Litteratur og formidling

Fylkesbiblioteket samarbeider med biblioteka  om å  vidareutvikle aktiv formidling av litteratur og andre media, og fungere som lokale litteraturhus

Vi arrangerer kurs og møte, og legg til rette for samarbeid. Ut frå tilgjengelege ressursar kan vi organisere og støtte turnear i biblioteka. Vi hjelper biblioteka til å forbetre formidlinga både i dei fysiske romma og via nettsidene. Fylkesbiblioteket set i verk nasjonale program i regionen og initierer nye tiltak innan litteraturformidling og lesestimulering. Målet er at innbyggjarane i Hordaland møter moderne og attraktive bibliotek, med tilbod til ulike brukargrupper.

Barn og unge er viktige målgrupper, og saman med skulane/skulebiblioteka er folkebiblioteka sentrale når det gjeld kompetanse på lesing og litteraturformidling. Leseglede, lesedugleik og rett bok til rett lesar, er nokre stikkord. Nynorsk litteratur får særleg merksemd i mange kommunar i Hordaland.  

Leseknappen

Målet med Leseknappen er å støtte opp under den første leseopplæringa. Hovudmålgruppa er elevar i 2. klasse, som har eller er på veg til å knekke lesekoden.

I opplegget er det eit samarbeid mellom folkebibliotek, skule og foreldre. Folkebiblioteka sender ut brev til skular, med invitasjon og informasjon om Leseknappen. Barna vitjar folkebiblioteket med klassen og får med seg heim informasjon om Leseknappen, eit lesekort og ei forslagsliste over bøker. Barna står sjølvsagt fritt til å velje kva bøker dei vil lese. Målet er å skape leselyst og lesedugleik. Når barnet har lese ti bøker, kan det levere lesekortet på biblioteket og få overrekt Leseknappen. Det er ingen tidsfrist for innlevering av lesekortet.

Leseknappen er et flott emaljert jakkemerke i fargar, utforma av Elisabeth Moseng, som også har illustrert fleire barnebøker. Opplegget rundt Leseknappen blei først utvikla for Lenvik bibliotek.
For å auke menga av bøker til Leseknappen, har fylkesbiblioteket oppdatert klassesettsamlinga med bøker til denne målgruppe. Dei fleste bøkene er på nynorsk, men vi har også kjøpt nokre sett på bokmål.

Turnear 

Ut frå tilgjengelege ressursar kan vi organisere og støtte turnear i biblioteka.