Bibliotekstatistikk

Ei av fylkesbiblioteket sine oppgåver er å rettleie folkebibliotek og skulebibliotek som skal avlevere statistikk til Nasjonalbiblioteket, og å sikre kvaliteten på denne statistikken.

Vi analyserer den regionale bibliotekstatistikken, og brukar den som bakgrunn for arbeidet vårt med bibliotekutvikling.

Biblioteka rapporterer statistikk til Nasjonalbiblioteket ein gong i året, i løpet av 1. kvartal påfølgjande år.