Dialogmøte - Regional plan for kompetanse og arbeidskraft

Korleis sikre betre balanse mellom tilbod og etterspurnad etter arbeidskraft i den regionale arbeidsmarknaden? Og korleis sikre samarbeidsformer som held seg trass konjunktursvingingar.  Deltek i debatten før planutkastet vert lagt fram for fylkesutvalet og sendt ut på høyring.

I samarbeid med relevante aktørar er det utarbeidd eit utkast til Regional plan for kompetanse og arbeidskraft. Målsettinga med planarbeidet er å sikre betre balanse mellom tilbod og etterspurnad etter arbeidskraft i den regionale arbeidsmarknaden. I tillegg ønskjer vi å få til betre samarbeidet mellom aktørar innan utdanningsfeltet og arbeidslivet som grunnlag for å utvikle tiltak. Målet er å utvikle samarbeidsformar som kan vare utover planperioden og uavhengig av konjunktursvingingar.

Føremålet med møtet er å få innspel på det arbeidet som er gjort så langt.

Merk: Ved påmelding tilrådast bruk av Internet Explorer (nettlesar).

Planprogram Regional plan for kompetanse og arbeidskraft

Program:

Møteleiar: Bård Sandal, fylkesdirektør regional utvikling, HFK

09:45 - 10:00: Registrering/ og kaffe

10:00 - 10:15: Velkomen v/ Alexander Fosse Andersen, nestleiar i Opplærings- og helseutvalet i HFK og leiar for styringsgruppa

10:15 - 10:45: Kvifor er regionale kompetansestretagiar viktig? v/ Avdelingsdirektør Bjørn Barvik, Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD)

10:45 - 11:45: Presentasjon av utkast til Regional plan for kompetanse og arbeidskraft, v/ Seksjonsleiar Kathrin Jakobsen, Forsking, internasjonalisering og analyse, HFK

11:45 - 12:30: Lunsj

12:30 - 13:45:
Erfaringar og refleksjonar: Korleis utvikle nye utdanningstillbod? v/ Anne Jacobsen: NCE Media
Bedrifters ansvar for å ta inn lærlingar. v/ Morten Mjeldheim, OKEL/Nelfo
Karriererettleiing til innbyggjarane. v/ Gro Jensen Gjerde, leiar Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Kompetansebehov i små og mellomstore bedrifter, v/ Sigmund Kvernes, Gode Sirklar
Korleis behalde kompetansen i regionen?, v/ Atle Kvamme, Bergen Næringsråd

13:45 - 14:00: Pause

14:00: - 15:00: Paneldebatt: Korleis få til eit godt forpliktande samarbeid om regional kompetansepolitikk i Hordaland?
Paneldeltakarar: Universitet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet, NAV, NHO, LO, Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune
Debattleiar: Heidi Bjønnes Larsen

15:00 - 15:15: Oppsummering og vegen vidare: v/ Svein Heggheim, fylkesdirektør opplæring, HFK

Profilbilde av Kathrin Jakobsen
Kathrin Jakobsen
98255253