Bokbåten Epos

Bokbåten Epos er ein fylkeskommunal teneste til utkantstrok som ikkje har andre etablerte bibliotek- og kulturtilbod i nærleiken.

To gonger i året

To gongar i året vitjar Epos øyar ytst i havet og bygder inne i fjordane med litteratur og kulturtilbod. Dei omlag 50 stoppestadane får enten besøk i skuletida, eller det er familiestopp i helgane og på ettermiddagar. Mange av anløpa er særleg retta mot barnehagar og skular.

Kulturtilbod

På kvar tur har bokbåten eit kulturprogram retta mot barn og familiar. Fylkesbiblioteket samarbeider med Den kulturelle skulesekken om kulturtilbodet. Kulturtilbodet er også støtta av Hordaland folkeakademi. I dei seinare åra er det også etablert vaksenprogram om bord på kvelds- og ettermiddagsstoppa.

Drift

Bokbåten Epos blir i dag drifta i eit samarbeid mellom fylkeskommunane Hordaland og Møre og Romsdal. Båten er eigd av Vinnes Skyssbåtservice AS, som leiger ut båten til bokbåtverksemd i haust og vintersesongen.

Bokbåttenesta i Hordaland starta i 1959, Epos har vore i teneste som bokbåt sidan 1963.

Profilbilde av Sigrid Furnes
Sigrid Furnes
55239984