Klassesett for grunnskular i Hordaland

Klasse- og gruppesettsamlinga er eit tilbod til grunnskular og bibliotek i Hordaland utanfor Bergen.

Mange av bøkene er på nynorsk og i 30 eksemplar, og vi har bøker for elevar frå 1. – 10. klasse. Vi har spesielt kjøpt inn ein del bøker som høver til Leseknappen og den første leseopplæringa. 

Lånetida er fem veker. Ta kontakt om du vil fornye bøkene. Det kan vere venteliste.  

Samlinga er plassert i 4. etasje på fylkeshuset i Agnes Mowinckelsgt. 5 i Bergen. Vi sender bøkene med posten og betalar porto, og lånar betalar for porto for retur til fylkeshuset (vi har dessverre ikkje transportordning via folkebiblioteka for klassesett).

Returadresse: Hordaland fylkeskommune, fylkesbiblioteket, postboks 7900, 5020 Bergen.

Oppskrift på bestilling:

  • Finn boka i katalogen. 
  • Klikk på boktittel eller bilete av framsida av boka.
  • For å låne bøker, kan du bruke "Bestill kopi" og fylle ut skjemaet.
  • Når du er inne i skjemaet, vil du kunne sjå kor mange eksemplar vi har og kor mange som er ledige. Om boka er utlånt, vil du sjå kor lenge bøkene er utlånte, og du kan setje deg på venteliste ved å bestille bøkene. Fint om du då skriv at du ønskjer å reservere i kommentarfeltet.

Meld gjerne inn forslag til bøker som du ønskjer at vi kjøper inn til samlinga. 

Kategoriar:

Nynorsk:

1-3. klasse

4-5. klasse

6-7. klasse

Ungdomsskule

Bokmål:

1-3. klasse

4-5. klasse

6-7. klasse

Ungdomsskule

Lettlest:

1-3. klasse

4-5. klasse

6-7. klasse

Ungdomsskule

Profilbilde av Åshild Selbakk Knarvik
Åshild Selbakk Knarvik
55239376
Profilbilde av Helge Skurtveit
Helge Skurtveit
55239372