Kulturminnevern og museum

Regional kulturplan for Hordaland 2015-2025

Alle kulturminne ligg i eit lokalsamfunn og lokal forvalting er grunnstamma i det norske kulturminnevernet. Befolkningsvekst endrar bygdene, byen og tettstadene i Hordaland. Kulturminnevern og museumsarbeid kan fungere som ein raud tråd i endringsprosessane, sette utviklinga i perspektiv eller fylle rolla som tradisjonsberar.

Sjå planen

Hordaland fylkeskommune er forvaltningsstyresmakt med myndigheit etter kulturminnelova, og tek i vare ei rekkje statlege og regionale oppgåver innafor kulturminnevernet.

Kulturminne er eit mangesidig omgrep som omfattar alle spor etter menneskeleg verksemd i det fysiske miljøet. Kulturminna er ei viktige kjelder til vår eiga historie, og kan gje oss unike opplevingar. Regional politikk er at omsynet til kulturminna skal sikrast gjennom all lokal og regional utvikling og arealplanlegging. Fylkeskommunen skal òg vere ein viktig utviklingsaktør innan kulturminnevernet i Hordaland.

Fylkeskommunen gjev fråsegn til tiltak og planar som rører ved kulturminne, kulturmiljø og kulturlandskap av regional og nasjonal verdi. Fylkeskommunen har ansvar for å gjennomføre arkeologiske registreringar i plansaker.

Hordaland fylkeskommune er forvaltingsmynde for freda kulturminne frå nyare tid og utarbeider nye fredingsforslag. Fylkeskommunen har fleire tilskotsordningar knytt til kulturminnevern. Fylkeskommunen gjev generell rettleiing og kan òg gje råd i einskildsaker om riving, vedlikehald eller ombygging av verneverdige bygningar.

Hordaland er eit stort museumsfylke med ti konsoliderte museum. Gjennom ein aktiv museumspolitikk arbeider vi for å gi gode rammevilkår for musea og deira arbeid med historia og kulturarven. Tildeling av museumsplanmidlar er eit sentralt verkemiddel.

Tenester og tilskot

Aktuelle saker handsamast i utval for kultur, idrett og regional utvikling

Sjå heile oversikta

Døme på kulturminnearbeid i Hordaland

M/F «Skånevik»

Fartøyvern er eit viktig arbeidsområde for kulturminnevernet i Hordaland. Bilferja M/F «Skånevik»blei  freda i 2006, som eit av dei aller første fartøya i Noreg. Ho blei bygd i 1967 og gjekk i trafikk for reiarlaget HSD i nær 40 år. I dag er ferja eigd og dreve av den frivillige foreininga Ferjelaget «Skånevik».

Fartøyet er særs autentisk, i god stand og i aktiv og allsidig drift. Hordaland fylkeskommune spela ei nøkkelrolle i å sikra ferja som kulturminne, og sidan har ho fått fleire tilskot frå tilskotsordninga for freda og verneverdige fartøy. Dette har vore eit viktig bidrag til å ta vare på M/F «Skånevik».

Munketreppene i Ullensvang

Skjøtsel og restaurering av kulturminne i samarbeid med kommunar, grunneigar og frivillige er eit satsingsområde for Hordaland fylkeskommune. Munketreppene er ei trappeslepe i Ullensvang. Den er del av Søre Nordmannsslepa og freda av kulturminnelova.

Trappene var slitt og i ferd med å bli øydelagt. Lokale eldsjeler har oppretta venelaget  «Munketreppenes Vener» og tatt initiativ til å få restaurert trappene. Det blir lagt ned stor innsats på dugnad, og Venelaget har hyrt inn sherpaer til å gjennomføre steinarbeidet.