Internasjonalt

Internasjonal strategi Hordaland fylkeskommune 2013-2016:

Det internasjonale arbeidet skal bidra til ei berekraftig utvikling av Hordaland som ein attraktiv og konkurransedyktig region, og at ungdom får internasjonal kompetanse, erfaring og medansvar.

Internasjonalt samarbeid er ein del av Hordaland fylkeskommune sin innsats for å utvikle regionen.  Målet er å utvikle Hordaland til ein attraktiv og nyskapande region, og å gi ungdom internasjonal kompetanse, erfaring og medansvar. Arbeidet er knytt til fylkeskommunen sine oppgåver innan kultur, samferdsle, regional utvikling, opplæring og helse.

Ved å samarbeide internasjonalt kan vi finne løysingar på utfordringar som  er felles for fleire regionar og land. Vi samarbeider med fleire europeiske regionar og deltek i internasjonale organisasjonar. Hordaland fylkeskommune er også medeigar i Vest-Norges Brüsselkontor.

Arbeidet vårt er særleg retta mot EU og EØS. Her finn vi dei viktigaste programma for prosjektsamarbeid og støtte. Vi arbeider for å auke deltakinga i EU/EØS-prosjekt i kommunar, organisasjonar og næringsliv. Vi bidrar med kunnskap om rammevilkår og gir råd til dei som ønskjer å søke om prosjektsamarbeid og støtte.

Tilskot og samarbeid

Vi bistår og rettleiar i søknadsprosessen og søkjer sjølv om midlar til dei europeiske programma Erasmus+, Interreg og Horisont 2020, i tillegg til EØS-midlane. Vi kan og hjelpe med informasjon om internasjonale organisasjonar og samarbeidsprosjekt.

Dei siste utgåva av vårt internasjonale nyheitsbrev

International newsletter

Ut i verda

Hordalandsungdom på klimaforum i Dublin

- Å være med på klimaforum i Dublin var både kjekt og lærerikt, fortel Oda Johanna Agdal. Ho var ein av seks ungdomar frå Hordaland som deltok på konferansen i oktober i fjor. Reise og opphald blei dekt gjennom programmet Erasmus + Aktiv ungdom, og organisert av fylkeskommunen.

Oda Johanna fekk også med seg ein kollega frå Natur og ungdom, i tillegg var fire ungdomar frå Ungdommens fylkesutval og Changemaker Hordaland med på turen.

- Hordaland fylkeskommune har god kompetanse på fleire EU-program som Erasmus+, Interreg og Horisont 2020, som vi kan delta i gjennom EØS-avtalen, sier Barbara Harterink I Hordaland fylkeskommune.

Spennande skuleår i Normandie

- Skuleåret i Frankrike var ei flott utfording på fleire måtar, fortel 18 år gamle Amalie Hefre Lie (til høgre på biletet). Saman med 14 andre skulelevar frå Hordaland tok ho andre året på vgs i Normandie, i regi av Voss gymnas. Det har ho ikkje angra på.

- Eg lærte språket godt, fikk mange nye vener, og ikke minst lærte eg mykje om meg sjølv, fortel ho om året som elev ved Lycée Mézeray i Argentan.

- Dette er ein tøff og flott gjeng, seier Jorid Skiple om elevane frå Hordaland. Ho er koordinator for skuleopplegget i Normandie, og til dagleg lærar på Voss gymnas. For mange er det ein svært stor overgang, men dei fleste kjem styrka ut av året i Normandie, seier ho.