjonane i fylket og folkemusikken som finns på staden.

Rettleiande satsar:

Seminar

Pr time kr 600

Heil dag (inntil 6 timar)  kr 3500

Konsert

Pr musikar kr 4000

Kortare innslag: (5 – 10 minutt)

Pr musikar kr 2000

Reise og opphald er inkludert i prisen, dersom ikkje anna er avtalt. For oppdrag av meir omfattande karakter, kan ei ta direkte kontakt med utøvarane. Desse satsane gjeld for det frivillige musikk- og kulturlivet. Andre kan ta kontakt for nærmare avtale.

Kontakt fylkesmusikarane: