Kunst- og kulturformidling

Regional kulturplan for Hordaland 2015-2025:

Samtidskunsten gjev store opplevingar og nye blikk på oss sjølve og på samfunnet. Kunsten opprettheld vår evne til å stille spørsmål, og er slik eit grunnlag for refleksjon; om oss sjølve, om andre, om innovasjon og endring.

Sjå planen

Hordaland fylkeskommune syter for at publikum får oppleve kunst og kultur av ypparste kvalitet i nærmiljøet sitt. Dette gjeld særleg barn, ungdom og seniorar.

Gjennom DKS, Den kulturelle skolesekken, blir eit stort mangfald av kunst- og kulturuttrykk formidla til alle elevar i grunnskulen og den vidaregåande skulen.

I UKM, Ung Kultur Møtes, legg fylkeskommunen til rette for at kreative og driftige unge får utfolde seg som utøvarar og arrangørar innafor ei profesjonell ramme.

Fylkesmusikarane  i Hordaland jobbar for å vidareføre folkemusikktradisjonane i fylket.

Tenester

Aktuelle saker handsamast i utval for kultur, idrett og regional utvikling

Sjå heile oversikta

Gode døme

Samarbeidsavtale om UKM-festivalen

Hordaland fylkeskommune har signert ein samarbeidsavtale med AKKS Bergen om UKM-festivalen i Hordaland 2016 – 2017.

Tilbodet frå AKKS Bergen særmerka seg svært positivt med si skildring av gjennomføringsplan av UKM-festivalen i Hordaland som arrangement i 2016 og 2017, og i si skildring av korleis kulturutvikling blir fremja gjennom arbeid med oppdraget.

UKM (Ung Kultur Møtes) er mange små lokale festivalar kor ungdom kan delta med alle slags kulturuttrykk. Kvar kommune sender kvalifiserte ungdomar vidare til ei fylkesmønstring som representantar for sin kommune. Kvart fylke sender i neste omgang omlag 30 deltakarar til den nasjonale UKM-festivalen.