Museumsløft 2017

Tilskotsordning for å styrke dei konsoliderte musea og vidareutvikle gjeldande satsingar frå Regional plan for museum 2011-2015.

NB! Ordninga vil bli revidert ila. sommaren 2017.

Kven kan søkje

Dei ti konsoliderte museumseiningane Baroniet Rosendal, Bergens Sjøfartsmuseum, Bymuseet i Bergen, Hardanger og Voss museum, KODE-Kunstmuseene i Bergen, Museumssenteret i Hordaland, Museum Vest, Norsk Vasskraft- og industristadmuseum, Olav H. Hauge-senteret, og Sunnhordland museum.

Kva kan støttast

Søknader knytt til Kulturplanen sitt innsatsområde 16 Museumsløft med følgjande tiltak:

  • Tiltak A: Styrkje musea i høve drift og investeringar
  • Tiltak B: Vidareføring satsing på tematiske og regionale ansvarsmuseum og hovudtema i Regional plan for museum 2011-2015
  • Tiltak C: Utarbeide fellesløysingar innan IKT, magasin, arkiv, publikumsutvikling og fotografi, jmf. Regional plan for museum 2011-2015.
  • Tiltak D: Styrke Bevaringstenestene og musea si samlingsforvalting

Føremål

Museumsløft skal styrke musea og vidareutvikle gjeldande satsingar frå Regional plan for museum 2011-2015. Musea skal utviklast som sterke kunnskapssentra og organisasjonar og vere profilerte samfunnsaktørar som utviklar samfunnet med kunnskap om fortid, samtid og framtid. 

Ytterlegare moment ved vurdering av søknad

  • Gjennomføringsevne og realisme i prosjektet
  • Kvalitet på tiltaket
  • Museet som samfunnsaktør
  • Fokus på fornyiing
  • I kva grad ei tildeling vil løyse særlege utfordringar

Søknadskrav, sakshandsaming og vedtak

Dei ti konsoliderte musea kan sende inn ein søknad kvar for sitt museum/tiltak. I tillegg kan museet sende inn ein eller fleire fellessøknader med eit eller fleire av dei andre konsoliderte museum.

Søknaden må innehalde prosjektomtale med god skildring av tiltaket og bakgrunn for søknaden. Den skal knyttast opp mot hovudinnhaldet i Regional plan for museum 2011-2015 med vekt på musea som samfunnsaktør og ein eller fleire av dei fire f-ane forvalting, forsking, formidling og fornying. Budsjett skal leggjast ved. Det skal opplysast om gjennomføringsperiode. Det skal opplysast om kva for tiltak under innsatsområde 16 Museumsløft tiltaket fell inn under.

Gjennom aktivitetar, informasjonsmateriale mv skal det gjerast tydeleg at Hordaland fylkeskommune er tilskotsgjevar. Dokumentasjon av dette skal leggjast ved rapport.

Om ein har opne, publikumsretta arrangement er det ein føresetnad at tilskotsmottakar aksepterer og nyttar ordninga med følgjekort for funksjonshemma. Funksjonshemma som kjøper billett skal då ha rett til gratis billett til sitt følgje.

Forvaltningslova skal leggjast til grunn for all søknadshandsaming i Hordaland fylkeskommune. Alle søknader er offentlege.

Kultur- og idrettsavdelinga førebur søknadene for politisk handsaming og vedtak i Utval for kultur, idrett og regional utvikling. Kvar søknad er eit einskildvedtak og innstilling skal grunngjevast i saksframlegget. Vedtak som avvik frå fylkesrådmannen si innstilling skal også grunngjevast. Utvalet har møte ein gong i månaden. 

Oppfølging, rapportering og kontroll

Tilsegnsmottakar skal rapportere og sende inn rekneskap innan 3 månader etter at tiltaket er gjennomført. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha høve til å setja i verk kontroll med at midlar vert forvalta som føresett. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha rett til dei dokument og opplysningar ein finn påkravd for sin kontroll.

Dei som får tilskot til publikasjonar skal levere minimum 1 eks av denne til Hordaland fylkeskommune når denne er ferdigstilt.

Tiltaket skal gjennomførast på den måten og i det tidsrom som går fram av søknaden. Eventuelle vesentlege endringar i prosjektet må meldast skriftleg til sakshandsamar for vurdering og godkjenning. Dersom prosjektet vert avlyst, utsett eller vesentleg endra, kan heile eller deler av tilskotet krevjast betalt attende.

Utbetaling av tilskot skjer i hovudsak gjennom elektronisk faktura i EHF-format.

Klage

Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan ein frist på tre – 3 – veker. Fristen vert rekna frå den dagen søkjar mottok melding om vedtaket.

Ei klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det vert klaga over, årsaka til at det vert klaga og kva endringar ein meiner bør gjerast, og sendast til Hordaland fylkeskommune, postboks 7900, 5020 Bergen eller hfk@hfk.no merka ”Museumsløft 2016. Klage.”

Vi gjer merksam på at søkjarar etter Forvaltingslova har rett til å gjere seg kjend med dokumenta i saka med dei avgrensingane som følgjer av § 18 og 19.

Profilbilde av Elisabeth Bjørsvik
Elisabeth Bjørsvik
55239194