Idrett

Regional kulturplan 2015-2025

Mål: 1. Barn, ungdom og personar med særskilde behov skal få eit variert aktivitetstilbod i idretten. 2. Unge, lovande idrettsutøvarar og toppidrettsutøvarar skal få utvikle seg i lokalmiljøa/regionen.

Sjå plan

Idretten i Hordaland spelar ei viktig rolle i lokalsamfunna. Idrettslaga skaper sosiale fellesskap, trygge oppvekstmiljø og levande lokalsamfunn. Nesten ein av tre nordmenn gjer gratisarbeid for idretten, og 35-44-åringar med barn er dei mest aktive.

Gjennom samarbeid med kommunane kan inaktive, fleirkulturelle og personar innan psykisk helsevern få ein meir aktiv kvardag og bli ein del av eit idrettsmiljø.

Hordaland fylkeskommune deler ut stipend til unge lovande utøvarar og trenarar. Vi markerar OL- og VM-medaljørar  for å stimulere og inspirere til vidareutvikling i den aktuelle idretten. Det blir også arbeidd aktivt i Hordaland for å skape eit breitt og variert tilbod til barn og ungdom, motarbeide topping av lag i barneidretten, trakassering, juks og ekskludering. Utfordringar knytt til doping har i tillegg fått ekstra fokus gjennom eit samarbeid med fylkeskommunen knytt mot dei vidaregåande skulane i fylket.

Tilskot og tenester

Aktuelle saker handsamast i utval for kultur, idrett og regional utvikling

Sjå heile oversikta

Gode eksempel

Dialogkonferansen

Hordaland fylkeskommune ønskjer å vere ein tilbydar av kompetanse og erfaring. Fylkeskommunen har ein regional politikk for utvikling av idrett og friluftsliv som skal føre til auka fysisk aktivitet, tilbod med lav terskel og inkludering og mangfald. Gjennom eigen politikk og samarbeid i gode nettverk i fylket, kan ein nå både lokale og regionale målsetjingar.

Kvart år arrangerer vi difor dialogkonferanse for kommunane og organisasjonane innanfor fagområda idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet. Konferansen går over to dagar og kommunane i Hordaland bytter på å vere vertskap. Tema og innhald vert utarbeidd av ein programkommite og speglar utfordringar, interesser og utvikling som kommunane ønskjer å ha fokus på.

Dialog-konferansen i september er ein god møteplass for kompetanseheving og erfaringsutveksling der kommunane og dei regionale organisasjonane deltek. I tillegg  til dialogkonferansen vert det invitert til fylkeskonferansen for kultur og idrett, samt ulike kurs, seminar og samrådingsmøter knytt til budsjetthandsaming og handsaming av tilskot.

Sykkel-VM og store meisterskap

Store nasjonale og internasjonale seniormeisterskap skapar stort engasjementet, samhald, motivasjon til idrettsleg satsing og positive ringverknader for næringslivet. Sykkel VM 2017 i Bergen vil bidra til utvikling av sykkelsporten i heile fylket, og det vil gje frivillige frå mange idrettar nyttig arrangementskompetanse og inspirasjon til vidare engasjement.

I 2013 vart det arrangert VM i Freestyle i Myrkdalen i Voss. Og året før var same kommune vertskap for land-skyttarstemnet. Og Ran Seilforening i Fjell arrangerte i august 2013 Verdsmeistarskap for Zoom 8-joller. Dette er eit knippe av store meisterskap som finn stad i Hordaland.

I tillegg til mediedekning og positiv ringverknad for næringsliv og lokalsamfunn, er slike arrangement viktig for rekruttering til dei ulike idrettane i fylket. Stipend til unge lovande utøvarar og trenarar, og markering av OL og VM medaljørar (senior), er med å stimulere og inspirere til vidareutvikling.