Prosjektarbeid

Fylkesbiblioteket driv ei rekkje utviklingsprosjekt i samarbeid med folkebiblioteka og biblioteka i dei vidaregåande skulane i Hordaland.

Mange av prosjekta er delfinansiert av Nasjonalbiblioteket. Biblioteka i fylket driv også prosjekt på eigen hand eller i dei interkommunale biblioteksamarbeida.

Rettleiing i og verkstader om prosjektsøknader

Fylkesbiblioteket rettleier bibliotek/biblioteksamarbeid i deira søknadsskriving. Før søknadsfristen til Nasjonalbiblioteket, arrangerer vi ofte verkstad i søknadsskriving for dei biblioteka som ønskjer å søke. På verkstaden går ein gjennom kriterier for gode søknader og har idédugnad rundt aktuelle og spiranden prosjektidear. Fylkesbiblioteket gjev også individuell rettleiing på enkeltsøknader.

Pågåande prosjekt ved fylkesbiblioteket

Prosjektet «Sterk, Spenstig og klar», 2014-2016

Prosjektet har som mål at innbyggjarane i Hordaland skal oppleve fornya biblioteklokale og meir aktiv formidling i det fysiske og digitale bibliotekrommet, biblioteka i Hordaland skal systematisk og planmessig bli betre i stand til å oppfylle den nye formålsparagrafen i biblioteklova, og at partnarskap mellom dei regionale samarbeida og fylkesbiblioteket skal styrkast.

Prosjektet har fem strategiar:

  1. Utvikle fem folkebibliotek til modellbibliotek – eit i kvar samarbeidsregion
  2. Auke medvit og kunnskap om samlings- og romutvikling, digital kompetanse og arrangørkompetanse hjå alle tilsette i folkebiblioteka
  3. Auke tal på besøk og arrangement i folkebiblioteka
  4. Auke digital formidling og innhaldsproduksjon
  5. Profilere biblioteka sitt nye samfunnsoppdrag