Utviklingsstipend innan idrett

Hordaland fylkeskommune deler kvart år ut utviklingsstipend til unge trenarar, leiarar, utøvarar og dommarar. Særkretsar innan idretten i Hordaland kan søkje om 25000 kroner i utviklingsstipend til ein individuell utøvar.

Kva kan støttast?

Det vert gjeve fem utviklingsstipend, kvart på 25 000 kroner.

Stipendet vert delt ut til utøvarar, trenarar, leiarar og dommarar frå Hordaland som markerer seg med gode nasjonale og internasjonale prestasjonar innan sin idrett. Ein person kan berre motta stipendet ein gong.

Føremål med ordninga

Målet med stipendet er å gje mottakarane høve til å vidareutvikle seg innan den aktuelle idretten. Stipendet skal også vere ein stimulans til vidare satsing.

Ytterlegare moment ved vurdering av søknad

Ved tildeling av stipend vil desse kriteria verta lagde vekt på:

  • Idrettsprestasjonar
  • Potensiale
  • Planar for vidare satsing innan idrett
  • Aldersgrupper: Utøvarar: 16 – 25 år
  • Trenarar, leiarar og dommarar: 20 – 35 år

Utøvarar som får toppidrettsstipend frå OLT fell utanfor målgruppa.

Søknadskrav, sakshandsaming og vedtak

Innstilling vert gjort av Olympiatoppen region Vest-Norge, medan Utval for kultur, idrett og regional utvikling (Hordaland fylkeskommune) vedtek tildeling. 

Oppfølging, rapportering og kontroll

Mottakaren skal innan påfølgande år gje ein kort skriftleg rapport om korleis stipendet har vore nytta.

Klage

Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan ein frist på tre - 3 - veker. Fristen vert rekna frå den dagen søkjar mottok melding om vedtaket. Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans. Ei klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det vert klaga over, årsaka til at det vert klaga og kva endringar ein meiner bør gjerast, og sendast til Hordaland fylkeskommune, Postboks 7900, 5020 Bergen eller hfk@hfk.no.

Vi gjer merksam på at søkjarar etter Forvaltningslova har rett til å gjere seg kjend med dokumenta i saka med dei avgrensingane som følgjer av §§ 18 og 19.