Bibliotektransport

Fylkesbiblioteket i Hordaland  ivaretek ansvaret sitt  med å organisere lånesamarbeidet i fylket mellom anna ved å legge tilrette for ein god infrastruktur.

Eit verkemiddel i dette arbeidet er koordinering og delfinansiering av felles bibliotektransport.

Målsettinga for lånesamarbeidet er at brukarane skal få eit betre samla bibliotektilbod. Ved å leggje til rette for gode og tenlege løysingar, mellom anna for transport, kan ein betre utnytte dei samla bibliotekressursane.

Kva er bibliotektransport?

Bibliotektransport er transport av materiale mellom bibliotek i Hordaland og vidare til bibliotek i heile landet på ein enkel og kostnadseffektiv måte. Bibliotektransporten har utgangspunkt i ei fastprisavtale som gjer at biblioteka og fylkeskommunen betaler det same uavhengig av kor mye ordninga blir brukt.

Transportordninga gjer det lettare og billegare for biblioteka å låne ut sine media til lånarar ved andre bibliotek, og dei kan òg gje sine eigne lånarar tilgang til breiare samlingar utan at dette kostar alt for mykje. 

Slik fungerer tenesta

Biblioteket merker dokumentet dei skal senda frå seg med eit sjusifra biblioteknummer. (Ein skal ikkje klistre att konvoluttar.)

Alle biblioteka i ordninga har ei kasse frå Norsk Bibliotek Transport A/S hos seg. Legg alle dokumenta i kassa. Det er ikkje naudsynt å sortere. Kassa vert henta på avtalt dag.

Ved spørsmål, ta kontakt med NBT på telefon 23140325 eller på epost.

Ruter for transportordninga

Oversyn over transportrutene finn du på heimesidene til NBT.

Avvik

Om de opplever avvik i samband med bibliotektransporten, ber vi om at de melder frå på avvikskjemaet som ligg til høgre i denne artikkelen. Vêr så konkret som mogleg i skildringa, og meld inn avvik med ein gong dei oppstår.

Materiale som kjem bort eller vert skadd under transporten, skal erstattast av transportøren, og for at det skal kunne skje må de melde inn avvik.