Fylkesbiblioteket

Regional kulturplan for Hordaland 2015-2025

Biblioteka gjev alle lik tilgang til informasjon, kunnskap, litteratur og kulturelle opplevingar, og dermed til personleg utvikling.

Sjå planen

Fylkeskommunen ivaretar regionale bibliotekoppgåver og regional bibliotekutvikling. Fylkesbiblioteket er bibliotekfagleg rådgivar for kommunane og biblioteka i vidaregåande opplæring. Vi initierer, leier, finansierer og støttar utviklingsarbeid i biblioteka i Hordaland, og har i samarbeid med kommunane utvikla fem regionale biblioteksamarbeid.

Ei kjerneoppgåve er å utvikle og oppdatere  kompetansen til bibliotektilsette i fylket gjennom strategisk arbeid, kurs, konferansar og andre kompetansehevande tiltak.

Fylkesbiblioteket sikrar innbyggjarane i Hordaland tilgang til e-media og digitale ressursar, organiserer og delfinansierer ei transportordning mellom bibliotek, og utviklar biblioteknettstader i fylket i samarbeid med bibliotektilsette og ulike fagmiljø i landet. Fylkesbiblioteket driftar bokbåten.

Tenester og tilbod

Aktuelle saker handsamast i utval for kultur, idrett og regional utvikling

Sjå heile oversikta

Døme på kva vi arbeidar med

Kulturbanken i Granvin kommune

Eit innsatsområde i Regional kulturplan 2015-2025 er å gje innbyggjarane tilgang til moderne og attraktive bibliotek. Prosjekt Sterk, spenstig og klar, med utviklingsmidlar frå Nasjonalbiblioteket, har gripe inn i fleire oppgåver på bibliotekfeltet.

Ein av strategiane er å utvikle eit modellbibliotekprogram. Dette har medverka til å modernisere folkebibliotek i tråd med biblioteklova sin paragraf om aktiv formidling og biblioteka som uavhengige møteplassar og arenaer for offentlig samtale og debatt. Eit av 13 bibliotek som har fått støtte, er Granvin som har utvikla eit fleirbruksrom og storstove. Biblioteket er flytta til nye lokale og har i praksis vorte eit nytt kulturhus i kommunen. «Kulturbanken» er meirope, dvs. at lokalet er tilgjengeleg for publikum utanom betent opningstid.

Relativt små fylkeskommunale såmidlar, løyste her ut stort lokalt engasjement, og lokal investeringsvilje.

Utvikling av biblioteknettstader

Fylkesbiblioteket har i ei årrekkje arbeidd målretta med å utvikle biblioteknettstader saman med folkebiblioteka og ulike leverandørar.

Open kildekode og innhaldsdeling er sentrale element i dagens nettsidesatsing, og vidare arbeid på dette området vil gå føre seg på publiseringsplattforma Wordpress. Det er no nesten 100 bibliotek i Noreg som nyttar Wordpress, noko som gir eit godt grunnlag for å arbeide vidare med innhaldsutvikling og deling av funksjonalitet, innhald og kompetanse. Fylkesbiblioteket vil framover fokusere meir på korleis vi kan lette arbeidet for biblioteka ved å leggje til rette for at dei enkelt kan dele kvalitetssikra innhald på biblioteknettstadene sine.