Bibliotek i vidaregåande skule

Skulebiblioteket skal støtte og fremje dei utdanningsmåla som er nedfelt i målsettinga til skulen og i læreplanar.

Skulebiblioteket er ein institusjon som kan nyttast for å nå målsetjinga både om auka læringsutbytte og hindre fråfall.

Korleis arbeider vi med dette?

Fylkesbiblioteket er rådgjevande organ for skulebibliotekarar i Hordaland. Vi svarer på spørsmål, besøkjer skular og arrangerer kurs for dei tilsette på skulebiblioteka. Vi deltek også i planlegginga av nye skulebibliotek i fylket.

Hordaland fylke har vedtatt ein strategiplan for utvikling av skulebiblioteka i dei videregåande skulene.

It’s learning

Skulebibliotekarane i Hordaland har eit område på læringsplattforma It’s learning der det vert lagt ut lenkjer til felles ressursar. Sida fungerer også for ein diskusjonsplass der ein kan lufta ulike problemstillingar.

Litteraturbloggen Lesehorden

Skulebibliotekarane har ein blogg der dei formidlar litteratur for elevar, lærarar og andre skulebibliotekarar

Profilbilde av Anne Haugen Pihl
Anne Haugen Pihl
55239387