Arrangementstilskot til nasjonale og internasjonale seniormeisterskap

Idrettslag og særforbund kan søkje tilskot for store nasjonale og internasjonale seniormeisterskap som skapar stort engasjement, samhald, motivasjon til idrettslig satsing og positive ringverknadar for næringslivet.

MERK!

Denne ordninga vil få nye retningslinjer i mars. Nye retningslinjer og ny søknadsfrist kjem så snart som mogleg.

Kven kan søkje

Idrettslag/særforbund tilknytta Norges idrettsforbund, Norges Jeger- og Fiskerforbund, Det Frivillige Skyttervesen og Norges Bilsportsforbund. Andre blir vurdert særskilt.

Kva kan støttast

Ordninga gjeld nasjonale og internasjonale seniormeisterskap og meisterskap som er likestilt med nasjonale meisterskap som til dømes landsskyttarstevne.

Fylkeskommunen skal profileras under meisterskapet.

Ytterlegare moment ved vurdering av søknad

Vurderingskriteriar:

  • Tal og geografisk spreiing på deltakarar
  • Rekruttering og opplæring av frivillige
  • Budsjett, krav om kommunal medverknad
  • Nasjonal mediedekning
  • Ringverknadar for lokalt næringsliv

Oppfølging, rapportering og kontroll

Fristen for rapportering er 6 månadar etter gjennomført meisterskap.

Klage

Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker. Fristen blir rekna frå den dagen søkjar mottok melding om vedtaket. Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans. Ein klage må innehalde opplysingar om kva vedtak det blir klaga over, årsaka til at det blir klaga og kva endringar ein meiner bør gjerast, og sendast til:

Hordaland fylkeskommune
Postboks 7900
5020 Bergen

Du kan og klage via hfk@hfk.no.

Profilbilde av Britt Karen Spjeld
Britt Karen Spjeld
456 66 326