Tilskot til sikring og istandsetjing av verna fartøy

Fartøy utgjer ein viktig del av den norske kulturarven, og Hordaland er det fylket med flest freda og verneverdige fartøy i landet.

Fartøyvern er eit fagområde der frivillige, lag og organisasjonar har teke på seg eit stort fagleg og økonomisk ansvar. Tilskotsordninga for fartøyvern er eit bidrag frå det offentlege for å støtte opp under dette arbeidet. Halvparten av midlane er løyva av Hordaland fylkeskommune og resten av Riksantikvaren.

Kven kan søkje

Målgruppa for ordninga er eigarar og forvaltarar av flytande kulturminne i Hordaland. Kommunar, foreiningar, stiftingar, andre samanslutningar og private kan søkje. Fartøya må ha heimeadresse i Hordaland. Etter nærare vurdering kan kravet fråvikast kravet dersom fartøyet har størsteparten av seglingstida si i fylket. Det kan berre søke tilskot for fartøy som har fått tildelt status som verneverdig av Riksantikvaren.

Kva kan støttast

Sikring og istandsetjing av fartøy med heimeadresse i Hordaland, som har fått tildelt status som verneverdig fartøy av Riksantikvaren.

Følgjande vilkår må vere oppfylte for at tilskot skal kunne tildelast:

  • Tiltaket må liggje innafor og bidra til å realisere føremålet med ordninga.
  • Det vert ikkje gitt faste/årlege tilskot til drift.
  • Tilskot til tiltaket skal normalt ikkje overstige 50 % av kostnadene. Ved særlege høve kan administrasjonen fråvike dette kravet.
  • Status på tiltaket må meldast tilbake innan utganen av tildelingsåret.
  • Det kan ikkje tildelast tilskot til fartøy som staten eller fylkeskommunen er eigarar av.

Føremål med ordninga

Målet med tilskotsordninga er å sikre og setje i stand fartøy i Hordaland for vidare bruk, og som grunnlag for kunnskap, oppleving og verdiskaping.

Ytterlegare moment ved vurdering av søknad

Om søknader som fyller grunnvilkåra skal løyvast tilskot byggjer på ei heilskapleg vurdering med utgangspunkt i føremålet med ordninga, der det mellom anna vert lagt vekt på følgjande moment (i uprioritert rekkefølgje):

  • Kulturminnet sin kulturminneverdi og viktigheit av tiltaket
  • Søkjar sin kompetanse og gjennomføringsevne
  • I kva grad tiltaket kjem ålmenta til gode
  • Representativitet

Søknadskrav, sakshandsaming og vedtak

Søknaden må innehalde tilstrekkeleg informasjon/dokumentasjon og minst gjere greie for følgjande:

  • Fartøyet sin kulturminneverdi
  • Behov for tiltaket
  • Val av løysingar
  • Plan for gjennomføring
  • Finansieringsplan og budsjett
  • Dokumentasjon på at naudsynt myndekrav for tiltaket er oppfylt
  • Effekt av tiltaket for ålmenta

Søknaden skal vere signert av ansvarleg søkjar. Dersom andre enn eigar er søkjar, skal søknaden også vere signert av eigar eller rett representant for eigar. Dersom søknaden er mangelfull, kan det verte høve til å rette dette innan ein nærare fastsett frist. Dersom manglane ikkje er retta innan fristen, kan søknaden verte avvist.

Oppfølging, rapportering og kontroll

Søkjar skal rapportera status innan utgangen av tildelingsåret og endeleg rapport må innleverast innan 15. november seinast to år etter at løyvinga er gitt.

Rapporten skal innehalde:

  • Utgreiing av gjennomførte tiltak og eventuelle avvik frå planen for tiltaket
  • Rekneskap m/oversikt over kostnader og finansiering
  • Dokumentasjon i form av foto e.l.

Søkjar skal elles varsle fylkeskommunen dersom det oppstår vesentlege avvik frå prosjektplanen i prosjektperioden.

Fylkeskommunen og fylkeskommunen sin revisor skal ha rett til tilkomst til tiltaket og innsyn i rekneskap og dokumentasjon i slik grad som fylkeskommunen og revisor finn naudsynt av kontrollomsyn. Brot på krava til rapportering/kontroll kan føre til at utbetalingar vert haldne attende og at vedtaket om tilsegn vert gjort om heilt eller delvis.

Misleghald

Dersom tiltaket ikkje vert gjennomført skal midlane førast attende til fylkeskommunen. Dersom det ligg føre vesentlege avvik frå prosjektsøknaden, kan vedtaket om tildeling verte gjort om heilt eller delvis. Pengane kan i så tilfelle krevjast ført attende heilt eller delvis.

Klage

Vedtaket kan påklagast i medhald av forvaltningslova § 28. Klagenemnda for Hordaland fylkeskommune er klageinstans. Klage vert sendt til Hordaland fylkeskommune, Kultur- og idrettsavdelinga. Klagefrist er 3 veker frå søkjar mottok underretninga om vedtaket.

I Hordaland fylkeskommune si underretning til søkjarane om vedtak, skal det mellom anna opplysast om klagetilgang, klagefrist og partsinnsyn mv. jfr. forvaltningslova § 27 tredje ledd.

Profilbilde av Stein Ottosen
Stein Ottosen
55239174