Tilskot til skjøtsel og tilrettelegging av arkeologiske kulturminner (BARK)

BARK er ei nasjonal tilskotsordning i regi av Riksantikvaren og står for «Bevaringsprogram for utvalgte arkeologiske kulturminne»

Kven kan søkja:

  • Kommunar som har vedtatt eller har starta opp arbeid med ein kulturminneplan.
  • Museum eller andre lag eller organisasjonar i kommunar kan søkje i samråd med kommunen.

Privatpersonar som ynskjer å søkja må gjera dette gjennom kommunen eller eit lag eller organisasjon.

Kva kan støttast:

Du kan søkja om tilskot til prosjekt som skal rydda, sikra, formidla og tilretteleggja arkeologiske kulturminne, og tiltak som gjer auka tilgjenge eller som medverkar til å avgrensa slitasjen på arkeologiske kulturminne. Kulturminnet må stå på BARK-lista for Hordaland. Lista finn du på denne sida.

Ein kan søkja om tilskot til:

  • Prosjektering
  • Ny tilrettelegging
  • Oppgradering av eksisterande tilrettelegging

Ein kan ikkje søkja midlar til løpande vedlikehald eller drift.
Ein må i søknaden kunne visa til kontakt med eigar og fylkeskommunen

Om søknader som fyller grunnvilkåra skal verte tildelt tilskot beror på ei heilskapleg
vurdering med utgangspunkt i føremålet med ordninga. Det skal leggjast vekt på følgjande
moment (i uprioritert rekkefølgje):

  • Tiltak med særlege høge opplevingsverdiar og stort formidlingspotensiale.
  • Tiltak med stort lokalt engasjement.
  • Tiltak i kommunar der det ikkje tidlegare er skjøtta- og tilrettelagte arkeologiske kulturminne.
  • Tiltak med universell utforming.
  • Kulturminne som er prioriterte av kommunane.

Ein kan søkja om inntil 50% av kostnaden for prosjektet. Riksantikvaren avgjer støttenivå. Dugnad og eigeninnsats kan gå inn som eigenfinansiering av 50%. Dugnad er rekna som eige eller andre sitt arbeid på fritid, og satsen for dette arbeidet er kr 200,- per time.

Føremål med ordninga:

Tilskotsordninga er knytt opp mot ei prioriteringsliste i kvart fylke. Målet med BARK er å sikra og gjera tilgjengeleg arkeologiske kulturminne for publikum gjennom langsiktig skjøtsel. På sikt er det mål om at det skal vera eit tilrettelagt arkeologisk kulturminne i kvar kommune i Hordaland. Hordaland fylkeskommune samarbeider tett med kommunane, grunneigarane, lokale museum, historielag, skular og andre frivillige for å få dette til.

Prioriteringsliste for BARK og BARK-rapport

I 2012 vart det utarbeidd ein rapport med ei liste over prioriterte arkeologiske kulturminne i Hordaland. Alle kommunane i fylket fekk tilsendt brev der dei vart bedt om innspel til kva kulturminne dei ynskte å prioritera. I tillegg til dei kommunale prioriteringane står prosjekt som er starta opp og prosjekt prioritert av fylkeskommu-nen på denne lista. Du finn lenkje til denne lista og rapporten på denne sida.

Prioriteringslista er eit uttrykk for både regionale og kommunale prioriteringar. Den skal sikra at det er ein varia-sjon i kva kulturminne som vert tilrettelagt, til dømes at det ikkje berre vert satt opp skilt ved gravhaugar. Den skal i tillegg spegla kommunale ynskjer og interesser. Dersom du er interessert i eit kulturminne som ikkje er prioritert, må du ta kontakt med kommunen. Dersom kommunen ynskjer å revidera lista, kan den senda ein formell førespurnad om dette til fylkeskommunen.

Rapportering, mislighald og klage

Når søknaden er mottatt av fylkeskommunen får søkjar tilsendt eit mellombels svar, som stadfestar at søkna-den er motteken og gjer greie for vidare prosess. Når tilsegn frå Riksantikvaren ligg føre vil søkjar motta eit brev med anten tilsegn om tilskot eller avslag på søknad. Gjennom desse breva får søkjar informasjon om klagemoglegheit, rapportering, konsekvensar ved mislighald, retningslinjer for utføring av arbeidet, utbetaling og anna. Det er i tillegg lenkja til denne informasjonen under. 

Profilbilde av Solveig Lohne Rongved
Solveig Lohne Rongved
55378044