Tilskot til verna kulturminne i Hordaland

Tilskotsordninga tek sikte på å gje tilskot til istandsetting av verneverdige kulturminne prioritert av kommunane, regulert til bevaring/omsynssone vern i kommunale arealplanar eller vurdert av fylkeskommunen som kulturminne av høg regional verdi. Ordninga skal støtte opp om vedtekne målsettingar, jf «Premiss: Kultur - Regional kulturplan for Hordaland 2015-2025».

Kven kan søkje

Kommunar i Hordaland som har ein vedtatt kulturminneplan.

Kva kan støttast

Kommunane kan berre søka tilskot til faste kulturminne i Hordaland som enten er:

  • Regulert til bevaring/omsynssone etter plan- og bygningslova
  • Prioritert i kommunal kulturminneplan
  • Vurdert av fylkeskommunen som kulturminne av høg regional verdi.

Tilskot skal i første rekkje nyttast til konkrete vernetiltak på bygningar og anlegg. Tilskot kan også nyttast til andre tiltak i handlingsplan til kulturminneplan som kurs og formidling.

Kva kan ikkje støttast:

  • Tiltak på kulturminne i statleg, fylkeskommunalt eller kommunalt eige
  • Tiltak på freda kulturminne.
  • Ordinær vedlikehald og drift

Føremål med ordninga

Det overordna målet er å sikra regionen sine kulturminneressursar som vitskapeleg kjeldemateriale og grunnlag for nålevande og framtidige generasjonars oppleving, sjølvforståing, trivsel og verksemd. Tilskotsordninga sitt føremål er å minimalisera tapet av verneverdige kulturminne, gjennom å støtte kommunar som tek ansvar for å identifisere, verdsetje og forvalte verneverdige kulturminne i tråd med nasjonale og regionale mål. Ordning skal stimulere til auka innsats på kulturminnefeltet og styrka vern av prioriterte kulturminne av lokal og regional verdi.

Ytterlegare moment ved vurdering av søknad

Vilkår for tildeling

Tildeling føreset kommunal eller eventuelt anna finansiering i minst tilsvarande storleik. I særlege høve kan kravet fråvikast. Tiltaka skal fylgje antikvariske retningsliner.

Ytterlegare moment ved skjønnsutøvinga

Det vert lagt vekt på følgjande moment i uprioritert rekkefølgje:

  • Kulturminnet sin regionale kulturminneverdi.
  • Om kommunen har eigedomsskatt, vil det tella positivt om kommunen gjev fritak for bygningar med historisk verde.
  • Om det er etablert kommunal tilskotsordning for kulturminne, tel det positivt.
  • God framdrift- og finansieringsplan, samt forankring lokalt.

Søknadskrav, Sakshandsaming og vedtak

Søknadskrav

Søknaden frå kommunen må innehalde ei kort skildring av tiltaka med finansiering- og framdriftsplan i prioriterte rekkjefølge.

Varigheit

Tilskotet gjeld ut tildelingsåret og det påfølgande år.

Oppfølging, rapportering og kontroll

Rapportering/kontroll:

Kommunane skal rapportere til fylkeskommunen innan 1. februar året etter tilskot er gjeve. Rapporten skal innehalde:

  • Utgreiing av gjennomførte tiltak og eventuelle avvik frå planen for tiltaket.
  • Oversikt over kostnader og finansiering for kvart tiltak.

Fylkeskommunen sin revisor skal ha rett til tilkomst til tiltaket og innsyn i rekneskap og dokumentasjon i slik grad som fylkeskommunen og revisor finn naudsynt av kontrollomsyn. Administrasjonen kan gje utsetjing frå kravet om frist for innlevering av sluttrapport ved særlege høve.

Misleghald

Dersom tiltaka ikkje vert gjennomført eller det ligg føre vesentleg avvik, skal tilskotsmidlane førast attende til fylkeskommunen.

Klage

Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan ein frist på tre - 3 - veker. Fristen vert rekna frå den dagen søkjar har motteke melding om vedtaket. Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans. Ei klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det vert klaga over, årsaka til at det vert klaga og kva endringar ein meiner bør gjerast, og sendast til Hordaland fylkeskommune, Postboks 7900, 5020 Bergen eller hfk@hfk.no.

Vi gjer merksam på at søkjarar etter Forvaltningslova har rett til å gjere seg kjend med dokumenta i saka med dei avgrensingane som følgjer av §§ 18 og 19.

Desse fekk i 2016