Lesegledar

Vil du ha besøk av ein lesegledar? Det er ein bokelskar som ønskjer å gi andre eit godt og inspirerande møte med bøker. Målet er å vekkje leselyst og leseglede hos barn og unge.

Kven er vi?

I Hordland har vi snart 15 aktive lesegledarar. Lesegledarane har gått på kurs gjennom Nynorsksenteret og Hordaland fylkesbibliotek, og frå 15. september 2017 er ordninga i gang.

Du kan bestille ein lesegladar allereie no!

Lesegledarar er eit samarbeidsprosjekt mellom Sogn og Fjordane, Rogaland og Hordaland fylkesbibliotek. Lesegledarane har eit godt overblikk over ny barne- og ungdomslitteratur, og spesielt den nynorske litteraturen.

Kva vil vi?

Lesegledarane ønskjer å formidle til barn og unge. Men vi når gjerne og ut til lærarar eller foreldre som er mellom boka og barnet. Ei økt med ein lesegledar kan ha mange former og ulike tilhøyrarar. Det kan dreie seg om ei rolig lesestund for ei gruppe, presentasjon av korte smakebitar for å vekke leselyst eller framsyning av eit utval aktuelle bøker for målgruppa. Kvar og ein legg opp lesegledarøkta etter nærare avtale med oppdragsgjevar.

Vi kjem til deg

Lesegledarane kan kome til barnehagen eller klasserommet, til biblioteket, foreldremøte eller personalmøte – eller til andre typar samlingar der du ønskjer å få presentert barne- og ungdomsbøker.

Pris/kostnadar

Nynorsksenteret og Hordaland fylkesbibliotek betalar honoraret, oppdragsgjevar dekkjer reise og eventuelt kostgodtgjersle. Dersom vi får mange førespurnader, kan fylkesbiblioteket prioritere eit utval for å fordele ordninga på ulike målgrupper og regionar. Tal på oppdrag vil vere avhengig både av økonomiske rammer og lesegledarane sin kapasitet i høve til arbeidsoppgåver elles.

Profilbilde av Vanja Marie Øyrås
Vanja Marie Øyrås
55239372