Løyve til endring av freda kulturminne (dispensasjon frå kulturminnelova)

Hordaland fylkeskommune er forvaltningsmynde for freda bygningar og anlegg frå nyare tid (etter 1537) i Hordaland, med unntak for dei som er i statleg eige. At eit kulturminne er freda inneber at alle endringar som går utover vanleg vedlikehald må godkjennast på førehand av kulturminnestyresmaktene. Dette vert gjort gjennom vedtak om dispensasjon frå kulturminnelova.

Kva krev ikkje dispensasjonssøknad?

Vanleg vedlikehald av freda kulturminne kan utførast utan at ein må søkje om dispensasjon frå kulturminnelova. Med vanleg vedlikehald meinast å ta vare på og reparere dei eksisterande bygningsdelane som vegger, tak, vindauge, dører, listverk og overflater.  Vanleg vedlikehald skal skje i samsvar med tradisjonell metode, utføring og materialbruk og på ein måte som ikkje reduserer dei arkitektoniske og kulturhistoriske verdiane.

Vêrutsette bygningsdelar som vassbord og vindskier kan skiftast utan dispensasjon, føresett at dei har tradisjonell utføring og materialbruk. Kjøkken og våtrom som er laga til etter at bygningen vart freda kan også endrast utan dispensasjonssøknad.

Kontakt fylkeskommunen dersom du er i tvil om eit tiltak er vanleg vedlikehald eller om det krev dispensasjon. Fylkeskommunen kan også gi råd og rettleiing om korleis vedlikehaldet bør gjerast.

Kva krev dispensasjonssøknad?

Døme på tiltak det må søkjast dispensasjon for:

  • Alle inngrep i konstruksjonen til bygningen (grunnmur, vegger, bjelkelag, takverk mm)
  • Utskifting av større felt med utvendig veggkledning
  • Omtekking av tak og andre meir omfattande takreparasjonar
  • Utskifting av vindauge, dører, listverk og piper
  • Utskifting av veggfast inventar i freda interiør, som skap, senger, benkar og omnar
  • Utskifting av kledning og himlingsplater i freda interiør
  • Endring av malingstype eller farge, fjerning av eldre fargelag, reparasjon av dekorerte flater
  • Ombygging/modernisering av kjøkken og bad som er eldre enn fredingstidspunktet
  • Tilbakeføring av bygningen til tidlegare dokumentert tilstand

Så langt som mogleg skal alle endringar eller tilføyingar i freda bygningar utførast slik at dei lar seg tilbakeføre. Det vil seie at dei skal kunne fjernast utan at bygningen vert gjort ringare. 

Krav til søknaden

Søknaden skal klargjere kva eigaren har tenkt å gjere og illustrere dette med fotografi og teikningar.

Opplys så detaljert som råd om planlagt tiltak, planlagt oppstart og lengd på prosjektet. Kva tiltaket går ut på må skildrast presist: kva som skal gjerast, korleis, storleik, utforming, plassering, materialbruk osb. Teikningar, kart og andre illustrasjonar er viktig for handsaming av saka. Opplys så detaljert som råd om bakgrunnen for ønskje om å realisere tiltaket. Opplys så detaljert som råd om noverande situasjon. Foto som viser situasjonen tydeleg er obligatorisk. Sjå også rettleiinga i søknadsskjemaet.

Søknaden skal skrivast på eige søknadsskjema og sendast til Hordaland fylkeskommune. Dette gjeld både vedtaksfreda kulturminne, områdefredingar, kulturmiljøfredingar samt forskriftsfreda kulturminne i privat eige. Lenke til søknadsskjemaet finst nedst på denne sida.

For bygningar frå før 1537 og freda kulturminne i statleg eige skal dispensasjonssøknad sendast til Riksantikvaren.

Vurdering av søknaden

Føremålet for fredinga, slik det går fram av fredingsvedtaket, fredingsforskrifta eller presiseringsdokumentet for fredinga, spelar stor rolle i vurderinga av dispensasjonssøknaden. For å kunne gi dispensasjon må det ifølgje kulturminnelova liggje føre eit særleg tilfelle, og tiltaket må ikkje innebere eit vesentleg inngrep i kulturminnet. Med særleg tilfelle vert m.a. meint tiltak som er naudsynt av omsyn til formålet med fredinga. Dette kan vere istandsetting og restaurering, tilbakeføring til tidlegare utsjånad eller konstruksjonar, brannsikring og andre tiltak som skal trygga kulturminnet, tilrettelegging for fortsatt bruk av kulturminnet, eller universell utforming.  Kva som er eit vesentleg inngrep byggjer på eit fagleg skjønn, der arten og omfanget av inngrepet vert vurdert opp mot arten, storleiken og dei kulturhistoriske verdiane til kulturminnet.

Freda bygningar oppnår best vern når dei er i bruk. Ved handsaminga av dispensasjonssøknaden skal det leggjast vekt på at eksisterande bruk vert ført vidare, eventuelt at det vert lagt til rette for ny bruk. Endringar skal gjerast på ein måte som tek i vare dei kulturhistoriske og arkitektoniske verdiane. Ved etablering eller oppgradering av kjøkken og våtrom skal ein leggja vekt på å finne løysingar som tilfredsstiller bruksbehovet, og samstundes grip minst mogleg inn i dei kulturhistoriske verdiane. Omsynet til universell utforming er særs viktig, og forvaltinga skal her vere løysingsorientert. 

Villkår for dispensasjon

Dersom det  ved dispensasjon etter kulturminnelova § 15a første ledd vert sett vilkår for dispensasjonen

som fordyrar arbeidet, skal private eigarar eller brukarar få heilt eller delvis vederlag for denne utgiftsauka, jf. kulturminnelova § 15a andre ledd. Eit delvis vederlag skal normalt utgjere minst 50 % av meirutgiftene. Som meirkostnad kan også reknast bistand frå arkitekt og/eller byggeleier til å finne ei løysing som kulturminnemyndet kan godta. Bruk av slik kvalifisert hjelp skal avtalast med kulturminnemyndet på førehand.

Handsaming av søknaden

Søknader om dispensasjon vurderast og avgjerast av Hordaland fylkeskommune. Fylkeskommunen skal så langt som mogleg vere til hjelp med råd og rettleiing knytt til dispensasjonssøknader. Er opplysningane mangelfulle, vil sakshandsamar måtte be om supplerande materiale. Det vil i nokre høve vere naudsynt med synfaring på staden for å vurdere korleis tiltaket kan gjerast, eller eventuelt kome fram til andre løysingar om styresmaktene ikkje er tilfredse med forslaget.

Dispensasjonssøknaden skal handsamast innan tre månader etter at den er motteken. Dersom søknaden ikkje kan handsamast innan ein månad, skal fylkeskommunen gi eit førebels svar der ein gjer greie for  kvifor det tek lenger tid og, så langt som mogleg, når ein kan venta svar på søknaden. 

Klage

Dispensasjonsvedtaket kan påklagast til Riksantikvaren. Ein eventuell klage skal stilast til Riksantikvaren, men sendast til Hordaland fylkeskommune innan tre veker frå vedtaket er motteke, jf. forvaltningslovas §§ 28, 29.

Profilbilde av Erlend Hofstad
Erlend Hofstad
55378024
Profilbilde av Ole Vegard Skauge
Ole Vegard Skauge
55378057