Tilskot til lågterskel fysisk aktivitet for born og ungdom

Kommunar og frivillige organisasjonar kan søkje på denne felles tilskotsordninga for tiltak innan fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv for barn og unge.

Tidlegare var det fire ulike ordningar, men no er dei samla i denne ordninga.

Kven kan søkje

Kommunar og frivillige organisasjonar. Det blir ikkje gjeve tilskot til fortenestebaserte verksemder.

Kva kan støttast

Prosjekt som gjer dei aktive vala enkle for barn og ungdom i lokalmiljøa. Tiltaka skal gje ny kompetanse og overføringsverdi til andre kommunar og organisasjonar.

Tiltak der målgruppa har medverka blir prioritert. Det blir oppmoda til samarbeid mellom kommunar og organisasjonar. Det blir ikkje løyvd tilskot til anlegg som kan søke spelemidlar eller til drift. Tiltak som har fått tilskot i tre år blir ikkje prioriterte.

Prioriterte prosjekt:

  • Tiltak som hindrar fråfall frå organisert aktivitet for ungdom
  • Tiltak for å nå minst ein time fysisk aktivitet kvar dag i grunn- og vidaregåande skule
  • Tiltak retta mot inkludering av fleirkulturelle gjennom idrett og friluftsliv
  • Lokale friluftslivstiltak som legg til rette for det enkle friluftslivet (dette kan også vere t.d. utandørs treningsapparat og felles utstyrsbankar)
  • Tilskot til oppstart og vidareutvikling av opne idrettsanlegg for eigenorganisert aktivitet for barn og ungdom
  • Dokumentasjon av turbruk ved å investere i teljepunkt

Gode prosjekt blir støtta med tilskot frå 10.000 til 100.000 kroner. Fylkeskommunalt tilskot kan ikkje vere høgare enn 50% av dei totale ressursane for prosjektet. Dugnad kan reknast som eigenfinansiering (inntil 300 kroner pr/time).

Føremål med ordninga

Ordninga skal bidra til å få fleire barn og unge i Hordaland aktiv kvar dag.

Ytterlegare moment ved vurdering av søknad

Følgjande vilkår må vere oppfylt for at tilskot skal kunne tildelast:

  • Midlane skal gå til prosjekt som gjer dei aktive vala enkle for barn og ungdom med hovudfokus på nærmiljøprosjekt.
  • Det kan ikkje søkast om tilskot til anlegg og ordinær drift av aktivitetar.
  • Tilskot til tiltaket kan ikkje overstige 50 % av den totale kostnaden.
  • Tiltaket må gjennomførast innan utgangen av tildelingsåret.

Tildeling av tilskot til søknadar som fyller  grunnvilkåra blir vurdert med utgangspunkt i formålet med ordninga, der det mellom anna. blir lagt vekt på følgjande moment:

  • I kva grad det har vore medverknad frå målgruppa i utvikling og gjennomføringa av tiltaket.
  • I kva grad det er samarbeid med andre aktørar (kommunar og organisasjonar).
  • I kva grad bygger tiltaket ny kompetanse og om det har overføringsverdi.

Kultur- og idrettsavdelinga førebur søknadane for politisk handsaming og vedtak i Utval for kultur, idrett og regional utvikling. Kvar søknad er eit einskildvedtak og innstilling skal grunngjevast i saksframlegget. Vedtak som fråvik frå fylkesrådmannen si innstilling skal også grunngjevast. Utvalet har møte ei gong i månaden.

Søknadskrav, sakshandsaming og vedtak

Søknaden skal innehalde tilstrekkeleg informasjon/dokumentasjon til at vedtak kan gjerast.

Søknaden skal fremjast på elektronisk søknadsskjema og m.a. innehalde: Dokumentasjon som kort gjer greie for målet for tiltaket, korleis arbeidet er planlagt gjennomført, kven som er involvert, framdriftsplan og ei skildring av korleis tiltaket skal vidareførast etter tilskotsperioden. Finansieringsplan/budsjett for tiltaket. Om tiltaket er støtta/søkt om frå andre fylkeskommunale/statlege tilskotsordningar, skal dette informerast om i søknaden. Mangelfull søknad vert ikkje handsama.

Oppfølging, rapportering og kontroll

Sluttrapport skal sendast Hordaland fylkeskommune innan 15. januar påfølgande år. Den skal innehalde:

  • Ei kort skildring av gjennomførte tiltak og ev. avvik frå planen for tiltaket.
  • Rekneskap m/oversikt over kostnader og finansiering.

Ev. dokumentasjon i form av foto, link til nettside, avisutklipp e.l. Hordaland fylkeskommune og fylkeskommunen sin revisor skal ha rett til innsyn i rekneskap og dokumentasjon i slik grad som fylkeskommunen og revisor finn naudsynt av kontrollomsyn. Administrasjonen kan gje utsetjing frå kravet om frist for innlevering av sluttrapport ved særlege høve. Brot på krava til rapportering/kontroll kan føre til at tilsegn vert gjort om heilt eller delvis.

Om tiltaket ikkje vert gjennomført skal midlane førast attende til fylkeskommunen. Vesentlege avvik frå prosjektsøknaden kan føre til tilsegn vert gjort om heilt eller delvis.

Klage

Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan ein frist på tre - 3 - veker. Fristen vert rekna frå den dagen søkjar mottok melding om vedtaket. Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans. Ei klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det vert klaga over, årsaka til at det vert klaga og kva endringar ein meiner bør gjerast, og sendast til Hordaland fylkeskommune, Postboks 7900, 5020 Bergen eller hfk@hfk.no.

Vi gjer merksam på at søkjarar etter Forvaltningslova har rett til å gjere seg kjend med dokumenta i saka med dei avgrensingane som følgjer av §§ 18 og 19.