Tilskot til freda kulturminne i privat eige, kulturmiljø og kulturlandskap

Fylkeskommunen fordeler kvart år tilskot til restaurering og istandsetjing av freda bygningar og anlegg frå nyare tid.

Desse midlane kjem frå posten tilskot til freda kulturminne i privat eige, kulturmiljø og kulturlandskap (kap. 1429, post 71) i statsbudsjettet.

Kven kan søkje

Målgruppa for tilskotsordninga er private eigarar og forvaltarar av freda kulturminne frå nyare tid (etter 1537) samt eigarar og forvaltarar av andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap. Alle eigarar med unnatak av Staten, fylkeskommunen og kommunane kan søkje. Private eigarar og forvaltarar kan vere einskildpersonar, stiftingar, styret i foreining/organisasjon/sameige, kyrkjesokn, sokneråd, frivillige organisasjonar eller liknande.

Dersom søkjaren er ein organisasjon/institusjon, må søknaden fremjast av leiinga for organisasjonen/institusjonen. Dersom ei verksemd er mottakar av tilskot til drift, må ho kunne leggje fram vedtekter, statuttar e.l. og organisasjonsplan eller oversikt over styringsstrukturen i verksemda.

Kva kan støttast

Tilskot skal gå til vernetiltak på freda bygningar og anlegg, kulturmiljø og kulturlandskap, brannsikrings- og beredskapstiltak. Dette gjeld kulturminne frå nyare tid (etter 1537) som er vedtaksfreda, automatisk freda, mellombels freda eller der fredingssak er under handsaming. Det kan òg gis tilskot til særleg verdifulle kulturmiljø og landskap som ikkje er freda. Tilskot gis til heil eller delvis dekning av meirutgifter i samband med istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel.

Føremål med ordninga

Hovudføremålet for kulturminneforvaltninga er å hindre tap av kulturminne og kulturmiljø og ta vare på kulturminna som bruksressursar, og som grunnlag for kunnskap, oppleving og verdiskaping. Tilskotsmidlane må ein sjå i denne samanhengen. Det er òg eit mål at freda og andre særleg verdifulle kulturminne, kulturmiljø og kulturlandskap i privat eige skal vere sett i stand til ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020. Tilskotsordninga følgjer opp dei statlege pliktene i  kulturminnelova. Det vil seie å gi heilt eller delvis vederlag til private eigarar av freda kulturminne til fordyrande arbeid som følgjer av vilkår for dispensasjon, og til spesielt tyngande vedlikehaldsansvar, jf. kulturminnelova.

Ytterlegare moment ved vurdering av søknad

Tilskot til viktige sikrings- og istandsettingstiltak blir tildelt etter følgjande prioriteringar: Tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, mellombels sikring og tiltak som sikrar bygningar og anlegg det finst få av. Tilskot til verdifulle kulturmiljø og landskap skal primært tildelast tiltak som er forankra i forvaltnings- og skjøtselsplanar.

Tilskotsmidlar til skjøtsel av utvalte kulturmiljø som er freda etter kulturminnelova, og andre særleg viktige kulturmiljø skal primært nyttast til praktiske forvaltningstiltak for å setje i stand, skjøtte og sikre kulturlandskap. Tiltaka bør medverke til å utvikle prinsipp og modellar for god forvaltning. Ein vil prioritere prosjekt som gir verknad med omsyn til utvikling, samordning eller samspel og prosjekt som har overføringsverdi. Dei freda kulturmiljøa vil bli prioriterte ved tildeling av tilskot.

Bruk av tradisjonelle materialar, teknikkar og handverk og opplæring og kunnskapsoppbygging er også viktige grunnar for tildeling av tilskot. Utførande handverkarar må ha utdanning eller realkompetanse innan bygningsvern og kunne vise til erfaring frå  tilsvarande prosjekt.

Søknadskrav, sakshandsaming og vedtak

Søknaden må innehalde følgjande:

  • Namn, adresse og kontaktopplysningar for eigar/søkjar. Dersom søkjaren er ein organisasjon/institusjon, må søknaden fremjast av leiinga for organisasjonen/institusjonen.
  • Namn eller adresse på kulturminnet som ein søkjer tilskot til. Kortfatta, presis omtale av prosjektet det vert søkt om pengar til: målet med prosjektet, kva for tiltak som planleggjast, og korleis arbeidet skal gjerast – m.a. metode og materialbruk. Tiltaket må skildrast i tekst og teikningar/foto. Dersom søknaden inneheld fleire prosjekt, må kvart prosjekt bli spesifisert. Det skal finnast ein framdriftsplan.
  • Kven som skal utføra tiltaket (til dømes bruk av arkitekt, handverkarar, andre samarbeidspartnarar, eigeninnsats). Kva for faglege føresetnader søkjar, arkitekt eller handverkarar har for å gjennomføre prosjektet på ein antikvarisk forsvarleg måte.
  • Beløpet som det vert søkt om. Finansieringsplan spesifisert på dei ulike finansieringskjeldene i prosjektet: tilskot frå Riksantikvaren/fylkeskommunen, kommunen, andre offentlege organ, eigenandel og anna finansiering (spesifisert).
  • Utgifter spesifisert på: løn inklusiv feriepengar og arbeidsgjevaravgift, forbruksmateriell, reiser, transport, opphald, konsulenthjelp og andre utgifter (spesifisert). Kostnadsoverslag og tilbod frå utøvande handverkar, arkitekt m.v. skal følgje søknaden. Vidare må søknaden innehalde ei utgreiing av om tiltaket eller delar av tiltaket kan gjennomførast ved mindre tilskot enn omsøkt.

Søknaden skal skrivast på eige søknadsskjema, sjå lenke nedst på sida.

Tildelinga av tilskot vert gjort av fylkeskommunens politiske organ, etter innstilling frå administrasjonen. Dette skjer vanlegvis i april/mai kvart år. 

Vilkår for tildeling

Det må liggja føre planar godkjende av fylkeskonservatoren før arbeidet vert sett i gang. Alle inngrep i freda kulturminne som går vidare enn vanleg vedlikehald krev dispensasjon frå kulturminnelova. Tilsegn om tilskot er ikkje det same som dispensasjon. Før det vert sett i gang arbeid som inneber utskifting av material og/eller bygningsdelar, ny overflatehandsaming eller farge, eller anna arbeid som går ut over enkelt vedlikehald på freda bygningar, må det difor sendast eigen dispensasjonssøknad der dei planlagde tiltaka vert skildra detaljert.

Det er ein føresetnad for utbetaling at arbeidet vert utført slik som godkjent, og at retningslinene nedanfor og i tilsegnsbrevet vert følgt. Skjema for aksept av retningsliner og vilkår må sendast fylkeskommunen innan fire veker etter at tilsegnsbrevet er motteke.

Tilskotsmottakar må skriftleg underrette fylkeskommunen dersom nokre av føresetnadene for prosjektet (teknisk/fagleg, økonomisk eller framdrift) endrar seg, eller dersom noko uventa skjer. Ein må søkje særskilt om å få omdisponert tilskotsmidlar til andre delar av prosjektet eller andre tiltak.

Det er ein føresetnad at bygningar og anlegg som får tilskot er forsikra. Fylkeskommunen kan i særlege tilfelle gå bort frå dette kravet.

Utbetaling av tilskot skjer på bakgrunn av oppmoding om utbetaling frå tilskotsmottakar. Oppmodinga skal innehalde dokumentasjon på at tiltaket er sett i gong eller utført. Eventuell forskotsutbetaling må avtalast spesielt i kvart enkelt tilfelle. 

Oppfølging, rapportering og kontroll

Så snart som mogleg etter at prosjektet er avslutta, skal det sendast inn rekneskap og sluttrapport. Dersom arbeidet går over fleire år, skal det sendast inn rapport og rekneskap kvart år innan 15. januar eller den fristen som står i tilsegnsbrevet. Rapporten skal innehalde relevant dokumentasjon som klart viser korleis tiltaket er gjennomført og om måla er nådd. Tilsegnsbrevet kan innehalde nærare krav til rapportering.

Ved prosjekt som får tilskot, kan fylkeskommunen krevje at det sendast kopi av rekneskapsbilag. Det kan også krevjast attestasjon frå revisor. Riksantikvaren og Riksrevisjonen har rett til å føre kontroll med at tilskotet vert brukt etter føresetnadene.

Fylkeskommunen tar atterhald om at tilskotet kan krevjast betalt tilbake, heilt eller delvis, dersom mottakar gir gale opplysningar. Dette gjeld også om kostandene viser seg å verte vesentleg lågare enn budsjettert, eller dersom tiltaket ikkje vert gjennomført etter føresetnadene.

Klage

Vedtak om tildeling kan påklagast i medhald av forvaltningslova § 28. Riksantikvaren er klageinstans, men klage skal sendast til Hordaland fylkeskommune, Kultur- og idrettsavdelinga. Klagefrist er tre veker frå søkjaren fekk underretning om vedtaket.

Profilbilde av Stein Ottosen
Stein Ottosen
55239174