Tilskot til regionale prosjekt knytt til folkehelse, sykkelvanar for barn og ungdom

Føremålet med tilskotsordninga er å bidra til å få fleire born og unge i Hordaland til å sykle som transport, rekreasjon og trening.

Kven kan søkje:

Frivillige organisasjonar og fylkeskommunen. Det vert ikkje gjeve tilskot til fortenestebaserte verksemder.

Kva kan støttast:

Regionale prosjekt med tiltak i minst tre kommunar med mål om varing endring i barn og ungdom sine sykkelvanar.

Tiltaka skal gje ny kompetanse og ha overføringsverdi til andre kommunar. Tiltak der målgruppa har medverka vert prioritert. Det vert oppmoda til samarbeid mellom det offentlege og organisasjonar. Tiltak for å nå minst 60 minutt fysisk aktivitet kvar dag i grunn- og vidaregåande skule vert prioritert.

Gode prosjekt vert støtta med tilskot frå kr 100 000 til kr 500 000. Fylkeskommunalt tilskot kan ikkje vere høgare enn 50 % av dei totale ressursane for prosjektet. Dugnad kan reknast som eigenfinansiering (inntil kr 300,- pr/time). 

Føremål med ordninga:

Ordninga skal bidra til å få fleire born og unge i Hordaland til å sykle som transport, rekreasjon og trening.

Bruken av desse midlane vert sett i samanheng med andre fylkeskommunale verkemiddel og ressursar frå kommunar, private og frivillige organisasjonar. Målet er at tiltaka skal kunne leve vidare også etter sykkel VM i 2017.

Krav til søknaden

Søknaden skal innehalde tilstrekkeleg informasjon/ dokumentasjon til at vedtak kan gjerast. Søknaden skal fremjast på elektronisk søknadsskjema og m.a. innehalde:

1. Dokumentasjon som kort gjer greie for målet for tiltaket, korleis arbeidet er planlagt gjennomført, kven som er involvert, framdriftsplan og ei skildring av korleis tiltaket skal vidareførast etter tilskotsperioden.

2. Finansieringsplan/budsjett for tiltaket. Om tiltaket er støtta/søkt om frå andre fylkeskommunale/statlege tilskotsordningar, skal dette informerastom i søknaden. Mangelfull søknad vert ikkje handsama.

Vilkår for tildelinga

Følgjande vilkår må vere oppfylt for at tilskot skal kunne tildelast: Midlane skal gå til prosjekt som gjer dei aktive vala enkle for barn og ungdom med hovudfokus på nærmiljøprosjekt. Det kan ikkje søkast om tilskot til anlegg og ordinær drift av aktivitetar. Tilskot til tiltaket kan ikkje overstige 50 % av den totale kostnaden. Tiltaket må gjennomførast innan utgangen av tildelingsåret.

Yttarlegare moment ved skjønnsutøvinga

Tildeling av tilskot til søknadar som fyller grunnvilkåra vert vurdert med utgangspunkt i føremålet med ordninga (jfr. pkt. 1), der det m.a. vert lagt vekt på følgjande moment:

1. I kva grad det har vore medverknad frå målgruppa i utvikling og gjennomføringa av tiltaket.

2. I kva grad det er samarbeid med andre aktørar (kommunar og organisasjonar).

3. I kva grad bygger tiltaket ny kompetanse og har overføringsverdi.

Rapportering/kontroll

Sluttrapport skal sendast Hordaland fylkeskommune innan 15. januar påfølgande år. Den skal innehalde:

1.    Ei kort skildring av gjennomførte tiltak og ev. avvik frå planen for tiltaket.

2.    Rekneskap m/oversikt over kostnader og finansiering.

Ev. dokumentasjon i form av foto, link til nettside, avisutklipp e.l. Hordaland fylkeskommune og fylkeskommunen sin revisor skal ha rett til innsyn i rekneskap og dokumentasjon i slik grad som fylkeskommunen og revisor finn naudsynt av kontrollomsyn. Administrasjonen kan gje utsetjing frå kravet om frist for innlevering av sluttrapport ved særlege høve. Brot på krava til rapportering/kontroll kan føre til at tilsegn vert gjort om heilt eller delvis.

Misleghald

Om tiltaket ikkje vert gjennomført skal midlane førast attende til fylkeskommunen. Vesentlege avvik frå prosjektsøknaden kan føre til tilsegn vert gjort om heilt eller delvis.

Klage

Vedtaket kan påklagast i medhald av forvaltningslova § 28. Klagenemnda for Hordaland fylkeskommune er klageinstans for vedtak knytt til midlar løyvd frå Hordaland fylkeskommune.

Profilbilde av Britt Karen Spjeld
Britt Karen Spjeld
456 66 326