Kompetanseutvikling - kurs og samlingar

Kompetanseutvikling er ei av fylkesbiblioteket sine hovudoppgåver. Vi arrangerer kvart år ei mengde kurs, seminar, verkstader og konferansar for å auke kompetansen til dei bibliotektilsette i fylket.

Mål

Målet er at bibliotekpersonalet skal ha den kompetansen som er naudsynt for å nå mål, møte nye utfordringar og levere gode tenester til innbyggjarane.

Tiltak

Fylkesbiblioteket arbeider med kompetanseutvikling gjennom to hovudtiltak:

Eit av tiltaka er å kartlegge behov, og utarbeide og gjennomføre planar for systematisk kompetanseutvikling av bibliotektilsette. Tilbodet av kurs og samlingar er ein del av dette arbeidet.

Vi arbeider også for at dei fem etablerte biblioteksamarbeida i fylket skal fungere som faglege fellesskap for kunnskapsdeling og kompetanseutvikling. Fylkesbiblioteket har sett inn tiltak for å oppnå dette, mellom anna er det etablert eit eige forum for koordinatorane av samarbeida.

Har du kursønskje?

Er du tilsette i eit bibliotek i Hordaland og har eit kursønskje? Ta kontakt med fylkesbiblioteket.

Profilbilde av Terje Haugsgjerd
Terje Haugsgjerd
55239373
Profilbilde av Kontakt fylkesbiblioteket
Kontakt fylkesbiblioteket
55 23 93 76