Premiering – idrettsarrangement

Til store idrettsarrangement er det mogleg å søkje Hordaland fylkeskommune om sølvpokal til premiering. For yngre klassar kan du søkje om gåvepremie.

Kven kan søkje

Det er mogleg å søkje om premiering til arrangement skipa til av Norges idrettsforbund, Det Frivillige Skyttervesen og/eller underliggjande organisasjonsledd.

Kva kan støttast

Det er mogleg å søkje om premiering til norske og internasjonale meisterskap på junior og seniornivå.

Det gis støtte til tinnfat, pokalar og kunstverk med idrettsmotiv.

Søknadskrav, sakshandsaming og vedtak

Søknad om premiering skal innehalde informasjon om type meisterskap, idrettsgrein, kva for klassar det skal premierast i og om Hordaland fylkeskommune har støtta liknande arrangement tidlegare.

Klage

Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan ein frist på tre - 3 - veker. Fristen vert rekna frå den dagen søkjar mottok melding om vedtaket. Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans. Ei klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det vert klaga over, årsaka til at det vert klaga og kva endringar ein meiner bør gjerast, og sendast til Hordaland fylkeskommune, Postboks 7900, 5020 Bergen eller hfk@hfk.no.

Profilbilde av Tore Andersen
Tore Andersen
98255249